Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 05. januar 2018

Sist oppdatert 25. oktober 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Skulevegen Tenningåsen - Eitorn



Den veglause garden Tenningåsen ligg høgt og fritt på litt over 300 meter, rett ved innlaupet til Fjærlandsfjorden. Borna på denne høgdegarden fekk mot slutten av 1800-talet fastskule i Eitorngrenda. Vegen dit kunne vere både slitsam og utfordrande, særleg i snøkav og ruskevèr.

Biletet er teke frå Raudmelen. Balestrand kan skimtast nedst i biletet. Ferja traffikerer strekninga Dragsvik-Hella. Den raude streken syner omlag kvar borna på Tenningåsen gjekk for å kome til skulestova på Vestreim.

Biletet er teke frå Raudmelen. Balestrand kan skimtast nedst i biletet. Ferja traffikerer strekninga Dragsvik-Hella. Den raude streken syner omlag kvar borna på Tenningåsen gjekk for å kome til skulestova på Vestreim.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2017

Fotograf: Per Olav Bøyum


Står ein på Raudmelen i Balestrand ein fin sommarsdag og skoder mot aust, mot det vestvendte området frå Tenningåsen i nord til Rud i sør, så er det neppe mange som ser for seg ein gammal skuleveg. Våningshusa på dei to gardane kan skimtast som to kvite prikkar. Mellom dei ligg gjel og bratte berg. Ikkje nett ein tumleplass for små tassar, vil kanskje dei fleste tenkje.

Skulevegen er for lengst attgrodd og gløymt, men den gamle skulestova på Vestreim i Eitorngrenda har lokale eldsjeler vølt og halde ved like på ein forbiletleg måte. Også utedoen står der, med eigne avlukke for elevar og lærarar. Bygningane er skulehistorie.

Men det er òg den gamle skuleruta frå Tenningåsen til Eitorn. Den er rett nok ikkje eineståande i sitt slag. Mange born hadde tidlegare ei strevsam reise til skulen, anten det var til fots eller i båt. Men i Eitorn kan vegen, saman med skulehuset, gje ei større forståing for korleis skulegangen arta seg for nokre generasjonar attende. Å gå den gamle stien frå Tenningåsen til Eitorn er dessutan ei flott turoppleving.

Tenningåsen

Det har vore busetnad på Tenningåsen minst attende til 1600, då ein Kristoffer er nemnt som brukar. Opphavleg høyrde også Tenningen, som ligg nede ved sjøen, til garden.

Tenningåsen

Ein kan undre seg over kvifor folk slo seg ned på denne isolerte staden. Rikeleg med god dyrkingsjord kan ikkje garden skryte av å ha, men det finst mykje skog i området. Etter kvart som trongen for tømmer auka, steig verdien av garden. Dei tidlegaste eigarane var embetsmenn og byborgarar. Jon Arnfinnson vart første sjølveigande bonde i 1854.

I 1900 budde det seks personar på Tenningåsen. Ti år seinare hadde talet vakse til 11, og skuldast at det var kome til fleire born på garden. Tenningåsen var einbølt, så det var aldri tale om store flokkar med born som søkte til skulen i Eitorn.

Eitorn skule

Det er vanleg å rekne oppstarten av det moderne skulestellet i Noreg til skuleforordninga av 1739, og skuleplakaten som kom to år seinare. Desse føresegnene var tett kopla til påbodet om konfirmasjon som styresmaktene innførte i 1736. Den første tida hadde skulen difor eit religiøst oppdrag. Læraren farta rundt frå gard til gard og heldt opplæring i katekisme, bibelkunne og salmesong.

Med den nye skulelova i 1860 kom det eit tydeleg skifte. Fastskule skulle no vere det normale. Balestrand prestegjeld vart delt inn i åtte krinsar. Eitorn var ein av dei, og femna om gardane Eithun, Hella, Rud, Vestreim, Tenningen og Tenningåsen.

Skulehuset i Eitorn

Krinsen, som opphavleg heitte Eithun, skulle ha 12 veker undervising og omgangskule. I 1860 hadde halvparten av krinsane i Balestrand fastskule. Det gjekk derimot 18 år før Eitorn fekk eige skulehus.

