Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 04. desember 2007

Sist oppdatert 18. januar 2019

Kategori

Kommune

Sunnfjord Museum - Guddal skulehus



Etter at bygdetunet i Movika - no Sunnfjord Museum - opna i 1950-1951, var Sunnfjord Sogelag på leiting etter eit gamalt skulehus. I 1958 fann dei eit i Guddal. Det vart ledig då Fjaler kommune bygde ny, stor skule om lag ein kilometer frå gamleskulen på Øyra. Otto Huseklepp skreiv om korleis det bar til i Jol i Sunnfjord 1960. Her er artikkelen attgjeven noko redigert og avkorta, og med eit tillegg.

Skulehuset frå Guddal på Sunnfjord Museum 2007. Huset hadde tre rom, - gang og lærarrom inn frå inngangsdøra, skulestove i andre enden, med to vindauga på tverrveggen og glasljore i taket.

Skulehuset frå Guddal på Sunnfjord Museum 2007. Huset hadde tre rom, - gang og lærarrom inn frå inngangsdøra, skulestove i andre enden, med to vindauga på tverrveggen og glasljore i taket.

Eigar: Sunnfjord Museum

Datering: 2007.

Fotograf: Asbjørn Tyssen.

Sperrestove

Huset er ei god sperrestove med to betar (bjelkar) og ljore. Det vart bygt like etter 1890, og det fyrste skuleåret i denne stova tok visst nok til hausten 1893. Før den tida hadde skulen rom i stova på same garden, Guddal eller Øyra. Det var nok høgtid då skulen hadde fått eige hus. Den gode stova har aldri vore ombygd, men har heile tida vore tilsedd og halden i god stand.

Bygginga

Tore Kalstad førebudde bygginga i to-tre år. Han fekk godt material rimeleg hjå Anders Lasseson Gallefoss. Tømmeret hogg dei i Selåsen, men sperr, golvåsar og opplenger tok dei i Brendehaugen. Anders Engen skar tømmeret på saga si i Kyrkjefossen.

Det skal vera Anders L. Gallefoss som selde material til skulehuset i Lendinga i Flekke og. Vanleg salspris var 2 kroner for femningsfurer.

Fleire var med og bygde skulestova på Øyra. Mellom dei var Tidemand Thuland (Velle-Termann) og Anders Boge. Dei var alle dugande bygningsmenn og gjorde godt arbeid.

Velvilje til førespurnad frå museet

Det var dette skulehuset som passa godt på museet i Movika. Sogelaget vende seg til Fjaler kommune med førespurnad om å få overta skulehuset. Både skulestyreformannen og ordføraren i Fjaler, Edvard H. Bjordal og Søren K. Hauge, synte velvilje, og både skulestyret og kommunestyret svara ja på vilkår av at fylket gav sin part i huset. Det gjorde fylket.

Flytting og oppattsetjing

Skulehuset stod på grunn hjå gardbrukaren på Øyra, Anton Guddal. Han hadde ikkje bruk for skulehuset. Han hjelpte til med gode råd og tok på seg å rydja opp då huset var rive.

Det var Moses Øyestad og Nikolai Solheim som tok turen til Guddal i juni 1960 og reiv skulehuset. Dei budde hjå Odd Huseklepp, som og hjelpte til med rivingsarbeidet. Dei same bygningsmennene sette stova oppatt i Movika. Grunnmuren hadde dei gjort ferdig tidlegare på våren. På olsok-stemna same året kunne folk sjå den nye museums-bygningen.

Innbu

Det gamle skuleinnbuet var bytt ut då museet fekk huset, og det var ikkje å finna. Men i Heggheim krins, inst i Guddal, hadde dei sett til side gamle bord og benker frå skulen og lagt dei opp på loft og løelemmar. Museet fekk overta alt, likeeins ei gamal skulekiste frå omgangsskulen, eldre enn alle skulehusa i dalen. (Så langt stykket i Jol i Sunnfjord.)

Skulehuset i Movika

I 2008 står det gamle skulehuset frå Guddal kvitmåla med grøne lister som eitt av mange gamle hus i Movika. I skulestova er der kateter og pultar og ymse slag gamle læremiddel, så som globus, veggkart, plansjar, o.a. Ingen ting av dette skriv seg frå skulehuset frå Guddal. Som nemnt ovanfor, fekk sogelaget med seg pultar o.a. frå Heggheim krins i Guddal. Lausøyra elles er samla inn frå fleire stader.

Om skulehus i Fjaler i femårsmelding

Skulelova av 1889 fastsette at kommunane kvart femte år skulle laga ei femårsmelding. Ein bolk i meldinga skulle handla om skulelokala. Det gamle skulehuset på museet finn me nemnt i femårsmeldinga frå Ytre Holmedal kommune (namneendring til Fjaler i 1911). Dessutan får me høyra om fordeler ved å byggja skulehusa som sperrestover, etter mønster av dei gamle røykstovene med open himling.

".. i femaaret 1891-95 er der taget i Brug følgende nye Skolehuse: Dale, Sannæs, Espenæs og Guddals. Samtlige skolehuse er indrettede med kun 1 Klasseværelse: paa ét nær er de forsynede med Lærerkammer. Man har overalt bygget Skolestuen som Spærrestue, med aabent Loft og Glasljore, da disse Stuer ikke bare er billigere at bygge end Lemstuer, men ogsaa luftigere og lettere at ventilere. Som Regel er anbragt to større Vinduer i den ene Ram [endevegg]"

kjelder:

Huseklepp, O.: Guddal skulehus. I Jol i Sunnfjord. 1960.
Beretning om Folkeskolens Virksomhed i Ytre Holmedals Skolekommune i Femaaret 1891-95. 1896.