Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Veg og ferje mellom Byrknesøy og fastlandet



Vegsambandet mellom øyane Mjømna og Byrknesøy vart offisielt opna 13. september 1997. Det var 40 år etter at fylkesmann Nikolai Schei og vegsjef Egil Abrahamsen første gong var på synfaring for å vurdera korleis dei tre øyane kunne knytast saman. Bru mellom Sandøy og Mjømna stod ferdig i 1993. Bru mellom Sandøy og Mjømna stod ferdig i 1993, og i 2006 byrja arbeidet med veg- og brusamband til fastlandet.

Mjømnesundbrua i sambandet mellom Mjømna og Byrknesøy.

Mjømnesundbrua i sambandet mellom Mjømna og Byrknesøy.

Eigar: Statens vegvesen Region Vest.

Datering: 1997.

Fotograf: Olav Handeland.

Nytt ferjesamband over Fensfjorden

Det første steget for å få knyta øyane Sandøy, Mjømna og Byrknesøy til vegnettet på fastlandet var då ferjesambandet over Fensfjorden opna 15. desember 1980. Ferja gjekk mellom Sløvåg (fastlandet), Skipavik på Sandøy, Gråvik på Byrknesøy og over Fensfjorden til Leirvåg (Mongstad) i Hordaland.

Den raude brua

Det andre steget var vegsamband mellom Sandøy og Mjømna med bru over Mjåsundet. Brua stod ferdig i 1993 og vart offiselt opna 9. juli. Den 217 m lange brua ligg høgt på dominerande fyllingar. Ho er spesiell ved at ho er måla i ein varm raudfarge. Det vart gjort for å gjera brua endå meir synleg.

Veg billegare enn ferje

Ferjedrift er kostbart. Berre ferjesubsidiane til Sløvåg-Skipavik-Gråvik-Leirvåg kosta fylket rundt kr 11 000 per dag. Vegsamband mellom Mjømna og Byrknesøy var difor ønskjeleg både for lokalsamfunnet og fylket. I 1993 vart hovudplanen godkjend, og i 1995 fekk Fylkestinget statleg godkjenning av vedtak om å ta opp lån. Vegprosjektet vart finansiert med 40% frå fylket og 60% frå staten. Ferjesambandet Sløvåg-Gråvik kunne leggjast ned. Likeeins nokre lokalbåtruter. Dei innsparde subsidiane ville langt på på veg dekka fylket sine 40% av kostnadene.

Siste steget

Sjølv om framtidstrua var stor etter vegopninga, var det nok eit ønske at det ein gong skulle finnast plass i budsjettet til bru over Brandangersundet til fastlandet. I 2008/09 vert det ønsket oppfylt. Arbeidet med fastlandssambandet byrja i 2006, og i 2007 vil arbeidet med sjølve brua ta til. Til saman skal det byggjast ca 11 km veg. Brua blir på 300 m. Hovedspennet, på 220 m, skal bygges "ferdig" på land og løftast ut ved hjelp av to store flytekraner.

Mjømnesundbrua

Arbeidet med den 376 m lange Mjømnesundbrua byrja i september 1995 og var ferdig to år seinare. Brua vart bygd i stål og betong seksjonsvis på land. Seksjonane vart etter kvart løfta på plass og monterte. Den lengste seksjonen var 105 m og vog rundt 460 tonn. Mjåsundbrua mellom Sandøy og Mjømna var den første i landet som vart bygd etter denne framgangsmåten. Mjømnesundbrua var den andre.

Tilløp til dramatikk

Det er inga enkel sak å montera så tunge bruseksjonar. Det kunne berre gjerast i heilt roleg sjø. Ein gong kunne det gått gale. Ekspressbåten til Fylkesbaatane passerte med større fart enn det som var avtalt, og i tillegg gav båten "full gass" i tidlegaste laget. Men det gjekk heldigvis godt.

Opning med vegfest

13. september 1997 vart vegsambandet mellom Mjømna og Byrknesøy med Nappsundet og Mjømnesundet bruer offisielt opna av fylkesordførar Knut O. Aarethun. Sjølv om veret var vått og kaldt, møtte folk opp for å feira at Mjømna og Byrknesøy endeleg hadde fått vegsamband. Det sure veret la ingen dempar på feiringa.

Vegfestar er tradisjon ved alle vegopningar. Festen hadde eit innhaldsrikt kulturprogram. Eit av songinnslaga gjekk slik:

Vi har bruer vi har vegar,
vi har kraft og pågangsmot
Så framtida den ser vi lyst i mot.

Siste steget - ferjefritt samband

Sjølv om framtidstrua var stor etter vegopninga, var det eit ønskje at det ein gong skulle finnast plass i budsjettet til ei bru over Brandangersundet til fastlandet. I 2006 er planarbeidet godt i gang, og siktemålet er oppstart i 2007.

kjelder:

Ness, Kjell: Mjåsundbrua i Gulen, Vegstubben s. 3, nr. 2-1993.
Handeland, Olav. Bruer bind saman øyane i Gulen, Vegstubben . s. 8-9, nr. 5-1996.
Handeland, Olav: ..takk for brua, Vegstubben s. 15-17, nr. 4-1997.

PERMANENT IDENTIFIKATOR