Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 22. januar 2004

Sist oppdatert 21. august 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Bruene ved Viva i Sprongdalen



Ein gammal ferdselsveg frå Sogn og Fjordane til Gudbrandsdalen gjekk frå Jostedal over fjellpartiet Handspiki til Sotasæter og Skjåk. Ved kraftutbygging på 1980-talet vart det bygd anleggsveg frå Fåberg opp til Styggevatnet som ligg på vel 1100 m o.h. Vel fire kilometer før Styggevassdammen, kryssar vegen elva på ein stad som heiter Viva. Like ovanom brua er det synlege spor etter to eldre bruer.

Anleggsvegen i Sprongdalen kryssar elveløpet ved Viva. Biletet vitnar om oppdemninga av Styggevatnet kring 1980. Her er nesten ikkje rennande vatn, og dei lyse partia er talande spor etter tidlegare stor vassføring.

Anleggsvegen i Sprongdalen kryssar elveløpet ved Viva. Biletet vitnar om oppdemninga av Styggevatnet kring 1980. Her er nesten ikkje rennande vatn, og dei lyse partia er talande spor etter tidlegare stor vassføring.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2003.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Viva-bru i uminneleg tider

Den norske Turistforening (DNT) sytte i mange år for bru på Viva i den merka ruta si frå Styggevasshytta ned Sprongdalen. Og før denne var det bru i Viva langt attende i tida. I formannskapsarkivet for tidlegare Jostedal kommune finst vitnemål om bru på midten av 1800-talet. Det går og fram at det ikkje var så heilt liketil å halda farbar bru på Viva. Snøras og vassflaumar valda skade rett som det var, ja, jamvel reiste med heile brua.

Elles kunne folk og fe ta seg over elva på snøen så lenge det var trygt, eller dei kunne koma seg over på vadestaden nedom gjelet, når vasstanden var moderat eller dei sat på hesteryggen. (Vassføringa var vanlegvis stor heile sommaren sidan elva kom frå eit breområde).

Brua i dag

Kraftutbygginga i Jostedal gjekk føre seg på 1980-talet. Ein viktig del i prosjektet var oppdemning av Styggevatnet, og bygging av turvande anleggsveg. Vegen er open for fri ferdsel og er i rimeleg god stand. På heile strekninga er der ein tunnell og fem bruer, - ved Bjørnestegane, Fåbergstølen, Øystølen, over Vetledøla i Sprongdalen, og ved Viva. Viva-brua er laga i betong, og har eit spenn på 14 meter som går nær fire meter over normal vasstand.

Den norsk Turistforening si bru

I gjelet rett ovanom brua er der eit par stader ikkje meir enn fire-fem meter over. Her syner spor etter DNT si bru (ein vaierstump og ein rusta jarnbjelke), og den merka stien (ein avbleika raud målingsflekk på ein stein like ved).

Spor etter den eldste brua

Like ved den siste DNT-brua finst handfaste spor etter ei eldre bru, ei oppmuring, eit brukar på vestsida av elva. Nøyaktig datering av brukaret er uråd å fastsetja. Det mest interessante er likevel at me her har eit synleg minne om ei Viva-bru (det var fleire) før turistforeininga si siste.
Om dei eldste Viva-bruene finst interessant dokumentasjon i kommunearkivet. Saka var føre i kommunestyret 6. juni 1872. I saksutgreiinga går fram at det hadde vore bru her før, og at det var svært viktig for ferdsla at ho vart oppattbygd.

Miste 18 geiter

Kommunestyret sende søknad til amtet (fylket) om tilskot, og bad samstundes om at veginspektøren såg på den tekniske sida av saka. For å illustrera kor viktig denne spesielle vegsaka var, tok ordføraren med ei syrgjeleg hending ein fehandlar frå Voss hadde vore ute for berre ei veke før saka var oppe i kommunestyret:

''En handelskarl fra Vos, kom reisende over Fjældet fra Gudbrandsdalen forrige Uge med en Drift Gjeder da han kjendte til, at Vivabroen var ødelagt og at det ellers ikke gik an at faa Gjederne over Elven paa anden Maade, besluttede han at drive Flokken over Isen af et Vand høiere oppe, hvoraf han havde undgaaet Elven; men Vandisen var bilagt med megen Sne, der var fyldt med Vand, hvorved Dyrene ikke allene med største Besværlighed kunde vade igjennem; men endog ikke mindre end 18 Stykker Creperede.''

Ny Viva-bru i 1879

Arbeidet med å få opp ei ny Viva-bru tok si tid. Fyrst utpå hausten 1878 vart det underskrive kontrakt mellom Jostedal kommune og Johan Knudtsen Kreken og Halvor Jetmundsen Yttri. Dei forplikta seg til innan utgangen av juni året etter å byggja ei bru av stein (det hadde òg vore på tale å byggja trebru) på same staden som den tidlegare brua hadde stått. Det skulle gjerast på ein slik måte at ho kunne godkjennast av ''Veibestyrelsen'' og dei skulle setja i stand vegstykka inn til brua på begge sider. Kontraktsummen var 120 kr, men det var med ein klausul om eit visst påslag i tilfelle det skulle syna seg arbeidsløna vart urimleg låg.

Kreken og Yttri gjorde både raskt og godt arbeid. I kommunestyremøte 24. juni 1879 refererte ordføraren, A. C. Ormbergstøl, skriv frå lensmann Faaberg om at Viva-brua ''nu er opført'' og ''saavidt kunde skjønnes i fuldfærdig og forsvarlig Stand.''

Men berre fire år seinare måtte dei til med ny oppattsetjing, og sommaren 1915 fór brua i ein flaum. Kommunestyret løyvde straks 10 kr til å setja opp ei mellombels bru, og sende søknad til amtet om at brua måtte byggjast opp att.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Munnlege opplysningar:
Kristen Bakken, Jostedal, Luster.
Kommunearkivet i Luster:
Jostedal kommune, formannskapet, møtebok 1876-1900.

PERMANENT IDENTIFIKATOR