Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 12. juli 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Balestrand lærarskule



Skulelova i 1860 førte med seg store endringar i elevane og lærarane sin kvardag. Lærarane måtte undervisa i fleire nye fag, og det vart stor mangel på kvalifiserte lærarar. I 1860-åra vart det difor oppretta fleire lærarskular som skulle bøta på dette. Lærarskulen i Balestrand vart skipa i 1863 og var i drift til 1880. 236 unge menn fekk eksamen her.

"Balestrands Lærerskole, tredie Kursus 1866/1867". Mannen i midten i venstre del av biletet er styraren, teolog Didrik Arup. Mannen med stokk midt i høgre del av biletet er Anders Person Øvrebø som òg hadde timar ved skulen og var lærar i den faste skulen i Balestrand. Biletet syner 20 elevar dette skuleåret. Elevane er namngjevne på originalbiletet frå venstre, men ikkje etter rekkje: Søreide (bak), Reppen (framme), Fanebust (bak), Sørebø (framme), Espenes, Refsdal, Knudsen, Tynning, Linde, Mork, Sætre, Engh, Gudal, Apnesæther, Hope, Muri, Hillestad, Sølvernæs, Kjørlaug, Frisland.

"Balestrands Lærerskole, tredie Kursus 1866/1867". Mannen i midten i venstre del av biletet er styraren, teolog Didrik Arup. Mannen med stokk midt i høgre del av biletet er Anders Person Øvrebø som òg hadde timar ved skulen og var lærar i den faste skulen i Balestrand. Biletet syner 20 elevar dette skuleåret. Elevane er namngjevne på originalbiletet frå venstre, men ikkje etter rekkje: Søreide (bak), Reppen (framme), Fanebust (bak), Sørebø (framme), Espenes, Refsdal, Knudsen, Tynning, Linde, Mork, Sætre, Engh, Gudal, Apnesæther, Hope, Muri, Hillestad, Sølvernæs, Kjørlaug, Frisland.

Eigar: De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum.

Datering: September 1866.

Fotograf: Ukjend.

Lærarmangel etter skulelova i 1860

Skulelova i 1860 innførte fleire nye fag, og førte til ei stor omlegging av arbeidet i skulen. Skulane mangla no folk som hadde den naudsynte kunnskapen. I denne stoda var det trong for ei godkjend utdanning som var noko kortare og med færre fag enn "Seminariet". Me fekk lærarskulane, og i Bjørgvin bispedøme vart det oppretta slike i Balestrand, Volda og Voss. Truleg hadde sokneprest Sverdrup mykje av æra for at eine skulen vart lagd til Balestrand. Han hadde òg vore ein sentral mann i skipinga av Fylkesbaatane og andre viktige saker i fylket. I mars 1862 skreiv skuledirektøren at han "ønskede at indrette en lærerskole med 24 elever i Balestrand forenet med den faste skole på stedet". Første året leigde dei hus hjå Landmark som åtte største bruket på garden Bale og hadde stort hus med god plass. Andre året kunne dei flytta inn i nye lokale som vart bygde som eit tilbygg til den faste skulen i Balestrand. I 1867 ytte staten 65 spesidalar til eit lite skur der dei kunne ha gymnastikkøvingane. Dette skuret vart til dagleg kalla Bana og stod der Den Engelske Kyrkja kom i 1897.

Dei første elevane

Den 10. februar 1863 møtte det opp 14 gutar, men etter kvart kom det fleire slik at det vart 24 elevar første året slik planen var. Dei siste 8 kom frå lærar Nesheim i Luster som hadde hatt gutar til opplæring. Han vart sjuk og elevane hans kom til Balestrand. Læretida på skulen den gongen var 1 ½ år, og det skulle undervisast i religion, norsk, rekning, soge, kyrkjesoge, geografi, naturfag, song og skriving. Skulelova i 1860 svekka den dominerande stillinga som religionsundervisninga hadde hatt sidan skulane på bygdene vart oppretta i 1739. Første styraren på lærarskulen i Balestrand var teologisk kandidat. Han hadde òg ansvar for å undervisa i "legemsøvelser og våbenbrug". Elevane skulle òg øvast i "Bajonetfekting for Infanteriet" og "Excerserreglementet for Infanteriet". Det er lett å skjøna at ein teologisk kandidat kunne kjenna seg noko framand i desse faga. Han tok kontakt med folk som hadde gått rekruttskulen og fekk dei til å hjelpa seg.

Teikning av den første faste skulen i Balestrand.

"- se Græsset gro. -"

Knud Karl Krogh-Tonning var ei tid styrar ved skulen. Om dette arbeidet skreiv han: "Meget at gjøre, men det var også et frugtbart Arbeidsfelt. De unge Mennesker som fra forskjellige Egne av Bergens Stift kom hid for at forberede seg til at blive Lærere i Folkeskolen, var meget lærevillige, overordentlig flittige og tillegnede sig med stor Samvittighedsfuldhed alt, hvad der blev bibragt dem. Det var et lønnede Arbeide man havde med disse folk. I rigt Mål havde man her den Tilfredstillelse at kunne "se Græsset gro."

Portrettbilete av Knud Karl Krogh-Tonning.

Overarbeidde

Første året var budsjettet på 415 spesidalar. Til dette kom òg 150 spesiedalar til ymse utstyr. Mellom utstyret finn me ei krukke "Fnatsalve". Dei hadde også vanskar med skabb. Etter kvart fekk dei fast lege som såg til elevane og tilhøva ved skulen. Legen meinte at det største problemet likevel var at elevane arbeidde for mykje. "De opgav at arbeide fra kl. 5-6 om morgenen til 12-1 nat med ringe avbrydelser". Ein gong skreiv legen at 11 av elevane hadde hadde "symptomer som blegsottige piger, overanstrengt ved læsning."

Opna skulevegen for mange

Lærarskulen i Balestrand opna ein ny veg for mange gåverike gutar. Vegen om seminaret var lang både økonomisk og sosialt, og mest ikkje å tenkja på for søner av husmenn og arbeidarar. Skulen i Balestrand vart nedlagd i desember 1880. Den verste lærarmangelen var over. I åra skulen var i drift, fekk 236 unge menn eksamen og papir på at dei kunne gå ut i skulen og læra frå seg til andre. Av desse var det 167 gardbrukarsøner, 63 husmannssøner og 6 lærarsøner. 28 av elevane var frå Balestrand, 21 frå Hafslo, 13 frå Vik og 12 frå Luster. Det var òg mange frå både Sunnfjord, Ytre Nordfjord og frå Hordaland. Fleire av dei som gjekk på denne skulen gjekk vidare til seminaret eller til universitet og andre høgare skular. Fleire drog òg til Amerika og fekk vidare opplæring der.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Laberg, Jon: Balestrand, bygd og ætter. A.S Lunde & Co.'s forlag. Bergen 1934.
Urtegaard, Gunnar, m.fl.:Soga om grunnskulen 1739-1989. Balestrand 1989.

PERMANENT IDENTIFIKATOR