Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 07. juli 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Den gamle kvelvingsbrua på Maurstad



Natt til 11. oktober 1984 ramla den over 100 år gamle kvelvingsbrua på Maurstad ned. Eit veghistorisk kulturminne var brått borte. Men hausten 2000 var brua på plass att, takka vere lokal innsats gjennom vernelaget Maurstad Gamle Bru.

Maurstad Gamle Bru etter oppattbygginga hausten 2000.

Maurstad Gamle Bru etter oppattbygginga hausten 2000.

Eigar: Rigmor Navekvien.

Datering: 2000.

Fotograf: Harald Maurstad.

Bru på bygdeveg

Køyrevegen Bryggja - Åheim over Maurstadeidet var ferdig i 1866. Vegen var ein lekk i eit ytre hovudvegsamband. Opp gjennom Maurstadgrenda gjekk han på på vestsida av Maurstadelva. Den gamle kvelvingsbrua var på ein bygdeveg frå gardsbruka på austsida av elva fram mot hovudvegen. Ein veit ikkje sikkert kva år ho vart bygd, men ein gong dei fyrste åra etter vegen over Maurstadeidet var ferdig, verkar sannsynleg.

Brua ser ut til heilt og fullt å ha vore kosta av bygdefolket. Ein søknad til Davik kommune, som Maurstad høyrde til fram til 1964, frå nokre oppsitjarar på Maurstad til Opførelse af en Bro i mars 1867, vart samrøystes avslegen. Det er heller ikkje funne dokumentasjon på at fylket (amtet) ytte pengar.

Bygginga

Harald Olsen Maurstad stod for bygginga. Han hadde liggande material som skulle brukast til ny løe. Denne materialen vart no brukt som forskaling under kvelven eller bogen. Men brubyggjarane mislukkast. Bogen vart laga for flat, så brua datt ned og mykje av materialen vart øydelagd. Det gjekk likevel ikkje lang tid før neste freistnad, og no vart brua ståande.

Ramla ned

Maurstadbrua vart etter kvart mykje brukt. Bygdevegen gjennom Maurstadgrenda vart med tida ein del av vegen vidare innover langs fjorden og ferdsla auka. I 1938 vart det bygd ny veg og ny bru nærare sjøen, men folk nytta framleis den gamle traseen ikkje minst som ein snarare veg til skulen og til riksvegen nordover. Under krigen 1940-1945 måtte den gamle brua tåla mange tungtransportar og etter kvart fekk ho ein knekk i bogen og byrja å siga. Natt til 11 oktober 1984 rasa ho saman. Mykje av steinen vart øydelagd, men folk berga opp or elvefaret og sette til sides all steinen som var brukande.

Bilete av Maurstad bru i 1944.

Vernelag

Folk på Maurstad hadde lenge sett at eit omfattande restaureringsarbeid var påkravd for å berga brua. Dei fremja saka for kulturvernutvalet i Vågsøy kommune som gjekk vidare til Statens Vegvesen Sogn og Fjordane vegkontor. Folk frå Vegvesenet var på synfaring sommaren 1984. Ein rapport v/Rasmus Værn, datert 18. september 1984, konkluderer m.a. med at ein nok må ta ned brukvelvingen og setja han oppatt på ny, og at finansieringa må koma frå fleire kjelder. Han nemner elles at ein har gode røynsler frå andre stader med Vel-lag til driva fram denne type restaureringsarbeid.

Bilete av Maurstad bru i 1975.

Bygdefolket handla raskt. Maurstad Ungdomslag skipa vernelaget Gamle Maurstad Bru som berre såvidt rakk å konstituera seg før brua raste saman. Men laget datt ikkje ihop. Folk gjekk på for fullt med å samla inn pengar, med å skapa blest om prosjektet og med å få offentlege instansar med, m.a. var folk frå Vegkontoret på nye synfaringar og hjelpte til med råd og rettleiing.

Bilete av brua i 1995.

"Ny" bru hausten 2000

Sommaren 2000 var inneståande beløp på bankkontoen til vernelaget Maurstad Gamle Bru stort nok til å engasjera folk til for andre gong å byggja steinbru over Maurstadelva. Valet fall på Norsk Bygg og Innredning A/S som påtok seg arbeidet for snaue 300.000 kroner. Dei sette fyrst opp forskaling til brukvelvingen, la så på plass det berande steinlaget og forsterka til slutt heile konstruksjonen med armering og betong. Den "nye" kvelvingsbrua var ferdig utpå hausten år 2000, - takka vere lokalt tiltak og stor innsats frå bygdefolket i Maurstadgrenda!

Illustrasjon av brue, og ei eiga vise til ære for brua.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Det norske Veivæsens Historie 1820-1914. Bd 1, 1896.
Fjordenes Tidende. 24.12.1984, 23.05.1997, julenummer 2000.
Navekviven/Owesen/Sollibakke: Ved Maurstad gamle bru. Vise. 1984.
Rigmor Navekviven, Vågsøy.
Davik kommunearkiv:
Møtebok, formannskapet, 1837-1873.
Statens Vegvesen, Sogn og Fjordane vegkontor:
Omslagsmappe med diverse dokumentasjon merka Maurstad bru.

PERMANENT IDENTIFIKATOR