Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Kampen for Dalsfjordbrua



Dalsfjordbrua har vore det mest omdiskuterte samferdsleprosjektet i fylket og skapt stor politisk strid. Utgangspunktet var ønskje om veg på nordsida av Dalsfjorden for at Askvoll skulle få samband med Førde og Dale via Bygstad. Men i 1974 gjekk Stortinget inn for bru over Dalsfjorden i staden for veg. Vegen fram til den planlagde brua vart påbyrja frå Eikenes på nordsida av Dalsfjorden, men brua kom aldri.

Her ser vi korleis Dalsfjordbrua er prosjektert i høve til landskapet. Brua er tenkt utført som hengebru med eit hovudspenn på 490 m og ei seglingshøgd på 42 m. Med viaduktane blir brua 680 m. Det vil og bli gang og sykkelveg. Kostnadene med brua var i 2001 rekna til 350 mill. Bruprosjektet er utarbeidd av Vegdirektoratet.

Her ser vi korleis Dalsfjordbrua er prosjektert i høve til landskapet. Brua er tenkt utført som hengebru med eit hovudspenn på 490 m og ei seglingshøgd på 42 m. Med viaduktane blir brua 680 m. Det vil og bli gang og sykkelveg. Kostnadene med brua var i 2001 rekna til 350 mill. Bruprosjektet er utarbeidd av Vegdirektoratet.

Eigar: Statens vegvesen Region Vest

Datering: 2001

Krav om veg rundt Dalsfjorden

Krav om samanhengjande veg på nordsida av Dalsfjorden vart reist av samferdselsnemnda og kommunestyret i Askvoll i 1932, og i 1933 slutta Gaular seg til dette kravet. Fjaler derimot ville ha ferje frå Eikenes til Dale og veg austover på sørsida til Osen (Bygstad). Saka vart utsett for nærare gransking i påvente av vederlagsplanen (økonomisk kompensasjon for jernbane i Sogn og Fjordane). I det endelege framlegget kom ingen av vegane med, men Dale-Osen kom med på det ordinære budsjettet i 1938-39.

Veg på nordsida vart ikkje lagt bort

I 1939 vart det bygt ein bygdeveg frå Sunde til Laukeland langs nordsida av Dalsfjorden. Først i 1955 vart det samanhengjande veg frå Laukeland til Bygstad. Då vegen Dale-Osen var ferdig på 1950-talet, vart det eit ønskje om å få veg vidare frå Laukeland til Eikenes, for å knyta bygdene på nordsida og sørsida av Dalsfjorden saman. I 1962 vart det samla inn 1200 underskrifter til støtte for dette. I 1967 prioriterte fylkestinget vegsambandet Laukeland-Eikenes på førsteplass av riksveganlegga i budsjettperioden 1970-79.

Usemje om prioriteringar i kommunestyret

I mellomtida hadde planane om vegsamband mellom Askvoll og Førde, langs Førdefjorden, dukka opp. Eit folkemøte i Askvoll kravde at Askvoll-halvøya måtte få vegutløysing mot nord, langs Førdefjorden i staden for langs Dalsfjorden. Kommunestyret i Askvoll delte seg i synet på lineval. Støtta til "Nordsidevegen" langs Dalsfjorden vart såleis mindre.

Frå "Nordsideveg" til brusamband

I 1970 slo Stortingsmelding nr 14 (Norsk vegplan) fast at det skulle byggjast bru over Dalsfjorden i 1980-åra. Under revisjonen av Norsk vegplan i 1973, kom Dalsfjord-sambandet inn. Staten ville no byggja veg frå ferjeleiet på Eikenes og austover til Otterstein med eit mellombels ferjesamband mellom Otterstein og Dale til det vart bygd bru over fjorden frå Otterstein til Nishammar. Planen tok sikte på at brua skulle stå ferdig rundt 1981.

Vegsamband Eikenes-Otterstein

Vegen vart sett på som eit ledd i vegutløysing for Askvoll-halvøya, med rundt 4600 innbyggarar, og ein ikkje så liten industri. Brua ville gjera riksvegferjesambandet Dale-Eikenes, med ein ferjetur på 25 minutt, overflødig. I 1974 starta vegbygginga frå Eikenes mot Nishammar. Ein del av midlane var ekstraordinære sysselsettingsmiddel. Overslaget for veganlegget Eikenes-Nishammar var i 1973 på 21 mill. kroner.

