Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 10. oktober 2013

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Steinbru i gammal ferdsleveg



Steinbruvatnet og Larsselvatnet, begge på 930 meter over havet, ligg i fjellområdet mellom Eldalsdalen og Høyanger. Dei er skilde frå kvarandre av to nes eller tangar med eit smalt sund mellom. Sundet er grunt og det er laga til ei bru. Den vesle steinbrua høyrer til ein eldgammal ferdselveg mellom Eldalsdalen og Høyanger.

<p>Steinbrua over det smale sundet mellom Steinbruvatnet (h&oslash;gre) og Larsselvatnet.</p>

Steinbrua over det smale sundet mellom Steinbruvatnet (høgre) og Larsselvatnet.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2013

Fotograf: Hermund Kleppa

Steinbrua 2013

Biletet over viser Steinbrua 27. september 2013. Det hadde vore opphaldsver i mange dagar og vasstandet er lågt. Brua er enkelt laga. To flate steinar ligg som brudekke frå land (frå nordsida, til venstre) over hovedløpet til eit bru-kar midt i sundet. Frå midt-karet ligg det ei steinhelle til lands på andre sida. Vatnet i Steinbruvatnet (til høgre, vest) har avløp over i Larsselvatnet. Steinane over hovudløpet har merke etter minering, og kan såleis ikkje vera svært gamle. Geir Magnus Følling på garden Følling har opplyst at bestefar hans, Magnus Følling (1923-2013), fortalde at han var med og sette brua i stand. Ei godt synleg rås (ein sti) fører fram til brua på begge sider. Brua har skapt stadnamn. Folk seier «borte ved Steinbrua» og det står Steinbrua på kart.

To vegar over fjellet

I eldre tider gjekk det to ferdselsvegar frå Eldalsdalen til Høyanger. Den eine gjekk opp frå Oppedal og sørover. Den andre tok av frå garden Følling lengst nede i dalen, gjekk framom stølen til gardane Espeset og Hestebeit, heldt fram vidare i søraustleg retning over eit høgdedrag og ned til Steinbruvatnet og Larsselvatnet, over steinbrua og vidare sørover til Høyanger.

Ferdsle for tusen år sidan

Gaularsoga II (1961) og III (1968) har opplysningar om ferdsle over Steinbrua. Per Fett meiner at ei mektig slekt i Høyanger for meir enn 1000 år sidan hadde hopehav med slekter i Gaular. Kortaste vegen var over fjellet. Rognald Hestebeit fortel elles at menn i dei indre bygdene i Sunnfjord reiste denne vegen når dei skulle til tings på Gulatinget i Gulen. Begge viser til historikaren P. Munch. Hestebeit nemner og at «segn og soga» nemner ferdslevegen som «Gulatingsvegen» og at dette namnet «enno [1960-åra] lever på folkemunne på båe sider av fjellet.» Dessutan høyrer vi om spor etter ei fjellstove:

På denne vegen er det enno synberre merke etter ei fjellstove, som truleg er den einaste av dette slaget vastafor Indre Sogn.

År 2013 er merke etter ei tuft framleis godt «synberre»: Tufta ligg attmed Steinbruvatnet, eit par tre hundre meter sør for Steinbrua.

 

kjelder:

Hjelmeland, Olaf: Bygdebok for Gaular, 1961.

Munnlege opplysningar frå:
Geit Magnus Følling, 2013

PERMANENT IDENTIFIKATOR