Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Omtalt

Publisert: 14. mars 2018

Sist oppdatert 16. mars 2018

Kategori

Kommune

Hornindalens Friskole



Skule skapar strid. Det har det alltid gjort. På 1880-talet førte usemje om lærartilsetjing i Hornindal til opprettinga av ein privatskule.

Utkast til skuleplan for Hornindalens friskole.

Utkast til skuleplan for Hornindalens friskole.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane


I møteboka frå friskulen vert bakgrunnen for konflikten beskriven slik: Då lærar- og kyrkjesongar Knut Kirkhorn døydde i 1885, samla mange av innbyggjarane i Hornindal seg bak Kristian Loen sitt kandidatur til den ledige posten. Skulestyret innstilte då også Loen på fyrsteplass, men likevel gjekk jobben til Ivar Hole, ein søkjar frå Sunnmøre. Han hadde berre støtte frå presten. Utnemninga skapte mykje harme mellom folk, og "Presten fik høre ilde for, at han havde bevirket et saadant Resultat".

Eit halvt år seinare døydde Hole, og nok ein gong vart det strid om tilsetjinga av ny lærar. På oppmoding søkte Loen posten, men etter mykje att og fram vart han funnen for lett. Ved denne tilsetjinga var det visstnok lærarstanden som stakk kjeppar i hjula:

Det saa ud til at Lærerstanden inden Distriktet havde avgjørende Indflydelse i alt offentligt Stel og naar dette ikke kunde opnaaes ved egen Dygtighed saa skulde Intrigerne gjøre Tjeneste [...] Resultatet av hele Staaket blev den, at Liljedahl fra Lyster i Sogn blev udnevnt.

Edvard Liljedahl var nok i mange hornindølers augo ein svak kandidat fordi han var sogning. Det kjem tydeleg fram i eit brev ein del gardbrukarar og husfedre sende til skulestyret i 1886:

Naar stiftsdirektionen nu har anbefalet et par ansøgere fra Sogn at komme i betragtning ved indstillingen, da må vi hæfte os lidt derved. Vi skal gaa udfra, at de af stiftdirektionen anbefalede ansøgere, hvad dygtighed angaar, kan ligestilles med hr. Loen - noget vi forresten ikke har kjendskab til. Enhver vil dog være enig i, at det at flyttes over i helt fremmede forholde vil have sine vanskeligheder at overvinde, selv om læreren er et mønster paa velvillighed. Lærere, som ikke er det mindste kjendt med en bygds seder og skikke eller med det ejendommelige i folkekarakteren, kan først sent finde sig tilrette og vil fra først af savne det grundlag og den støtte, som er nødvendig for et frugtbringende arbeide paa barneskolens område. […] Mænd fra Sogn er
ogsaa, hvad dialekten angaar, mindre skikede til at komme i et intimere forhold til børnene her og kan derfor først efter lang tid efterkomme paalægget om at bruge barnets eget maal ved undervisningen.

Nyttårsdag 1887 var Liljedahl på plass i Hornindal. Tilsetjinga førte til eit varmt ordskifte i Fjordenes Blad. Vener av Liljedahl i Luster gav han gode skussmål. Dei kom i tillegg inn på at Liljedahl "fik ogsaa Skrivelse fra Mænd, der nydere fuldt saa megen Tillid og Agtelse i Hornindalen, [...] og disse anmoder han alvorlig om at modtage Posten".

Sogneskepsisen var såleis ikkje einerådande i bygda, og striden handla vel helst om andre ting enn fogderikamp og dialektforskjellar. Konflikten botna nok meir i politikk og livssyn. Loen vart rekna som radikal, medan Liljedahl hadde eit konservativt sinnelag.

Då Loen for andre gong vart vraka til ein lærarjobb i Hornindal fekk protestane eit konkret uttrykk. På eit kyrkjelydsmøte kom det fram planar om å starte privatskule. Loen fekk tilbod om jobben, men på grunn av sjukdom, og dessutan av omsyn til familien, kunne han ikkje takke ja til posten. Det vart då sett ut lysing i fleire aviser. Haakon Aasvejen frå Stjørdal fekk til slutt tilslaget. Han hadde utdanninga si frå seminaret i Klæbu, og stilte elles med lærarerfaring frå ein privatskule i Elverum.

Hornindalens Friskole

Skulen kom for alvor i gang 5. september 1887. Husrom vart leigd hjå Otto Knudsen Grodås på Sanden. Frå dagboka går det fram at 23 elevar i alderen 8-15 år møtte fram til det fyrste skuleåret. Dette talet kan ikkje ha vore fullstendige, for i årsmeldinga vert det opplyst at i alt 45 born hadde besøkt skulen.

