Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Kvelvingsbruer i Hornindal



Langs Riksveg 60 gjennom Hornindal vil ein passere fleire vakre kvelvingsbruer, som kan vere verd å legge merke til. Etter å ha kryssa møregrensa vil ein fyrst sjå Honndøla bru. Vidare framover dalen kryssar ein Dalebrua og Storebrua. Dersom turen går vidare mot Stryn, ser ein ei større kvelvingsbru ved Øyebakken, og litt seinare eit anlegg med fleire steinhellebruer.

Frå bygginga av Dalebrua på slutten av 1920-talet. Desse var med på arbeidet: Johan Hole frå Breim, Kjelstad og Amund Nesje frå Olden, Mattis Gausemel og Rasmus Lund frå Hornindal. Biletet gjev eit innblikk i teknikken.

Frå bygginga av Dalebrua på slutten av 1920-talet. Desse var med på arbeidet: Johan Hole frå Breim, Kjelstad og Amund Nesje frå Olden, Mattis Gausemel og Rasmus Lund frå Hornindal. Biletet gjev eit innblikk i teknikken.

Eigar: Olina M. Lillestøl.

Datering: 1925-1930.

Fotograf: Ukjend.

Litt om kvelvingsbruer

Teknikken med å bygge slike veldige steinbogar vart utvikla og perfeksjonert allereie av romarane. Under kristendomen kom teknikken til Norge og gjorde seg etterkvart gjeldande t.d. i kyrkjeleg arkitektur. Brubygging var lenge ei oppgåve for bønder og bygdefolk, utan særleg røynsle med slikt arbeid. Det er truleg at desse kompliserte byggverka kravde meir kompetanse og opplæring. Både kvelvingsbruer og steinhellebruer vart bygde hovudsakleg på 1700- og 1800-talet. Dei fyrste bruene er bygde med berre naturstein, men etter kvart vart det meir vanleg å bruke tilhoggen stein, eventuelt med betongmørtel som bindemiddel. På den måten kunne ein lage vidare bruspenn og stette aukande vegkrav.

Brua ved Øyebakken

Brua er konstruert i tørrmur, med fint tilhoggen stein. Dette er den eldste av dei tre kvelvingsbruene i Hornindal.

Storebrua

Brua vart bygd som erstatning for den tidlegare "Rødemels Bro" som stod ca. 20 meter lenger vest. Dateringa er litt usikker, men ein veit at den "nye" riksvegen vart teken i bruk i 1928, og brua stod nok ferdig om lag samstundes. Teknikken er mykje den same som på "Øyebrua", men "Storebrua" er noko større. Stein til denne brua vart sprengt ut og henta med hest og slede i Hjellbakkane, ca. ein kilometer lenger oppe. Det kan elles nemnast at området omkring Storebrua hadde ein sentral funksjon i bygda, langt fram i mot vår tid. Framleis kan ein sjå både mølle, sag, kraftanlegg og restar etter meieri og fleire andre funksjonar tilknytte vatnet som drivkraft.

Dalebrua

Denne brua vart bygd omtrent to år etter at Storebrua var ferdig. Det offisielle namnet er Hjortedøla bru. I Generalveimesterens arkiv frå 1785 står det om den gamle brua at: "Hjortedahls Broe er 22 alen lang, er i Forfalden stand. Bygget paa Kare af bare Steen. Hviler paa Muur for enderne, bygget af Kræche (Kroken) og Gausemeels Skove på Stædet."
Det er forståeleg at det med nyvinningar i trafikken vart naudsynt med sikrare elvekryssingar. Brua som står her i dag er altså den nyaste av dei tre. Seinast under flaumen 1. august 1995 viste brua seg å vere eit solid verk. Vatnet fløymde heilt oppunder vegbana og rann over på begge sider, men brua stod støtt. Byggeleiar på denne var Matias Gausemel, Dønefoss-Mattis, han hadde erfaring frå arbeidet med Storebrua og var vegoppsynsmann i bygda.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Rognes, Jørgen: Om bruer i Hornindal i eldre dagar. I Hornindal Historielag: Årsskrift 1994.
Sindre, Svein: Elvar, bruer, veganlegg og nydyrking i Øyane. I Hornindal Historielag: Årsskrift. 1995.
Munnleg informasjon:
Olina Gausemel, Hornindal.
Kock Johansen, Øystein: Frå stokk og sten til glass og betong. I Veidekke.1999.

PERMANENT IDENTIFIKATOR