Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 11. oktober 2019

Sist oppdatert 11. oktober 2019

Kategori

Rå-data

Landbruksskulen på Rikheim



Rikheim landbrugsskole i Lærdal var eit kortliva prosjekt i inngangen til 1900-talet. Skulen vart lagt ned etter berre ti år, men greidde å krysse fram ein eigen eplesort og avle fram ein ny rase storfe.

Biletet er frå Lærdal landbruksskule (Rikheim). Ola Henjum frå Tamburgarden er ein av karane på biletet. Kvar han står, og kven dei andre personane er, er førebels ukjent.

Biletet er frå Lærdal landbruksskule (Rikheim). Ola Henjum frå Tamburgarden er ein av karane på biletet. Kvar han står, og kven dei andre personane er, er førebels ukjent.

Eigar: Olav Henjum

Datering: 1895-1900

Fotograf: Ukjent

På slutten av 1800-talet var jordbruket ei av dei viktigaste næringane for Nordre Bergenhus Amt, eller Sogn og Fjordane, som det heitte frå 1918. På 1860-talet var jordbruksskulen på Mo i Førde i fare for å bli lagt ned, men so kom ein ny mann bak rattet. Seinare høgt rosa Martin Luther Storm (1836-1916) fekk skulen og agronomutdanninga so på rett kjøl at han seinare måtte syne vekk kvalifiserte elevar. Til dømes fekk skulen i 1891 tjue søkjarar på berre ti elevplassar. Styrar Storm tok sjølv for eiga rekning opp to ekstra elevar. Riktignok var han lur nok til å sei han forventa å bli betalt att for godgjerninga si;

(…) måtte jeg selfølgelig tage de 2 overskydende [elevar] på eget ansvar og egen regning; men jeg gjorde det i tillit til, at kommende amtmandskap (…) vilde bevilge det fornødne tillæg og således holde mig skadesløs for det offer, jeg her bragte for skolen.

Skulen vert til

Slikt eit engasjement for jordbruksutdanning fekk fart på tinget, og i 1895 sette ein komité i gang med å leite etter en passande skule. Gjennom å reklamere i aviser fekk dei inn 12 tilbod på gardar, og kom til slutt med forslaget om å anten kjøpe Hovland gard i Sogndal eller leige Rikheim i Lærdal. Grunna både betre vegtilgang, fleire gardsbygningar og at amtstinget kunne trekke seg om skulen gjekk dårleg, valde dei Rikheim. Difor leigde Nordre Bergenhus Amt garden til lensmann Claus Rumohr for 3.000 kroner i året med ei kontrakt på 16 år.

Rikheim var ein storgard i Lærdal. Den hadde ein frukthage på 25 mål som gav ei monaleg inntekt i løpet av eitt år, 230 mål dyrka mark, ein 150 km lang flat veg frå fjorden og nok skog til å både stå for varme og tømmer. Eigaren, lensmann Rumohr, flytta frå garden til Lærdalsøyri med familien, men heldt fast ved fiskeretten i Lærdalselvi, jaktretten og utleigeretten av reinbeitet i Dyrkolsætfjella.

Heile 48 personar søkte om å kome inn på den nye skulen, og 13. januar 1898 byrja det første skuleåret på Rikheim med 15 vanlege elevar og fem privatelevar. Johannes O. O. Aashamar var skulen sin første og einaste styrar.

Kvardagen på garden

Kvardagen på Rikheim var variert for elevane. Om hausten hadde dei kring fem timar teoretisk undervising på føremiddagen, følgd av arbeidet på sjølve garden. I alt hadde elevane oppgåver om lag ti timar av dagen. Om vinteren hadde dei mindre arbeid ute på garden og måtte sysselsetje seg innandørs, mellom anna med teikning, rekning og zoologi.

Undervisinga vart sett på vent kring både gjødslinga, slåttene og haustinga. Då måtte elevane ta att dei teoretiske faga som kjemi, kartteikning og bokhalding.

