Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Foss bru i Hyllestad - eit vakkert kulturminne



Gamle Foss bru i Hyllestad er sagt å vera det fremste kulturhistoriske minnesmerket på "Den Trondhjemske Postvei". Brua sto ferdig i 1806 og var nytta heilt fram til det vart bygd ny bru i 1961. Etter lokalt initiativ tok Statens vegvesen på seg å restaurera brua i 1975-78.

Foss bru i Hyllestad vart bygd i 1806 etter generalveimester C. J. Hammer sin instruks. Brua er 106 meter lang, har 19 steinkar og 18 gjennomløp. Frå ein synfaringsrapport frå 1806 heiter det ".. retten fant denne kostelige Broe i alle Maader stærk og forsvarlig oppført, ja, endog at inneholde Evig Varighed."

Foss bru i Hyllestad vart bygd i 1806 etter generalveimester C. J. Hammer sin instruks. Brua er 106 meter lang, har 19 steinkar og 18 gjennomløp. Frå ein synfaringsrapport frå 1806 heiter det ".. retten fant denne kostelige Broe i alle Maader stærk og forsvarlig oppført, ja, endog at inneholde Evig Varighed."

Eigar: Statens vegvesen Region Vest

Datering: 1960

Fotograf: Ukjend

Trebru eller steinbru?

Då Foss bru sto ferdig i 1806, var ho bygd større og kraftigare enn det var notert ned i "Besigtigelsesforretningen av 5th Juli 1800." Brua var bygd over 30 m lengre enn fastsett, heile 106 m mot dei føreskrivne 69,5. Dei 19 steinkara er og kraftigare med 1 alen (0,62cm) meir, både i lengd og breidd, enn det som var tenkt. Brua erstatta ei gammal trebru frå 1787.

I utgangspunktet var det slett ikkje gitt at det skulle byggjast ei så stor bru over Fosselva. I dokument frå synfaringa i 1800 var det snakk om å reparera den gamle trebrua. Ho låg noko lenger oppe i elva, nærare fossen, og var 38 m lang og 3,8 m brei. Då det kom fram at brua ikkje ville stå i særleg mange år, vart det, etter ønskje frå generalvegmeister C. J. Hammer, vurdert å byggja brua litt nedanfor den gamle. Her var elva mykje breiare, og difor vart Lagretten og kaptein Hans Henrich Hornemann Holck, som møtte i staden for generalvegmeisteren, samde om å byggja steinbru.

Store kostnader

Dei laga også overslag for ei ny trebru. Trebrua ville ha kosta rundt 1290 riksdalar, medan steinbrua ville kosta rundt 1965 riksdalar. Dei detaljerte kostnadsoverslaga fortel at dersom ein skulle byggja ei trebru, måtte dei henta det meste av trevirket heilt inne i Kaupanger i indre Sogn. Det omfatta mellom anna dei kraftige langåsane, eit femtitals stokkar på over 8 m lengde og 30 tverrbjelkar på 5 m. Hammer var i prinsippet mot trebruer av di tømmeret rotna, prisane var høge, og tømmeret måtte fraktast langvegs frå.

Ei sterk og solid bru

Den planlagde steinbrua var langt dyrare enn ei trebru, og i tillegg fanst det ikkje så store steinheller i området som detaljplanen kravde. Steinhellene skulle vera minst 6 tommar tjukke, 62 cm breie og ca 190 cm lange. Desse måtte dei henta frå gardane Akse og Sætre, 3-4 km unna. Ein slik transport ville vera strabasiøs og vanskeleg.

Generalvegmeisteren sjølv tok nok den endelege avgjerda om å byggja brua i stein. Han bestemte og at brua skulle byggjast større. Ho var planlagt med 12 steinkar og 13 sluser, men fekk altså 19 steinkar og 18 sluser. På sikt var det nok meir økonomisk å investera i steinbruer i staden for trebruer. Steinbruene, om dei vart bygde solide nok, hadde lenger levetid.

Hardt arbeid

Arbeidet med brua var tungt. Alt måtte gjerast med handemakt. Dei digre steinhellene vart truleg frakta om vinteren med hest og slede og mange menn langs Aksevatnet over Byrkjeland og ned den bratte Staurdalsbrekka. Dei trengde og 6-700 lass sand og silt (aur) til eit 15 cm tjukt lag over steinhellene.

Entreprenør for brua var Johannes Iversen Systad, ein velsett byggmeister med høg stjerne hjå generalvegmeister Hammer. Det var vanleg å setja bruene ut på anbod, då ein trong folk som hadde kunnskapar om brubyggjingsfaget. På kvar ende av brua vart det sett opp to steinstolpar. Det solide steinrekkverket gjekk nokre alen forbi landkara inn på sjølve postvegen. Årsaka var at "Rejsende ikke om Natten og i mørke skal staa i fare for at fejle Broen", som det heiter i overslaget.

Riving eller vern?

At brua vart bygd solid kom godt med, då store vassmengder og mykje is medførte stor slitasje. Brua var likevel ikkje meir solid bygd enn at ho i 1848 trengde ein større reparasjon. I 1921 var det snakk om vegutbetring med nye bruer ved Foss og Ås. Vegsjef E. Broch meinte at vegen burde leggjast nedanfor steinbrua, som med litt reparasjon kunne bli ståande som eit vakkert minnesmerke. Ei eventuell verning av Foss bru vart teke opp av Vegdirektoratet i 1960 og 1961, då ny bru vart planlagt og bygd. Det var snakk om å byggja den gamle brua inn i ei ny bru av betong. Dåverande vegsjef Egil Abrahamsen konkluderte med at den gamle brua demde opp elva, og difor måtte ho rivast.

Vern og restaurering

Fylkeskonservatoren bad i 1968 vegsjefen om fyldig materiale om Foss bru for å undersøka med Norsk Kulturråd om det var mogeleg å få pengar til å setja brua i stand. Så vart elva regulert, og vassføringa vart mindre. Det endra situasjonen for gamlebrua.

I 1971 sende Hyllestad Folkeakademi ein søknad til Riksantikvaren om å freda brua. Riksantikvaren meinte at eit slikt lokalt initiativ for bevaring av tekniske kulturminne fortente støtte, og det var ingen innvendingar frå vegsjefen, no då flaumvassføringa var mindre. Vegkontoret kostnadsrekna restaureringa til 25 000 kroner. Restaureringsarbeidet byrja sommaren 1975 med vegvesenet sine lokale vedlikehaldsarbeidarar. I 1978 var arbeidet utført til ein kostnad av 100 000 kroner. Brua står på vegvesenet si liste over verneverdige objekt i Sogn og Fjordane.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Bygnes, Per: Foss bru og saksgangen fram til restaurering. I Sogeskrift frå Hyllestad. Hefte 3-1978.
Nordstrand, Ingemar: Foss bru ei kulturhistorisk perle på postvegen. I Vegstubben, s. 20-21, nr. 2-2000.
Den Trondhjemske Postvei. Hovudplan for restaurering og forvaltning av postvegen. Fylkesprosjekt Sogn og Fjordane. Sogn og Fjordane fylkeskommune 1995.
Nasjonal verneplan for vegar, bruer og vegrelaterte kulturminne, Registreringsrapportar frå 1999-sesongen. Statens vegvesen Sogn og Fjordane 1999.

PERMANENT IDENTIFIKATOR