Kanskje skuldast forskjellen i elevtal at det er noko uklart kor tid skulen faktisk byrja. I møteboka står det at "Lærer L Sunde fra Stryn vikarierede først nogle Uge". Desse vekene er ikkje tidfest, men det skjedde i påvente av at Loen skulle tiltre stillinga,
så det må ha vore vinteren/våren 1887. I tillegg til barneskulen la styret hausten 1887 planar om å starte opplæring for konfirmert ungdom. I januar 1888 tok folkehøgskulen imot dei fyrste elevane.

Med Haakon Aasvejen kom det ein svært dugande skulemann til Hornindal. Saman med Johannes Aashamar, ein annan lærar ved skulen, sette han eit varig preg på mange elevar. Ola Rotevatn fortalde i ein avisartikkel i Fjordabladet i 1947 dette om Aasvejen og Aashamar:

Aasvejen var mannen på kateteret. Når han stod der og fingra med klokkekjeda og fortalde soga, anten det var no om grekarar og romarar eller om Harald, Olav, Sverre med deira menn, so sat vi ikkje lenger i Honndalen; med heile vårt tilvære vart vi flytta til Grekarland, Egypt eller Svolder. Livs livande kunne han gjere emnet. Aashamar var meir kamerat, men i skuletimane sessa han oss mellom blomar, åker buskap og alt sommarheimleg, midtvinters. So var han no slik ein brand i rekning. Vi skulle ikkje tru at to og to var fire, fordi han sa det - vi skulle prove det. Ingenting dugde for han uten det var prova.

Økonomien var heile tida ei utfordring. I 1888 gjekk skulen med eit underskot på 103 kroner. Det viste seg dessutan vanskeleg å drive inn kontingenten, og restanselister måtte skrivast ut fleire gonger. I 1890 var gjelda komen opp i over 500 kroner. Til slutt var nok finansieringsproblema ei avgjerande årsak til at skulen måtte dra inn årene. Kor tid det skjedde fortel ikkje kjeldene i vårt arkiv, men det siste møtet som er registrert i forhandlingsprotokollen er datert 19. april 1891.

"Et Hug i Ræven"

Privatskulen kom til å splitte bygda. Nøyaktig kor stor støtte det såkalla friskulepartiet hadde, er vanskeleg å vite. I ein avisartikkel i Fjordenes Blad i 1890 blei det påstått, rett nok frå motstandarane av skulen, at dei som støtta friskulen og sende borna sine der ikkje utgjorde meir enn ein halv skulekrins. Det som i alle fall er sikkert er at det private skuleprosjektet i Hornindal fyrte opp folk. Ærekrenkingar og trugslar om vald gjekk gjennom bygda. I 1890 klaga Aasvejen sine støttespelarar over ein gardbrukar som skulle ha

udtalt sig i haarde Ord om Hornindalens Friskoleinteresenter og Venner. Han skal saaledes have sagt, at Friskolepartiet er det største "Raatepak og Fantepak", og vi har Vidner paa, at han har sagt, "at Friskolepartiet skal passe sig, saa det ikke snart skal faa et Hug i Ræven"

Den bitraste striden stod likevel mellom Haakon Aasvejen og presten i Hornindal, Fredrik Riis Krogh.

"Krig i Hornindal"

I 1889 vedtok Stortinget ei ny lov for folkeskulen på landet. Ho gav auka makt til kommunane og skulekrinsane. Tidlegare hadde presten vore sjølvskriven formann i skulestyret, men no stod medlemene i styret fritt til å velje leiar.

I Hornindal vart  Aasvejen valt til formann i skulestyret. Krogh nådde ikkje ein gong opp til å bli nestformann. Dette utfallet tykte presten lite om. I desember 1889 trampa Krogh inn på eit møte i fattigkommisjonen og laga brudulje og skandale. Han raste over  valresultatet i skulestyret, og kalte Aasvejen for "falsk profet" og "ulv i faareklæder".

Basketaket mellom Krogh og Aasvejen nådde etterkvart rikspressa. Dagbladet gav generøst med spalteplass til konflikten. Under overskrifta "Krig i Hornindal" publiserte dei eit referat frå eit kyrkjelydsmøte der Krogh grunngav skuldingane sine.

