Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 22. mars 2017

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Kjelder til historisk kunnskap om ein skule


Onsdag 14. mai 2008 var folk samla til historiekveld i det gamle skulehuset i Gravdal, Torskangerpollen, Vågsøy. Ei prosjektgruppe har byrja eit arbeid med å gje nytt liv i skulehuset. Målet er å gjera huset til ein breiare møtestad for bygdefolk og ein stoppestad for tilreisande. Eit viktig delmål er å kunna formidla skulehistorie, tilby noko av soga til skulehuset og livet der opp gjennom åra. Artikkelen er ein vegvisar til stader å gå for hausta inn skulehistorisk informasjon, for «skule-prosjekt-folka» i Torskangerpollen (og andre), - med Gravdal skule som døme.

Historiekveld på Gravdal skule, Torskangerpollen, 14. mai 2008. Klasserommet var fullsett.

Historiekveld på Gravdal skule, Torskangerpollen, 14. mai 2008. Klasserommet var fullsett.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn Fjordane

Datering: 2008

Frå skulehus til forsamlingshus

Gravdal skule (skulehus) vart teke i bruk i 1907 for Våge skulekrins som då omfatta bygdene Vågsvåg og Torskangerpollen. Gardane Oppedal nordanom Torskangerpollen var eigen skulekrins. I 1920 vart krinsane slegne saman, og i 1959 flytte skulehaldet til nytt skulehus litt lenger sør, i Vågsvåg. Skulehuset i Gravdal var ikkje berre skulehus, det vart nytta som forsamlingshus òg, også etter at det var slutt med skulen i 1959.

Stappfullt på historiekveld 2008

Det gamle skulehuset var stappfullt på historiekvelden. Programmet var allsidig. Det blei orientert om huset, om tiltak som alt er gjort (t.d. ny inngangstrapp) og arbeid det er meininga å utføra (t.d. å rusta opp kjellarhøgda med moderne kjøkken). Øvrebø og Kleppa frå Fylkesarkivet orienterte om gamle protokollar, brev og andre skriv som seier noko om Gravdal skule. Dei nemnde plansjar og lærebøker, gamle skulehistoriske fotografi og skulehistorisk minnemateriale. Elles kunne folk gå rundt og sjå på ting som var lagde ut på bord. Dei nikka attkjennande og samtala om mangt og mykje frå skuletida. Det gamle skulehuset var denne kvelden i vid tyding fullt med levande skulehistorie.

Livsminne, munnleg historie

Kring 25 på historiekvelden hadde gått i skule på skulehuset i Gravdal. Kvar av dei hadde "noko" frå skuletida levande i minnet sitt. Dei hugsa og kunne fortelja eitt eller anna om timane, skulearbeidet, læraren, friminutta, juletrefestane, andre hendingar. Samla utgjer dei tidlegare elevane ei oppkome av skulehistorie. Men tilårskomne tidlegare skuleelevar lever ikkje i det uendelege. Nokon må skriva ned og/eller ta opp "på band".

Organisering - arkiv

Gamle protokollar og lause skriv inneheld skulehistorisk informasjon. Sidan den første obligatoriske grunnskulen kom ved kgl. forordning av 23. januar 1739 har skulestellet vore fastsett og regulert gjennom lover og føresegner. Skulelova av 1889 (iverksett frå 1.1.1890) opna for større grad av folkestyring. Det ligg i nytt namn, folkeskule, i staden for tidlegare almueskule. Og det kjem ikkje minst fram i at det blei oppretta eit tilsynsutval (kredstilsyn, krinstilsyn) for kvar skulekrins.

Tre folkevalde organ i kommunestyringa er sentrale når ein gjev seg ut på leit etter skulehistorisk informasjon: kommunestyret, skulestyret og krinstilsynet. Dei hadde kvar for seg, og sett under eitt, oppe saker som galdt skulen og skulelokalet (leige, byggjing, leikeplass, reinhald, inventar, lærartilsetjing, opplæring, målspørsmålet, skogplanting, m.m). Kvart organ førde møtebok og hadde i tillegg andre arkivsaker. Elevane kjem fram/til syne i dagbøker og karakterprotokollar, i nokre tilfelle også gjennom stilar dei skreiv til eksamen og rekneoppgåver dei løyste. Protokollar skulen brukte i samband med skuleboksamlinga, fortel om bøker og utlån. I rekneskapsbøker til kommunekasseraren kan det finnast noteringar om utgifter til skulen.

