Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 12. mai 2017

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Rå-data

Lærar for livet



Den 7. oktober 1849 vart 15 år gamle Kornelius Lunde frå Gaular konfirmert. Kornelius var odelsgut på garden Lunde, men var også ein skarp gut med akademiske talent, på god veg mot læraryrket.

"Dagsjournal for Læreren i 3die, 4de og 5de Skolekredse i Indreholmedals Prestegjeld"

"Dagsjournal for Læreren i 3die, 4de og 5de Skolekredse i Indreholmedals Prestegjeld"

Fotograf: Sigrun Espe / Sogn og Fjordane fylkeskommune

I kyrkjeboka kan vi lese: «Kristendomskundskap særdeles god. Hans flid og orden udmerket god. Skriver og regner meget godt.» Interessa for bokleg lærdom og gode evner innanfor viktige fag på den tida var nok dei to viktigaste grunnane til at Kornelius nokre få år seinare starta som lærar i krinsane Lunde, Skilbrei og Birkeland i Gaular kommune.

Bakgrunn

Kornelius kom frå små kår. Etter at han var fødd reiste mor hans, som ei av mange unge kvinner frå Sunnfjord, til Bergen for å jobbe som amme. Ammene var ei velkjend yrkesgruppe på vestlandet, fram til økonomien tok seg opp i bygdene rundt midten av 1800-talet. Eilert Sund er ein av dei som skildra desse «Søndfjords-ammer med småbørn på armene».

Engasjert ung lærar

Kornelius starta som lærar i Gaular i 20-årsalderen. Kjeldene viser korleis Kornelius som ung lærar engasjerte seg både i skulegongen til sine elevar, og i lokalsamfunnet. Læraren har ført protokollar over dei tre ulike krinsane gjennom alle dei åra han jobba som lærar, og spesielt i starten finn vi tilleggsinformasjon som til dømes skulle forklare kvifor elevane ikkje kom på skulen. Her kan vi lære mykje om kvardagsliv og om familiehøva i Gaular på 1800-talet.

Fråværsprotokoll som kjelde til informasjon

Fråvær frå skulen er ofte grunna sjukdom eller død i familien, og jentene måtte ofte vere heime fleire dagar i samband med «moderens barselleie». Ein finn også kommentarar som «mangler klæder», noko som fortel oss at den familien ikkje hadde råd til å sørgje for passande sko og klede for alle borna i skulealder i familien. Vi veit at dette ofte var eit problem for ein del familiar.

Ein annan ting vi kan lese i skuleprotokollane er merknader som skildrar dei ulike elevane sine evner. Læraren gjorde vurderingar og noterte gjerne ned om nokon skilde seg ut som spesielt flinke eller spesielt dovne. Ein kommentar frå Kornelius er til dømes «har gode Evner, men er Doven».

Samfunnsengasjement

Kornelius gifta seg med Johanne i 1858, og på dette tidspunktet jobba han allereie som lærar. Året før han gifta seg fekk han sjølveigarskøyte på garden Lunde, og læraryrket var ei viktig attåtnæring til garden. Som lærar vart Kornelius også ein naturleg leiar med autoritet. Han var respektert i bygda, og han sette dei kristne verdiane høgt.

Av samfunnsengasjement ser vi i kjeldene at Kornelius deltok aktivt i kyrkja. Han utførte kyrkjelege gjeremål fleire søndagar i året, og var med og song i gravferder. Han var engasjert i Det Norske Misjonsselskap, og starta ei eiga kvinneforeining knytt til misjonen. I almanakkane ser vi at han brukte mykje av tida si på misjonsmøte, møte i kvinneforeininga, møte i skulekommisjonen, husandakter, overhøring og arbeid på garden.

Lærar for livet

Etterkomarane etter Kornelius hugsar han som ein streng og nøyaktig mann, og svært oppteken av at ungane skulle lære og lese godt. Synet svikta til slutt Kornelius, og han søkte om avskjed som lærar frå 1. januar 1887. Han vart etter kvart heilt blind, men sjølv etter dette var han veldig oppteken av å lære barnebarna å lese. Ungane skildra bokstavane og bestefaren forklarte og lærde vekk. Kornelius Lunde levde til han var nesten 95 år.

Fylkesarkivet tek vare på historia

Våren 2017 vart to skuleprotokollar etter Kornelius Lunde levert inn til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Skulearkiv er kommunalt arkivmateriale, og fylkesarkivet tek vare på dei eldre kommunale arkiva til 23 av dei 26 kommunane i fylket. Skuleprotokollar er unike kjelder til lokalhistorie, og det er svært viktig at desse vert tekne vare på for ettertida. Eldre protokollar som vert oppbevart på fylkesarkivet er tilgjengelege for alle som er på jakt etter historia.

Aud Lunde er etterkomar etter Kornelius, og det er ho som har samla og teke vare på desse ulike kjeldene. Aud bur på garden Lunde i dag. Fylkesarkivet har også fått ein kopi at eit kompendium sam vart laga i samband med ei slektssamling for Lunde-slekta i 2001.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Ministerialbok for Gaular prestegjeld 1840-1859. Konfirmerte - Sande, Bygstad, Viksdalen (Vik) sokn, Ministerialbok nr. A 4I, 1840-1859, s. 246


Ministerialbok for Gaular prestegjeld 1841-1859. Viede - Sande, Viksdalen (Vik), Bygstad sokn, Ministerialbok nr. A 4II, 1841-1859, s. 396


Skuleprotokollar for krinsane Lunde, Skilbrei og Birkeland i Gaular kommune. 1864-1881.


Aud Lunde (2001) Slektsstemne pinsa 2001 (kompedium).


Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane: Marte Moviken


Ottar Staheim/NRK, Ammene frå Sunnfjord. Frå Allkunne

PERMANENT IDENTIFIKATOR