Saka om skulestove i Eitorn kom opp første gong i eit møte i skulestyret 27. september 1887. Det vart då fatta vedtak om å byggje eit skulehus på storleik med det i Grøneng, og det blei samstundes sett fram to vilkår. For det første skulle sparebanken ta den delen av kostnadane som fall på kommunen. Dessutan forventa skulestyret at krinsen ytte fri grunn, både til skulehus og leikeplass.

I saka om plassering uttrykte oppsitjarane på Tenningen og Tenningåsen eit ønskje om å ha skulehuset på Flete, men Vestreim vann til slutt valet om plassering. Det kjem ikkje fram av møtebøkene frå skulestyret kor tid fastskulen i Eitorn kom i gang, men det må truleg ha vore i 1888.

Ein utfordrande skuleveg?

Etableringa av fastskular kunne føre med seg ein meir utfordrande skuleveg for somme elevar. Det er ikkje vanskeleg å finne klager om dette i arkivmaterialet. I møteboka for Balestrand skulestyre står det å lese følgjande i eit referat frå 1867: “Flere af Skolekommissionens Medlemmer gjorde opmærksom paa, hvor vanskeligt det er for de mindste Børn at komme fram til Skolen i Fjorddistrikterne”.

Prestegjeldet hadde spesielle vanskar knytt til kommunikasjon, sjølv samanlikna med kva som elles var vanleg i Sogn:

Befolkningen i Balestrand prestegjeld maa siges selv i forhold til, hvad der i Sogn er almindeligt at bo meget spredt, da prestegjeldet er delt ved 4 smaafjorde. Som følge heraf finder skolekommissionen, at der ikke er anledning til at ordne kredsfordelingen anderledes end allerede er skeet uden at skoleveien derved selv for de ældre elever vil blive altfor besverlig.

Folk budde kort og godt grisgrendt. Men også i den tida læraren gjekk frå gard til gard og underviste, kunne skuleforfall vere eit problem. I 1874 freista læraren å samle elevflokken sin på Tenningen. Det gjekk ikkje så bra: “11de, 12de, 13de Mai holdtes Skolen paa Tendingen og derfor ere indtrufne mange Forsømmelser, som tidligere, formedelst den ubekvemmelige Vei til Skolen”.

Både Tenningen og Tenningåsen låg noko isolert frå resten av krinsen. Tidleg på hausten 1885 kom læraren for å halde skule på Tenningåsen. Frå Eitorngrenda møtte det knapt ein einaste elev. Læraren noterte følgjande i dagboka: “Skole på Tendingåsen og her viser mange forsømmelser.”

Skulestyret i Balestrand måtte fleire gonger handsama bekymringsmeldingar som galdt lang skuleveg for borna, men det ser ikkje ut til at familiane på Tenningen og Tenningåsen var mellom dei som klaga. Var det kanskje slik at dei ikkje oppfatta turen til Eitorngrenda som spesielt strabasiøs? Dette var trass alt folk som var vane med å bu isolert,og som frå bornsbein av hadde erfaring med å slite seg fram til “sivilisasjonen”.

Femårsmeldingane for folkeskulen kan kanskje setje oss på sporet av eit svar. Dei dekkjer åra 1891-1900, og har oppgåver over skuleforsøming i dei einskilde krinsane. Eitorn hadde fråvèr som låg litt over snittet, men krinsen skilde seg ikkje ut med eit iaugefallande stort tal forsømte skuledagar.

Går ein ned på det mest detaljerte nivået, nemleg dagbøkene der lærarane førte inn oppmøte for kvar elev, ser vi at skulevegen for borna på Tenningåsen verkeleg var ei reell utfordring, særleg vintersdagen og når uvèr dreiv innover Sognefjorden. Til dømes fekk Synneva Tenningåsen notert 15 dagar skuleforfall i 1895 “formedelst sne”.

