Kulturhistorisk leksikon

Skule (16)

  • Starten på husmorskulane i Sogn og Fjordane

    Husmorskulane var kvinners viktigaste måte å skaffe seg utdanning i mange tiår. Her kunne dei tileigne seg kunnskapar og oppleve noko anna enn heimbygda og ektemannen sin gard. Sogn og Fjordane var faktisk ute med den fyrste offentlege skulen allereie i 1877.

    Emneord i artikkelen:

    • Gards- og bondekultur
    • Politikk
  • Landbruksskulen på Rikheim

    Rikheim landbrugsskole i Lærdal var eit kortliva prosjekt i inngangen til 1900-talet. Skulen vart lagt ned etter berre ti år, men greidde å krysse fram ein eigen eplesort og avle fram ein ny rase storfe.

  • Hornindalens Friskole

    Skule skapar strid. Det har det alltid gjort. På 1880-talet førte usemje om lærartilsetjing i Hornindal til opprettinga av ein privatskule.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Hornindal
  • Skulevegen Tenningåsen - Eitorn

    Den veglause garden Tenningåsen ligg høgt og fritt på litt over 300 meter, rett ved innlaupet til Fjærlandsfjorden. Borna på denne høgdegarden fekk mot slutten av 1800-talet fastskule i Eitorngrenda. Vegen dit kunne vere både slitsam og utfordrande, særleg i snøkav og ruskevèr.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Balestrand
    • Leikanger
  • Lærar for livet

    Den 7. oktober 1849 vart 15 år gamle Kornelius Lunde frå Gaular konfirmert. Kornelius var odelsgut på garden Lunde, men var også ein skarp gut med akademiske talent, på god veg mot læraryrket.

  • Kjelder til historisk kunnskap om ein skule

    Onsdag 14. mai 2008 var folk samla til historiekveld i det gamle skulehuset i Gravdal, Torskangerpollen, Vågsøy. Ei prosjektgruppe har byrja eit arbeid med å gje nytt liv i skulehuset. Målet er å gjera huset til ein breiare møtestad for bygdefolk og ein stoppestad for tilreisande. Eit viktig delmål er å kunna formidla skulehistorie, tilby noko av soga til skulehuset og livet der opp gjennom åra. Artikkelen er ein vegvisar til stader å gå for hausta inn skulehistorisk informasjon, for «skule-prosjekt-folka» i Torskangerpollen (og andre), - med Gravdal skule som døme.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Vågsøy
  • Spennande historie i nedlagt skulestove

    Det nedlagde skulehuset i Holevik ved Staveneset har vorte innreidd til museum med hovudsakleg andre verdskrigen som tema.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Askvoll
  • Balestrand lærarskule

    Skulelova i 1860 førte med seg store endringar i elevane og lærarane sin kvardag. Lærarane måtte undervisa i fleire nye fag, og det vart stor mangel på kvalifiserte lærarar. I 1860-åra vart det difor oppretta fleire lærarskular som skulle bøta på dette. Lærarskulen i Balestrand vart skipa i 1863 og var i drift til 1880. 236 unge menn fekk eksamen her.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Balestrand
  • Skulen på Svanøy

    Skulen på Svanøy ligg for seg sjølv midt på øya. Her er to bygningar, gamleskulen frå 1874 og ein ny, tidsmessig bygning frå 1982, påbygd i 1991. Skulen er samlingsstad og møtestad for alle på Svanøy, born i alderen 1-13 år og vaksne.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Flora
  • Holmøy Arbeidsskule

    På skulen sitt brevark frå 1900 står det: "Holmøy Arbeidsskule vert halden kvart Aar i sju Maana. Der lerast Husflid og Fagarbeide i Snedkring, Dreiing, Treskæring, Smede-, Metal-, Maler og Lakerarbeide, samt tvo Timar dagleg Undervisning i Tekning og Løysing av geometriske Tekneuppgåver".

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Eid
  • Jordbruksskulen på Mo

    Garden Mo vart jordbruksskule i 1858, og er den nest eldste jordbruksskulen i landet som enno er i drift. Garden er ein av dei største i fylket med kring 500 dekar innmark og 3000 dekar skog.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Førde
  • Skulekrinsar og skulehus i Aurland

    Aurland har mange fjell og fjordar. Skulevegane før var gjerne lange, og kunne vera farlege om vinteren. Såleis vart det mange skulekrinsar, med "pendlande" lærar og kortare skuleveg for borna.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Aurland
  • Lokal skulesoge i eksamenstil - Johan Lillestøl

    Hausten 1988 var me på veg til Johan Lillestøl på ytre Furefjerding, ein høgdegard på nordsida av Hornindalsvatnet. Fylkesarkivet hadde kome over nokre eksamenstilar frå 1921 der oppgåva var: "Eit minne fraa skulen." Me hadde lagt særleg merke til Johan Lillestøl sin stil. Den var velskriven og handla om eit læremiddel.

  • Hauglandsenteret - Om eldre arkivmateriale og eitt fotografi

    I 1980 testamentert advokat Christian Bekker garden Haugland til Sogn og Fjordane Røde kors. Ei mengd arkivmateriale og fotografi følgde òg med. Dei fleste fotografia er utan opplysningar. Somme er det likevel råd å "plassera" ved å bruka andre hjelperåder. Eit bilete av ein flaggpryda båt til kai med mykje folk på land, er eit godt eksempel.

  • Skule og lokalt kulturhus i Skor

    Skor "gamle" skule (skulehus) stod klar til å takast i bruk skuleåret 1910/11. Byggmeister var entreprenør Andreas Gjertsen frå Salbu. Skulen vart nedlagd midt på 1960-talet. Nå er det Skor Grunneigarlag som disponerer huset.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Hyllestad
  • Sunnfjord Museum - Guddal skulehus

    Etter at bygdetunet i Movika - no Sunnfjord Museum - opna i 1950-1951, var Sunnfjord Sogelag på leiting etter eit gamalt skulehus. I 1958 fann dei eit i Guddal. Det vart ledig då Fjaler kommune bygde ny, stor skule om lag ein kilometer frå gamleskulen på Øyra. Otto Huseklepp skreiv om korleis det bar til i Jol i Sunnfjord 1960. Her er artikkelen attgjeven noko redigert og avkorta, og med eit tillegg.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Førde