Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 01. juli 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Honndøla bru



Langs Den Trondhjemske postvei gjennom Hornindal vart det tidleg på 1800-talet bygt fleire fine steinbruer som står den dag i dag. Fleire av desse låg i Øyane-området i Kjøs krins, men den største og mest storslåtte av alle er Honndøla bru, ikkje så langt frå grensa til Møre og Romsdal i Indre Hornindal.

<p>Gamle Honnd&oslash;la bru p&aring; Den Trondhjemske postvei i Indre Hornindal, ikkje langt fr&aring; grensa til M&oslash;re og Romsdal fylke. I bakgrunnen Hornindalsrokken p&aring; 1529 meter o.h.</p>

Gamle Honndøla bru på Den Trondhjemske postvei i Indre Hornindal, ikkje langt frå grensa til Møre og Romsdal fylke. I bakgrunnen Hornindalsrokken på 1529 meter o.h.

Eigar: Erik den yngre/Wikimedia Commons.

Datering: 2010.

Fotograf: Erik den yngre/Wikimedia Commons.

Naudsynt med ny bru

Elva Honndøla som kjem frå fjellområdet i nord, innunder Hornindalsrokken, fløymer utover i det flate landskapet i dalbotnen her, så det måtte ei relativ lang bru til for å kome seg trygt over elva.
Den første brua her var av tre og stein og då dei ærverdige herrane i Licitations-forretninga skulle synfare denne brua den 21. januar 1800 karakteriserte dei henne som "forraaden". Ny bru måtte byggast.

Bilete av Honndøla bru i vinterlandskap.

Bygd i inflasjonstider

Ein bonde frå Indre Hornindal, Knud Knudsen Solem, fekk arbeidet for 27 Rdr 3 mrk. Det er noko uklårt kva byggeår som skal reknast, men munnleg tradisjon i Hornindal seier at brua vart bygt i inflasjonsåra 1810-1813. Dette stemmer med det P. A. Lillebø skriv i bygdeboka for Sunnylven, at pengar for arbeidet med brua vart utbetalt i penge-nedslagstida 1813.
Det er fortalt at dei som bygde brua vart tilbodne å få akkordsummen utbetalt i papirpengar eller sølv. Så lita var tiltrua til papirdalaren på grunn av inflasjonen, at dei valde sølv. Dei fekk ein toskilling sølv for kvar papirdalar og endskapen vart at dei berre fekk to sølvdalar for heile arbeidet.

Knabba helle midt på natta

Honndøla bru er 83 alen lang (52 meter) og brua var nok svært arbeidskrevjande å bygge. Tenk berre på all steinen som gjekk med. Særleg var det vanskeleg å finne store og gode nok heller til eit slikt byggverk. Ei historie fortel om det. På garden Moldsvor hadde dei ei stor og fin helle som låg i tunet. Den var nytta til å sitje på når dei hadde ei lita kvild. Bruarbeidarane kom ein dag og spurde om å få nytte hella til brubygginga, men gardsfolket ville ikkje gje avkall på henne. Ei mørk natt vart ho likevel borte, frakta til byggeplassen og mura inn i brua i all hast.

Populær attraksjon

I eine enden av brua er det som ein del av rekkverket, mura inn ein stein med eit rundt hol i som skriv seg frå ei jettegryte. Ymse historier knyter seg til denne steinen og for turistane er det populært å klive gjennom holet.
For om lag 25-30 år sidan vart gamlebrua avløyst av ei ny bru like sør for den gamle. I 1993/94 føretok vegvesenet ein omfattande reparasjon av gamle Honndøla bru og ho er no i god stand. Like ved brua er det opparbeidd ein fin rasteplass og mange turistbussar stoppar der for å skode på og fotografere den praktfulle brua og det vakre landskapet ikring.

Bilete av stein med hol i.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Jørgen Rognes: Bruer i Hornindal. I Hornindal historielag. Årsskrift. Nr.10-1994.

PERMANENT IDENTIFIKATOR