Dagbok Eitorn skule

Enno verre gjekk det for eit skulebarn frå Tenningåsen vinteren 1903. Han forsømte 29 av 36 skuledagar grunna “veirforhindringer”. Det var med andre ord tale om ein fråvèrsprosent på 80. For heile prestegjeldet varierte skuleforsøminga mellom fire og fem prosent på 1890-talet.

Vinterstid og når ruskevèret slo til, kan det ikkje vere tvil om at skulevegen Tenningåsen-Eitorn må ha vore ein tøff tur, ofte så barsk at elevane ikkje møtte opp på skulen.

Borna på Tenning hadde også stort skuleforfall når føreforholda var vanskelege. Dei fyrste åra etter bygginga av skulehuset i Vestreim ser det ut til at dei slo følgje med ungane på Tenningåsen, og gjekk til skulen. Det må i så fall ha vore ein dryg tur for små elevar. Men i skulebudsjettet for året 1894 er det ført opp ei utgift på 10 kroner for “Skyds til Smaaskolelærerinden og til Børnene fra Tendingen”. Skulestyret la såleis pengar på bordet for å få frakta dei sjøvegen til Eitorn.

Borna på Tenningåsen gjekk ikkje til skulen kvar dag. Vekedagane var dei innlosjerte i Eitorngrenda. Den siste eleven frå Tenningåsen gjekk ut skuleåret 1928/29. I 1956 vart Eitorn krins nedlagt. Skulen hadde då to elevar, og grenda fekk same år vegsamband austover. Dermed vart det meir praktisk å skysse borna til Holum skule i Leikanger.

Vegen mellom Tenningåsen og Eitorngrenda

Ruta som i denne artikkelen vert nemnd som skulevegen, var ikkje berre ein sti nytta av elevar. Den har nok også blitt brukt av folk med andre ærend. Tydlegast ser vi det i den første delen.

Skulevegen starta med etappen opp til Tenningastølen, som ligg på omlag 500 meter over havnivå. Herifrå heldt ungane omlag same høgda bort til Uragjelhaugen. Dette partiet ser bratt og ulendt ut på avstand, men er i røynda ikkje så avskrekkande vanskeleg å ta seg fram i. Men stadnamn som Ørnaberg og Uragjel fortel oss at det vil vere dumsdristig å våge ein trasè lenger ned mot fjorden.

I dette midtpartiet er stien fleire plassar vanskeleg å finne. Dessutan har det blitt rota til litt i terrenget i samband med lineutbygging. Skuleborna på Tenningåsen hadde truleg ein langt betre sti å ferdast på.

Ved Uragjelhaugen er det mogeleg å ta søraust, mot stølen Skare. Derifrå er det fin sti ned til Vestreim. Men skulevegen gjekk, etter det gamle folk opplyser, rett sør frå Uragjelhaugen. Denne stien er no heilt vekke, men terrenget er fullt mogeleg å ta seg fram i. Til slutt kjem ein då ned litt vest for Rud. Her var det kort veg siste etappen til skulestova på Vestreim.

Skulevegen Tenningåsen-Eitorn er på omlag 3,5 kilometer. Raske barneføter kan ha teke seg fram på halvannan time. Stien er i våre dagar mykje attgrodd, og ikkje heilt enkelt å finne.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Munnleg informasjon frå: Håkon Kåre Rud og Richard Tallaksen


Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Balestrand kommune. Skulestyret. Møtebok 1849-1900


Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Balestrand kommune. Skulestyret. Møtebok 1901-1926


Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Balestrand kommune. Skulestyret. Møtebok 1926-1947 


Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Balestrand kommune. Eitorn skule. Dagbok 1884-1913


Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Balestrand kommune. Eitorn skule. Dagbok 1913-1956


Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Balestrand kommune. Skulestyret. Korrespondanse/sakarkiv 1850-1899


Urtegaard, Gunnar: Soga om grunnskulen 1739-1989 : Balestrand kommune. 1989


Femårsmeldingar for folkeskulen i Balestrand 1891-1900


Laberg, Jon: Balestrand : bygd og ætter. Bergen : I kommisjon hjå Lunde & Co.’s Forlag, 1934

PERMANENT IDENTIFIKATOR