Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 17. november 2008

Sist oppdatert 23. august 2019

Kategori

Rå-data

Lokal skulesoge i eksamenstil - Johan Lillestøl



Hausten 1988 var me på veg til Johan Lillestøl på ytre Furefjerding, ein høgdegard på nordsida av Hornindalsvatnet. Fylkesarkivet hadde kome over nokre eksamenstilar frå 1921 der oppgåva var: "Eit minne fraa skulen." Me hadde lagt særleg merke til Johan Lillestøl sin stil. Den var velskriven og handla om eit læremiddel.

Frå gardsvegen til ytre Furefjerding 2007. Johan Lillestøl arbeidde med vegen alle åra han budde på garden, og han gjorde alt arbeidet med handemakt.

Frå gardsvegen til ytre Furefjerding 2007. Johan Lillestøl arbeidde med vegen alle åra han budde på garden, og han gjorde alt arbeidet med handemakt.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2007

Fotograf: Hermund Kleppa

Skulesoge i gamle stilar 

Det byrja med at Fylkesarkivet sommaren 1988 var på besøk i prestebustaden på Grodås i Hornindal. Ærendet var å sjå på nokre gamle papir der som ikkje høyrde til sokneprestembetet sitt arkiv. Mesteparten av papira hadde å gjera med skulen i Hornindal, og me la særleg merke til nokre gamle eksamenstilar. Dei fleste var skrivne i 1920-åra.

Ei av stiloppgåvene var: Eit minne fraa skulen. Svært interessant - her hadde me i hende døme på skulehistorisk kjeldemateriale me sjeldan kjem borti. Det vanlege skulehistoriske kjeldematerialet i kommunearkiva er skrivne av vaksne folk; - prestar, skulestyreformenn, krinsformenn og lærarar. Her hadde me eitt av unntaka, ei bunke nærare 70 år gamle stilar frå elevane ved folkeskulane i"gamle" Hornindal kommune. Me hadde jamvel samtidige skildringar av skuleminne, skrivne av born. Det vanlege er gjerne at folk skriv ned barndomsminne når dei er langt oppe i år og alder.

Seier noko om skulen i Hornindal 

Me bladde i stilbunken. Ein elev skreiv om presten på vitjing i skulestova, ein annan om ein plantedag, ein tredje mintest ei dramatisk hending ein dag dei "heldt på å rura trebola" (kva nå det måtte vera, ein leik?) på skuleplassen.

Kvar for seg gjev stilane forvitnelege glimt frå skulane i ein kommune kring 1920. Samla viser dei litt av innhaldet i folkeskulen i Hornindal på denne tida, og då på ein annan måte enn det me kan lesa oss til i trykte skuleplanar og omtale av skulefag og læreemne.

Stilane er elles interessante som språkhistoriske og skrifthistoriske kjelder. Me kan ana kva læraren har prøvd å lære frå seg om stilskriving, og i kva grad han har lukkast.

Ein av stilane 

Me stogga litt lenger ved ein av stilane. Kanskje var dette at stilen til Johan Lillestøl er eit interessant apropos til dagens rikdom av læremiddel som gjorde utslaget. Eller at stilen viser kor stor undring eit nytt læremiddel skapte, og kor djupt inntrykk det gjorde, i ei tid då lærarane hadde lite av læremiddel å hjelpa seg med. I tillegg kjem at stilen er svært godt skriven.

Johan Lillestøl: Eit minne fraa skulen 

I skulen hev eg havt mykje moro, og eg minnest mykje gilt som me hadde der. Men det var noko som eg aldri kjem til aa gløyma, og som eg no vil fortelgja litegrand um.

Det var ein dag med middag me borni var ute og leika. Men so var det ein av oss som saag at læraren for berande med noko inn i skulestova. "Det liktest ei maskine", sa han. "Kva var det maa tru?" Me slutta aa leika, og sette oss burt paa troppi, og studerte paa kva det kunde vera. Ja, saa kom læraren og ropte oss inn.

Me fekk daa sjaa noko som stod paa ein stol burt med omnen. Eg sat og studerte paa det heile timen. Kanskje var det ei kanone, -- nei det kunde ikkje vera det heller. Det var svartmaala, med tvo blanke kulor, og ei veiv var der og. - Nei dette var noko underleg, eg kunde ikkje skyna dette.