På tidleg 1900-tal var ikkje språkkunnskapen den beste hjå bøndene i fylket. I styrar Aashamar si skildring av tilhøva ved skulen til Amthstinget i 1903 meiner han at ungdomane er «uhjelpeleg i anvending av kunnskapen» dei har, og at dette gjer undervisinga vanskeleg. Ikkje berre var skrivinga til nokre elevar svak, men også det Aashamar meiner burde vore ålmenn kunnskap, noko han ikkje la skjul på:

Fremdeles vil eg nævne kundskaben om vort fædrelands naturforhold og dets historie som altfor mangelfuld. Nogle kjender vistnok navnet og til dels endog innbyggerantallet (for 10-20 aar siden) for en del byer; men de naturlige forhold, og de vilkaar, hvorunder vort folk arbeider og har udviklet sig gjennem tiderne, det er for de fleste ukjendte omraader.

Trass i enkelte klager frå skuleadministrasjonen, besto dei fleste elevar eksamen. Det veit vi fordi resultata av prøvane og kven som fekk vitnemål som «duelige landsmænd» vart offentleggjort ved kvart amtsting. Det var ikkje snakk om å verne om elevane sitt privatliv då.

I løpet av åra skulen var i drift auka elevtalet og fleire og fleire kom til frå alle delar av fylket. Første året, i 1897, kom sju elevar frå Ytre Sogn, åtte frå Indre Sogn, fire frå Nordfjord og berre éin frå Sunnfjord. I 1904 kom ti elevar frå heile Sogn, ni frå Sunnfjord og fem frå Nordfjord. Denne fordelinga stemmer med opptaket til landbruksskulen på Mo i Førde som hadde ei overvekt av sunnfjordingar i desse åra.

«Elever med svag helse synes ikkje at taale den tørre og skarpe luft»

Sjukdom var eit problem som herja i alle år på Rikheim. Kvar årsskildring går i detalj om elevane sin helsetilstand, nettopp fordi det ofte stod dårlig til. Nesten kvar vinter fekk fleire av dei pleuritt, brysthinnebetennelse. Ved fleire høve utvikla dette seg til lungebetennelse eller til og med tuberkulose.

I 1905 vert det skriven om ein elev som reiste heim med pleuritt og døydde fjorten dagar seinare grunna tuberkuløs hjernebetennelse. Fem elevar til måtte heim den hausten med nyre- og lungesjukdom, og berre to kom att til eksamen. Fleire elevar vart også mindre alvorleg sjuke den vinteren.

Det var muligens noget skarpere sno fremover vaaren end vanligt; men eg merkede ikkje noget videre forkjølelser, som gjerne pleier at være den nærmeste følge heraf. Efter nyttaar har fremdeles en elev maattet reise hjem (pleurit), saa elevernes antal nu kun er 18.

Dei årlege «stadige klager om forkjølelsessykdomme» vart teke opp for amtstinget då dei skulle vurdere reorganisering av landbruksskulane i amtet i 1907.

Lanbruksskulen i fare

På starten av 1900-talet sto landbruksskulane i amtet i fare for å forsvinne heilt. Dei hadde søkjarar som aldri før, og måtte sende vekk halvparten av alle som ville bli elevar, både på Mo og Rikheim. Likevel var begge skulane plaga med sine eigne problem. På Mo var jordsmonnet ikkje spesielt godt, noko det hadde blitt jobba med i åresvis for å betre. I tillegg mangla dei husrom og undervisingssalen var liten.

Desse same plassproblema hadde Rikheim, men her var det mogleg for nokre elevar å bu på gardane kring skulen, noko som ikkje gjekk på den einslege garden Mo. Likevel, meinte amtstinget, var det for få frå Fjordane som søkte seg til skulen i Indre Sogn. I tillegg var det problemet med elevar som til stadigheit vart sjuke på garden.

Då landbruksskulevesenet skulle omordnast i 1907 var det nett desse problema som gjorde slutten for Rikheim skule og som nesten tok med seg Mo med det same. Ordførar i Lærdal, Tøger Ravn, argumenterte i fleire rundar for å behalde skulen på Rikheim, men det er tydeleg at amtstinget hadde bestemt seg – dei ville ikkje lenger drive landbruksskulen.

Som ein del av eit større vedtak vart altso Rikheim landbruksskule lagt ned i 1907 med eit samstemd fleirtal. Eit siste kull med elevar avslutta sin skulegang i 1908.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fylkestingsforhandlingane for Sogn og Fjordane 1895-1908.


Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. FK-1034 Rikheim Landbruksskule

PERMANENT IDENTIFIKATOR