Aasvejen var grundtvigianar, og tilhøyrde såleis ei kyrkjeleg retning som ifylgje presten "led af flere betænkelige Skjævheder". Den la for det fyrste ikkje nok vekt på det heilage gudsordet. Grundtvigianismen hadde elles ei for sterk tru på det gode i mennesket, og var i tillegg for tolerante overfor fritenkjarar.

Deretter gjekk Krogh inn på problema han konkret hadde med Aasvejen. Under eit lærarmøte på Nordfjordeid skal Aasvejen ha hevda at borna ikkje burde bli tvungne til lekselesing. Krogh var
usamd i dette. Eit anna klagemål galdt kateteret på skulen, der det stod "Oplysning og Fremskridt". I fylgje Krogh var det alvorleg at det viktigaste av all opplysing, den kristne, ikkje var nemnt. Dette peikte mot at "Kristendommen ikke sættes
særdeles højt der".

Krogh lista opp det eine punktet etter det andre for å grunngje kraftuttrykka han hadde slyngt ut mot Aasvejen. Syndelista var lang. Til dømes skal Aasvejen ha uttalt at "den kirkelige Forkyndelse er for tør og lovmessig". Og då nokre elevar på friskulen sat og skribla under ei gudsteneste, så trudde rett nok ikkje Krogh at Aasvejen hadde gjeve dei lov til det, men "det ligger meget nær at anta, at han i alfald vidste om det". Dessutan viste Aasvejen for stor toleranse for fritenkjarar. Han hadde hengande eit bilete av Bjørnstjerne Bjørnson på skulen: "det er en bekjendt nok, at B.B. er ligefrem Fiende af Kristendomen".

Aasvejen hadde òg gjeve boka «Oppdragelsen» av Herbert Spencer til soknebiblioteket. I fylgje Krogh leid boka av ein sentral feil, nemleg at det religiøse i oppdraginga ikkje var nemnt. For ikkje å støyte Aasvejen valde Krogh likevel å ta ho inn i boksamlinga. Til dette kommenterte Dagbladet, nærast spitig, i ein fotnote: "End Præsten da, som af pure Hensyn til Aasveien indlemmer en saadan Bog i Biblioteket! Sætter han Hensynet til Aasveien over Hensynet til sin Menighed?"

Etter den lange lista med bevisføring kunne ikkje dommen frå Krogh bli anna enn knusande:

Jeg er nu færdig, og som man vil se, har jeg nu vist, at Aasvejen er en falsk Profet, og at mine Udtryk om ham er berettiget. Jeg maa herefter stille mig i bestemt Modsætning til Friskolen, og jeg beder de Forældre, som har sine børn der, at de opsiger Aasvejen snarest muligt og nedlægger Friskolen. Ja, kjære Folk gjør dette, saa kan vi faa fred i Bygden.

Ola Rotevatn kom i ein artikkel i Fjordabladet inn på at det i tillegg var ein språkstrid mellom dei to. Krogh skulle verne om både den reine læra og det reine språket i kyrkjelyden. Aasvejen førte ikkje berre Guds hjord vill, han gjorde det til og med på kråkemål.

Dei to kamphanane inngjekk til slutt forlik, men vart aldri vener. Krogh trakk attende skuldingane sine - om enn motvillig. Aasvejen på si side pakka snippen og drog i 1890 vidare på livsvegen, som førde han til Aust-Agder. Han var tydeleg vonbroten over motstanden han hadde møtte frå dei "moderate", som dominerte i Nordfjord.

Men Aasvejen gjorde eit sterkt comeback. I 1898 kom han attende til Sogn og Fjordane, då han vart utnemnt til styrar ved Fjordenes amtsskule i Florø. Seinare vart han redaktør av Fjordabladet. Han var dessutan ein av skiparane av Firda Mållag, og hadde elles mange verv.

kjelder:

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: SFF-92027 Hornindalens friskole


Aasvejen, Haakon: Ungdomsskulen i Norge i 50 aar 1864-1914 : I. Folkehøgskulen II. Amtskulen III. Private ungdomsskular. Kristiania : Kyrkjedepartementet, 1914


Dagbladet 14.02.1890


Fjordenes Blad


Haakon Aasvejen - Allkunne


Hornindal kommune. Skulestyret. Møtebok 1867-1899


Lothe, Anders A.: Målreisingssoga i Sogn og Fjordane. Florø: Firda lærarlag, 1950


Øvre-Eide, Bergljot: Noko om striden kring Aasvejens Folkehøgskule 1887-1890 i Hornindal. I: Årbok for Nordfjord 1963