Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Steinkloppa over Os-elva



Fram til 1970-åra gjekk ei gamal steinbru over Os-elva, mellom gardane Eide og Rutle. Ho vart truleg teken av isen, og i fleire år var det berre restar att av ho. Kloppa har seinare blitt restaurert.

Steinkloppa over Os-elva mellom Eide og Rutle slik ho såg ut kring 1970. I 1930-åra vart det bygd veg som batt gardane i Skifjorden saman med Eide. Kloppa låg 50 meter austafor brua over Os-elva.

Steinkloppa over Os-elva mellom Eide og Rutle slik ho såg ut kring 1970. I 1930-åra vart det bygd veg som batt gardane i Skifjorden saman med Eide. Kloppa låg 50 meter austafor brua over Os-elva.

Eigar: Per Bygnes.

Datering: 1970.

Fotograf: Per Bygnes.

Alder og utsjånad

Kloppa er sagd å vera "haugande gammal", truleg frå 1800-talet. Ho var bygd i stein, med eit steinkar midt i elva. Frå elvebreiddene på kvar side var det lagt store steinheller fram mot karet. Kloppa ramla ned på 1970-talet. Det var truleg isen i elva som til slutt vart kloppa sin bane. Ho vart seinare sett i stand att av Oddmund Bjørnestad og Sverre Risnes.

Stad

Os-elva renn ut frå Rutlevatnet og ned i Osen inst i Skifjorden mot sør, - mellom gardane Eide og Bjørnestad. På nordsida av Rutlevatnet ligg garden Rutle. Det er rettare å seia at garden Rutle ligg på båe sider av Rutlevatnet. Bruka på Rutle hadde nemleg felles utmark også på sørsida av vatnet. Denne delen av bruka vart nytta til beite. Gjennom ei utskifting frå 1994 har bruka 1 og 3 på Rutle nå utmarksteigar sørom vatnet.

Bruk

Kloppa over Os-elva vart truleg bygd til føring av sauer over til beite på sørsida av vatnet. Nåverande grunneigar har sjølv vore med på å føra sauer over kloppa heilt fram til 1970-åra. Det var eit betre alternativ enn å ro sauene over vatnet. Elles var og kloppa god å ha for folk som skulle ferdast mellom gardane i området når det var flaum i elva.

"Neme stokkjen"

Austafor kloppa låg før i tida ein liten demning. Der vart vassføringa til eit kvernhus nærare Osen regulert. På Rutle brukte dei å seia om kloppa og demningen - "Neme stokkjen". Ved tusenårskiftet nytta grunneigaren på bruk nr 1 nemninga "Utme Osen".

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Opplysningar frå:
Kåre Rye, Hyllestad.

PERMANENT IDENTIFIKATOR