Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Salbu bru - einaste kvelvingsbrua i Hyllestad



Salbu bru - midt mellom Salbu vegkross og Sørbøvåg - er eit fint døme på ei kvelvingsbru frå tidleg på førre århundret. På to steinar står innhogge: "Salbu bro" og "1908".

Salbu bru på fylkesvegen mellom Salbu vegkross og Sørbøvåg er den einaste kvelvingsbrua i Hyllestad. Her er brua sett frå vest.

Salbu bru på fylkesvegen mellom Salbu vegkross og Sørbøvåg er den einaste kvelvingsbrua i Hyllestad. Her er brua sett frå vest.

Eigar: Hyllestad kommune.

Datering: Hausten 1999.

Fotograf: Per Bygnes.

Byggemetoden

Bygging av kvelvingsbruer, også kalla steinbruer, var ein gresk-romersk byggeteknikk. Etter at ein hadde bygt eit solid fundament på kvar side av elva, vart det laga ei forskaling som heile steinbrua skulle kvila på. Deretter bygde ein opp brua med stein frå kvar av sidene. Dei siste steinane heilt på toppen, tvers over brua, måtte vera svært fint tilhogde. Dei skulle binda heile steinbrua etter at forskalinga vart teken bort. Arbeidslaget sette si store ære i at sjølve steinbrua sokk minst mogleg etter at forskalinga var vekkteken.

Bygginga

Det var nødvendig med ei bru over Salbu-elva på vegen mellom Salbu og Sørbøvåg. I det heller tronge elveskaret var det ei kvelvingsbru som måtte verta løysinga.
Det var eit arbeidslag frå Bygstad som tok på seg arbeid med å byggja kvelvingsbruer. Dei hadde også Salbu bru. Steinmaterialane henta dei i Salbu-elva. Det var ikkje vegar gode nok til å få stein frå andre stader.
Ved søre enden av brua vart det sett opp to steinar med namn og byggjeår: Salbu bro og 1908.

Vegutviding og fåre for skjult kvelvingsboge

Der brua gjekk over Salbu-elva vart det etter kvart vanskeleg for trafikken å ta seg fram, etter kvart som bilar og bussar vart større. Det var særleg svingen på nordsida av brua som skapte vanskar. Statens Vegvesen planla fyrst på 1970-talet å endra traseen noko, for å letta trafikken. Teikningar synte at planen ville føra til at brubogen då ville verta bygd inn i ei utviding av brua. Det lokale folkeakademiet bad om at planane måtte endrast slik at bogen framleis var framme i dagen. Vegstellet etterkom dette ynskjet. Men brua hadde tent på å få eit anna rekkverk enn det av "nymotens" metall som brua fekk ved ombygginga. Like vel kan ein framleis gle seg over ein vakker bruboge, som eit minnesmerke om gamalt steinhandverk.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Bygnes, Per: Vernetiltak i Hyllestad Folkeakademi. I Nøkkelen, Organ for FUL, 3/90. 1990.

PERMANENT IDENTIFIKATOR