Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Jordbruksskulen på Mo



Garden Mo vart jordbruksskule i 1858, og er den nest eldste jordbruksskulen i landet som enno er i drift. Garden er ein av dei største i fylket med kring 500 dekar innmark og 3000 dekar skog.

Skulegarden på Mo, slik han tok seg ut i 1915, med ein elegant hage ned mot Movatnet. Namnet på skulen i år 2001 er Mo og Jølster vidaregåande skule.

Skulegarden på Mo, slik han tok seg ut i 1915, med ein elegant hage ned mot Movatnet. Namnet på skulen i år 2001 er Mo og Jølster vidaregåande skule.

Eigar: Ukjend.

Datering: 1915.

Fotograf: Olai Fauske.

Det eldste tunet

Den første jordbruksskulen i fylket starta på Vestreim i Sogndal i 1846 av proprietær Lars Westrem. På 1850-talet vart det strid mellom Westrem og fylkeskommunen, som i 1856 i staden kjøpte garden Mo i Førde av Ola Abrahamson Mo for 18 000 kroner. I 1862 kjøpte fylket hovudbygningen frå den tidlegare sjefsgarden Skaug i Fresvik i Sogn, som vart flytta til Mo som bustad for styrar og elevar. Det nye tunet på Mo vart då flytta nærare Huldefossen, og det vart bygd ny løe og fjøs i eit stort vinkelbygg aust for hovudhuset.

Martin Luther Storm

Utover på 1860-talet meinte mange at skulen på Mo burde leggjast ned, men så kom Martin Luther Storm (1836-1916) som styrar i 1873 og berga skulen. Han fekk avtale med fylkeskommunen om personleg å drive både gard og skule, og vart verande på Mo heilt til 1907, då fylkeskommunen igjen overtok drifta. Storm dreiv skulen med stor innsats og oppofring i ei tid då mange landbruksskular vart nedlagde. Han var ivrig med skogplanting og dreiv nydyrking, sjølv om han meinte jordsmonnet var magert og garden hadde "bedrøvelige skov- og havnegangsforhold". Men gamle bilete viser at det på Mo var eit vakkert tun, med ein flott allé frå vegen og ein fin hage ned mot vatnet.

Seinare utbygging

Då Storm slutta, ville mange selje garden, men med knapt fleirtal vedtok fylkestinget i 1906-07 å satse vidare på Mo. Skulen vart rusta opp, og fekk fleire bygningar, m.a. ny hovudbygning i 1920. I 1930-åra kom den første siloen, og i 1948 den første traktoren. Dei nye bygningane på vestsida av tunet med internat, matsal og kjøken kom opp i 1970, då den gamle hovudbygningen vart riven. Den staslege hagen med frukttre, bærbuskar, blomar og gangvegar låg der internatbygget vart sett opp. Det eldste huset i tunet no er frå 1860-åra og var tidlegare m.a. brukt som meieri.

Minnestein

I tunet står det ein minnestein i granitt over Martin Luther Storm, laga av kunstnaren Nils Bruland (1922-2000). Den innrissa teksten siktar til Storm si store interesse for skogplanting: "Hvor Plogen ei kan gaa og ljaaen ei kan slaa der bør et Træ at staa".

Dagens skule

Skulen på Mo er no ein av to jordbruksskular i fylket (den andre er Sogn jord- og hagebruksskule i Aurland). Sidan 1992 har skulen hatt namnet Mo og Jølster vidaregåande skule, studieretning naturbruk, og vore administrert saman med den tidlegare Heimeyrkesskulen på Vassenden. I skuleåret 2000-01 er det 63 elevar på skulen på Mo, fordelt på sju klassar, og 42 personar har sitt daglege arbeid her.

Huldefossen

Rett ved gardstunet på Mo ligg Huldefossen, som er ein av dei vakraste fossane i fylket, og den største turistattraksjonen i Førde. Fossen vert danna av Holsavassdraget (elva Hulda) som stupar 90 m ned før det går saman med Jølstra ved Mo.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Djupedal, Torkjell: Førde - kulturhistorisk vegvisar. Førde 1998.
Engesæter, Aage og Johs B. Thue: Sogn og Fjordane fylkeskommune gjennom 150 år. Oslo 1988.
Førsund, Finn B.: Førde bygdebok. band 2. Førde 1992.

Nettstader:
Heimesida til Mo og Jølster vidaregåande skule:
http://www.mojo.vgs.no/

PERMANENT IDENTIFIKATOR