Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Jøl bru i Stryn - vakker vegbyggjarkunst



I stigninga opp frå Hjelledalen på riksveg 15 over Strynefjellet ligg Jøl bru. Den gamle brua er bygd i 1883, og må seiast å stå som eit monument over eldre tiders vegbyggjarkunst. Ho er eit kunstverk i handmuring - særleg av di ho er bygd i ein så skarp sving. Brua er restaurert, men grunna heilårsvegen er det vanskeleg å få auge på ho.

Jøl bru er ei kvelvingsbru av gråstein. Brua er ei av dei mest verneverdige muringsarbeida i vegsamanheng i fylket, og er eit fantastisk døme på god vegbyggjarkunst. Steinen er vakkert og nøyaktig tilhoggen. Frå vegbanen og ned i elva er det 50-60 meter. Over kvelvet er det 10 m høg mur. Det gamle biletet viser kor flott brua ligg i terrenget.

Jøl bru er ei kvelvingsbru av gråstein. Brua er ei av dei mest verneverdige muringsarbeida i vegsamanheng i fylket, og er eit fantastisk døme på god vegbyggjarkunst. Steinen er vakkert og nøyaktig tilhoggen. Frå vegbanen og ned i elva er det 50-60 meter. Over kvelvet er det 10 m høg mur. Det gamle biletet viser kor flott brua ligg i terrenget.

Eigar: Fylkesarkivet. SFFf-1991100.118741

Datering: 1883-1900

Fotograf: J. K. Maursæth

Dyraste brua i Noreg

Arbeidet med den gamle Jøl bru tok til 25. september 1882, og brua stod ferdig 16. august året etter. Til saman vart det lagt ned rundt 2560 dagsverk i dei ti månadene arbeidet varte. Løna var i byrjinga på kr 2,25 om dagen, men ho gjekk ned etter kvart, og om sommaren fekk dei berre ei dagsløn på kr 1,99. Formennene og murmeistrane hadde eit tillegg på rundt ti øre. Anleggsingeniøren slo etterpå fast at Jøl bru vart den dyraste brua i Noreg. Til saman kosta brua kr 6737,61.

Namnet

Namnet har brua fått av di ho går over eit gjel, eller gjøl som det heiter i Nordfjord, der elva frå Skjerdingsdalen kjem ned. Den gamle skrivemåten er Gjøl bru. Frå brua går det ein bratt og farleg sti som mellom anna har vore nytta til å buføra kyr inn i Skjerdingsdalen, der mange av gardane i Oppstryn hadde stølane sine.

Ein skremmande tur ned i mørket

Arbeidet med brua var korkje lett eller enkelt. Mursteinane kunne ikkje vera tyngre enn at dei kunne firast ned med sterke lærreip. Det var heile tida fare for at steinar kunne losna. I dei tider var det ingen hjelmar i vegarbeidet, og rallarhatten, som nokre nytta dugde lite mot steinsprang. Under arbeidet mista ein mann spettet sitt ned i gjelet. Spettet var dyrt, så han bad om å bli fira ned med tog for å henta det opp att. Den gongen måtte nemleg arbeidarane halda reiskapen sin sjølve. Gjelet, som brua var bygd over, er 50-60 meter djupt, og stillaset var bygd slik at viss nokon hogg av ein stokk, ramla heile byggverket saman. Han som gjekk ned i gjelet var nok ikkje særleg høg i hatten.

Nye tider og nye krav

Brua tente sitt føremål i over 100 år. Etter kvart som bilane vart større vart det eit problem å få bakhjula med seg over brua, og det var mange som hadde med seg grønsåpe og smurde på støypekanten i innersvingen, så hjula skulle gli betre av. Støypekanten bar tydeleg preg av dette og var svart av gummi frå dekka. For å betra tryggleiken vart det sett opp ein 50 cm betongkant med jernrekkverk på toppen. I 1968 støypte dei eit betongdekke over heile brua som stakk 70 cm ut over kanten på kvar side, men trass i dette vart brua ein flaskehals for den aukande trafikken og dei stadig større bilane. Då det vart bygd heilårsveg over Strynefjellet i 1969-1977, vart den gamle brua erstatta med ei ny bru som går parallelt med den gamle. Den nye brua vart bygd i 1976.

Då ny bru skulle byggjast, vart det bestemt at ein skulle prøva å få gamlebrua tilbake i si opphavlege form. Arbeidet vart planlagt i samråd med Riksantikvaren. Dei annonserte i Fjordingen etter gamle fotografi, og desse gav utgangspunkt for restaureringsarbeidet som vart gjort av vegvesenet.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Nesje, Karstein: Jøl bru. I Vegstubben. s. 6, nr. 3-1988.
Strynefjellsvegen 100 år. Statens vegvesen Oppland og Statens vegvesen Sogn og Fjordane, 1994.

PERMANENT IDENTIFIKATOR