NB! Gravdal skule høyrer til i to kommunar, først Selje kommune til 1910, deretter Sør-Vågsøy kommune. Det vil såleis finnast opplysningar i to kommunearkiv, kommunearkivet for Selje og kommunearkivet for Sør-Vågsøy.

Skulehistoriske spor hjå privatpersonar

Privat kan det og finnast elevarbeid (stilebøker, teikningar, handarbeid, sløydgjenstandar, minnebøker) som er interessante skulehistoriske spor. Dessutan kan det førekoma skulehistoriske opplysningar i private dagbøker og brev. Kunnskap om bruk av skulehuset til anna enn skulehald, t.d. redningsskøytekveldar, basarar o.a., finst også fleire stader: - i minnet til folk, i møtebøker og andre arkivsaker frå lag og foreiningar som brukte huset, i aviser, bøker og blad.

Foto

Redaktør Waage i Fjordenes Tidende var tilstades på historiekvelden. Han ba dei som hadde gått i skule i skulehuset om å stilla opp til fotografering. Bileta han tok blei på ein måte skulehistoriske bilete. Og kan henda fleire av dei tidlegare elevane har bilete frå når dei gjekk på skulen. Ein viktig del av innsamling av skulehistorisk tilfang er å leita etter eldre skulehistoriske bilete, eventuelt også film, og syta for å notera opplysningar om kvart, avfotografera og gjera tilgjengeleg for andre.

Trykte kjelder

Det står noko "på trykk" om Gravdal skule i bøker og blad - spreidd mange stader. Lokalavisene har alltid hatt skulestoff, både dagsaktuelt og historisk. Å samla inn frå avisene inneber å gå gjennom måløyavisa Fjordenes Tidende frå 1910 (startåret) med auge for stoff knytta til skulen og bygda. På historiekvelden var boka "Skulen i Vågsøy gjennom hundre år" utstilt. Dessutan må ein saumfara lokalhistorisk litteratur der det kan tenkjast å stå noko om skulen. Hugs på å notera nødvendige referansar.

Bygningen - skulehuset

Skulehuset i seg sjølv er eit historisk studieobjekt, - å sjå nærare på storleik, byggjemateriale, romløysing, vindauga, listverk, endringar. Ein kan og finna bygningshistoriske opplysningar i arkivkjelder og andre stader til utfylling. I møteboka for Selje, 30. januar 1906, går det til dømes fram at det nye skulehuset i Gravdal utvendig skulle vera 10 x 10 x 5 meter. Utanom opplysningar i kommunale arkivkjelder kan det finnast bygningshistoriske opplysningar i branntakstprotokoller. Både Norges Brannkasse og Selje gjensidige brannforsikringsforening dreiv brannforsikringsverksemd på den tida skulehuset i Gravdal vart bygt.

Gjenstandar

Inventaret i skulehuset høyrer med til den samla skulehistoriske dokumentasjonen. Det opphavlege kateteret er framleis der, likeeins minst ein av dei gamle pultane. Dessutan var det på historiekvelden lagt fram fleire av dei gamle lærebøkene.

Kvar har det noko for seg å leita?

«Grav der du står» er tittelen på ei bok om lokalhistorie som kom ut i 1978. Boka handlar om å leita etter historisk informasjon lokalt - i dette høvet i den gamle Gravdal skule, i Våge skulekrins, i Torskangerpollen, Vågsøy kommune. Så kan ein søkja vidare enn der ein «står»; ta kontakt med utflytte personar, historielag (Vågsøy historielag, Nordfjord Sogelag), arkiv (Fylkesarkivet), museum (Nordfjord folkemuseum, Kystmuseet), bibliotek (kommunebiblioteket, Fylkesbiblioteket), stader der dei har gjort noko liknande (Bulandet). Pr. 14. mai 2008 var Prosjekt Gravdal skule godt i gang.

 

 

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

PERMANENT IDENTIFIKATOR