Men so gjekk læraren og tok maskina og sette henne uppaa katetret, Han byrgja og snu paa veivi, og daa han hadde gjort det ei stund, byrgja det aa gneista ut fraa dei tvo blanke kulone. Og so kom han og sette det ned paa pulten som eg sat. Han sa att eg skulde taka i den eine kula. Kameraten min skulde taka på eit brett. Me heldt kvarandre i hendene ned etter heile rekkja. Eg undra meg paa kva dette skulde verta til. Men so byrgja læraren og snu paa veivi, so det gjekk gneistar fraa kulone. Men du styggaste, kva som for uppigjennom handi mi. Eg tok handi tilbake det snaraste eg vann. Læraren sa at det var ei elektrisitetsmaskine, og det var vel so truleg.

No tok tvo gutar og bar inn ei fjøl og tvo flaskor. So lagde dei flaskone paa golvet, og deruppaa fjøli. So gjekk baae uppaa fjøli, ein paa kvar ende. Den eine tok i kula, den andre paa brettet. Den som tok paa brettet, heldt handi si burtaat nosi paa den andre. Læraren snudde pa veivi atter, og daa kom det ein gneiste utor nosi paa guten som heldt i kula. No bytte dei um, so den som gneisten kom utor, fekk draga gneisten utor kameraten sin.

Me tala om denne maskina mange dagar etter, og trykte det hadde vore morosamt med henne.

Dette var noko av det gildaste me fekk sjaa paa skulen, og minnet um denne maskina gløymer eg vel aldri, og det vil leva i minnet mitt. Det er so gilt aa hava eit og anna minne fraa barnedgane.


 

Møte med Johan Lillestøl 69 år etter 

Ein laurdag ettermiddag i august 1988 var me på veg til ytre Furefjerding for å treffa stilskrivaren. Me hadde stilen med oss, og fotografiapparat. Gardsvegen vestover frå indre Furefjerding går oppe i lia vel 300 moh. Her hadde det aldri køyrt nokon bil, eller vore noko gravemaskin i arbeid. Men du store tid kor mykje arbeid med handemakt det var lagt ned i denne gardsvegen. Me stogga fleire gonger for å sjå nærare på byggverket.

Like innanfor innmarksgjerdet møtte me arbeidsmannen og vegbyggjaren. Johan Lillestøl var i fullt arbeid, med vegen. Då me kom fram dit han heldt på, retta han ryggen frå nysprengde steinar. - Om det var turistar som var ute og fòr? Han sette seg nedpå, og let arbeidsnevane kvila for ei stund.

Me kom fram med ærendet vårt, eksamenstilen hans. Stilen han for nær 70 år sidan hadde slutta med desse orda: "..minnet um denne maskina gløymer eg vel aldri, og det vil leva i minnet mitt."

Kan du hugsa kva du skreiv om i eksamenstilen din i 1920? - Hm, ja, skal tru om det ikkje var om eitkvart frå skuletida --? (.. det vil leva i minnet mitt --) - Ja, då minnest du kan henda kva det var du mintest frå skuletida di og, kva det var du skreiv om? - Hm, hm, ja -- mon det ikkje var noko om ei maskine, noko med fysikkjen --? (.. minnet um denne maskina gløymer eg vel aldri..)

Johan kunne fortelja oss meir frå skuletida si. Me kunne samla meir skulehistorisk stoff frå ein namngjeven skule. Samstundes var det ei særleg oppleving å få møta Johan Lillestøl i fullt arbeid med jord og stein. Det var nemleg noko av livsverket til Johan, å arbeida med og mot stein, på gardsvegen sin og på innmarka si.

Me møtte ein slitar, eit menneske som trass i høg alder stod midt i eit livslangt arbeid på garden sin. Me møtte ein mann som hadde godt feste i fortida si, men som samstundes hadde auge og tanke for framtida. Han viste oss noko av livskallet sitt, arbeidet sitt vidare, å halda fram med gardsvegen sin så lenge kreftene heldt.

Johan Lillestøl døydde hausten 1989.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Kleppa, Hermund: Skulejubileum - lokal skulesoge i gamle stilar. I Fjordingen, 28.09.1988
Kommunearkivet for Hornindal, skulestyrearkivet

PERMANENT IDENTIFIKATOR