Løyvingane vart stogga

Til saman vart det bygt fire kilometer veg og tunnel før arbeidet vart stoppa av Stortinget i 1981. Det sto att 1,5 km veg med tunnelar fram til Otterstein. Årsaka til at anlegget vart stogga, var usemje mellom fylkestinget og Samferdselsdepartementet. Fylkestinget ville ikkje ta standpunkt til framdriftsplanen av di departementet med Stortinget bak seg, hadde valt ei dyrare løysing enn "Nordsidevegen", som var fylkestinget sitt alternativ. Stortinget hadde ikkje tilført fylket ekstra løyvingar slik fylkestinget hadde kravd.

"Skandalevegen" eit politisk problem

I Norsk Vegplan for perioden 1982-85 vart 50 mill. kroner tiltenkt anlegget, overførde til andre anlegg som bru over Norddalsfjorden, veg langs Hyefjorden og vegutbetringar i Hyllestad. Men den alt eksisterande vegen vart eit politisk problem. Dalsfjordprosjektet vart utsett på ubestemt tid og det skulle vurderast ved seinare revisjonar av Norsk Vegplan. Likevel skjedde det svært lite med den vidare framdrifta. "Skandalevegen", som kosta 13 mill. kroner, har sidan 1981 stått unytta og endar i fjellveggen. Sidan har aksjonsgrupper arbeidd iherdig for å få Dalsfjordbrua inn på statsbudsjettet.

For og mot bru

Eitt av argumentet mot bru har vore at trafikkgrunnlaget er for lågt dersom ein tek utgangspunkt i ferjetrafikken. Midt på 1990-talet utarbeidde vegkontoret ein prosjektrapport med grunnlag i trafikkprognosar frå SINTEF. Dei tok utgangspunkt i arbeidsplassar på kvar side av fjorden, den vidaregåande skulen i Dale og idrettshallen, og fekk eit høgare trafikktal. I 2006 vert det arbeidd med kommunedelplan og reguleringsplan der brua skal inn. Vegvesenet har utarbeidd konsekvensanalyse for tre alternativ: Dalsfjordbrua, eit nytt og kortare ferjesamband og det eksisterande ferjesambandet. Når planarbeidet er ferdig, vil kostnaden med prosjektet verta klarlagd.

Positivt vedtak i Fylkestinget

I handsaminga av Handlingsprogrammet til Norsk trafikkplan (NTP) for 2006-2015 gjekk fleirtalet i fylkestinget i 2005 inn for å prioritera Dalsfjordbrua. Senterpartiet, Arbeidarpartiet og Høgre oppnådde fleirtal for fullfinansiering av Dalsfjordbrua. Dei føresette at oppstart i 2009. Vegkontoret hadde prioritert riksveg 60 Olden-Innvik, då det var eit sterkt politisk ønskje om å prioritera det eksisterande vegnettet. Riksveg 60 har ein standard som ikkje står i høve til trafikken som går der, både når det gjeld berevne og vegbreidd. Faren for samanbrot er avgjort tilstades. Men denne gongen vann Dalsfjordbrua. Er så siste ordet sagt i debatten om Dalsfjordbrua?

Omkamp

Dersom Dalsfjordbrua får løyvingar frå 2009 i tråd med planane, vil brua bli bygd. Men om dette ikkje skjer, og det blir omkamp i Fylkestinget og eventuelt i Stortinget, kan det henda at situasjonen endrar seg. Slik sett kan ein seia at kampen om Dalsfjordbrua ikkje er heilt avgjort enno.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Dalsfjordbrua, Prospekt over "Dalsfjordsambandet". Aksjon Dalsfjordbrua 1998.
Steffensen, H.P. og Fitje, Rune: Rv anlegg Eikenes-Nishamar. I Vegstubben, s. 31-33, nr. 2 og 3-1975.
Dalsfjordbrua Sogn og Fjordane. Forprosjekt. Statens vegvesen 2001.

PERMANENT IDENTIFIKATOR