Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Skulekrinsar og skulehus i Aurland



Aurland har mange fjell og fjordar. Skulevegane før var gjerne lange, og kunne vera farlege om vinteren. Såleis vart det mange skulekrinsar, med "pendlande" lærar og kortare skuleveg for borna.

Det vesle kvite huset er skulehuset på Vangen, bygt 1879. Det store bak dette er Vangen skule, bygt 1933, ofte kalla Universitetet, då nærmast alt av skuleslag ei tid var samla her.

Det vesle kvite huset er skulehuset på Vangen, bygt 1879. Det store bak dette er Vangen skule, bygt 1933, ofte kalla Universitetet, då nærmast alt av skuleslag ei tid var samla her.

Eigar: Aurland kulturkontor, fotosamlinga.

Datering: 2000.

Fotograf: Arvid Indrelid.

Omgangsskulen og skulevegane

Skulelova av 1741 krov ei ordning med skulestellet. Dette året sette dei opp ein "skulefundats", med lover og reglar for korleis skulestellet i bygda skulle ordnast. Det viktigaste i denne Placat og nærmere Anording angaaende Skolerne paa Landet i Norge var at det einskilde prestegjeldet sjølv skulle ordna med skulestellet. Presten skulle ta initiativet til eit møte for å få til ei ordning. Kommunen vart delt inn i krinsar, og ein lærar skulle reisa rundt og undervisa borna, 8 til 16 veker i året. Ute i grendene samlast dei på gardane, ofte i bolkar på 14 dagar. Utkantar med høgdagardar hadde gjerne omgangsskular. Skulen gjekk på omgang, og læraren "flytte på seg". Borna vart på denne måten sparte for dei lengste og farlegaste skulevegane.

Skulekrinsar og skulestader

Aurland kommune har hatt desse skulekrinsane:
Vangen
Flåm
Berekvam
Myrdal
Undredal
Dalen
Vassbygdi
Nærøydalen (Dyrdal, Bakka og Skjerpi).

Det vart halde skule på desse stadene:
Urvik og Nesbø (Aurdalen i Aurlandsdalen)
Sinjarheim
Stondalen
Bjørgo og Turli
Skjerdal
Berekvam
Otternes og Ytreli (Bakkane krins for dei to sistnemnde).

Skulehusa

Med skulelova av 1860 kom eit strengare krav om opplæring og om bygging av skulehus.

Dei første skulehusa:
Flåm 1862
Vassbygdi 1866
Undredal 1871
Dalen 1876
Vangen 1879. Frå 1848 vart huset til forbruksforeininga på Vangen (Skjerdalsbutikken) nytta.
Skjerpi 1882
Berekvam 1899
Dyrdal 1901
Bakka 1908
Myrdal 1921

Seinare nybygg:
Flåm 1914 og 1986
Undredal 1921 og 1998 (tilbygg)
Vangen 1933 og 1974
Vassbygdi 1952
Dalen 1970
Skjerpi 1973

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Ohnstad, Anders J.: Aurland I, frå s. 273 og frå 390. Aurland 1962.
Ohnstad. A. J. (skriftstyrar): Glimt frå aurlandssoga I, frå s. 152. Aurland 1991.
Lokalhistorisk senter:
Aurland kommune, kommunearkivet: Protokollar for skulestyret og skulekrinsane i Aurland kommune.
Aurland kulturkontor, fotosamlinga.

PERMANENT IDENTIFIKATOR