Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 08. november 2019

Sist oppdatert 03. desember 2019

Kategori

Rå-data

Starten på husmorskulane i Sogn og Fjordane



Husmorskulane var kvinners viktigaste måte å skaffe seg utdanning i mange tiår. Her kunne dei tileigne seg kunnskapar og oppleve noko anna enn heimbygda og ektemannen sin gard. Sogn og Fjordane var faktisk ute med den fyrste offentlege skulen allereie i 1877.

Frå arbeidsstova ved Kroken husmorskule ca. 1924. Ved veven sit Helga Brosvik, og ved den midterste symaskina sit Ragna Slengesol.

Frå arbeidsstova ved Kroken husmorskule ca. 1924. Ved veven sit Helga Brosvik, og ved den midterste symaskina sit Ragna Slengesol.

Eigar: Sogn og Fjordane Fylkesarkiv

Datering: 1924

Fotograf: Ukjend

I siste halvdel av 1800-talet var fleire – alle menn, sjølvsagt – uroa for at kvinner ikkje klarte å fylle si rolle i samfunnet. I 1864 la ei gruppe med amtmann Falsen og skuledirektør Lous i spissen fram ei sak for amtsformannskapet: Kvinna sitt arbeid var sentralt for heim og samfunn, men det vart gjort for lite for å løfte kvaliteten av arbeidet deira, slik menn gjorde gjennom m.a. jordbruksskulane:

Kvinden, navnlig, om end ikkje udelukkende, bladt Almuen i By og paa Land, ikke er sit vigtige Kald voxen, saa at Hjemmet alt for ofte maa savne den ordnede og ledende Aand, som fornemmelig skulde berede det dets Hygge, Børnene den Pleie og Opdragelse, som et velordnet og ret ledet Hjem alene kan skjænke, Husvæsenet den Orden, Renlighed og Samvirken af alle Kræfter, som er en nødvendig Betingelse for at den sande Occonomie og Manden ikke finder den Medhjælp, som Kvinden efter det christelige Ægteskabs Ide skulde være ham.

«Kvindens Arbeider»

Amtstinga i Søndre Bergenhus og Romsdalen heiv seg med Nordre Bergenhus amt sitt arbeid med å utdanne kvinner. I samarbeid med «Selskabet til Folkeopplysningens Fremme» i Christiania lyste amta i 1866 ein premie på 100 kroner til den som kunne skrive ein tekst «der kunde tjene til Opplysning om Kvindens Stilling og Forhold, hendes Arbeider e.t.c. i de forskjellige Districter i Amtet».

Dette var starten på eit program som det neste tiåret gav ut fleire bøker om husstell, reinhald, matlaging og kvinner sin posisjon i samfunnet. Fleire av bøkene vart trykte for amtstinget og delt ut til fattigkommisjonane i fylket.

Den fyrste husmorskulen

Det å opprette ein eigen skule for kvinner hadde blitt diskutert tidlegare utan hell. Då Mo jordbruksskule skulle leggjast ned, la styraren i 1871 fram eit forslag om å starte ein folkehøgskule for praktisk opplæring av kvinner til gards- og hagestell, rekning og rettskriving. Dette vart det ikkje noko av.

Men i 1876 endra dette seg. Eit utval som hadde arbeidd nokre år, la fram eit forslag for amtstinget å skipe ein amtsskule for jenter. Den vart lagt til garden til amtsagronom Eide i Holmedal i det som då var Ytre Holmedal kommune. Jenteskulen fekk statstilskott på lik linje med vanlege amtsskular og den skulle stå ovanfor same tilsyn av skulekommisjonen som dei andre skulane.

1. mars 1877 byrja tjue jenter på Ytre Holmedal husstellskule. Jentene fekk opplæring i rekning, språk, historie, geografi, helselære og song. I tillegg til dette fekk dei husstellsfag som matlaging og reinhald, meieristell, veving og husdyrstell. Alle jentene budde på garden saman med styrarfamilien og lærarinnene, og hadde ikkje eksamen. Dette var ein tydeleg inspirasjon frå folkehøgskulestyrar Jakob Sverdrup i Sogndal, som var tungt involvert i skulen i Holmedal. Både størrelsen på årskull, fag og måten skulen var organisert på vart typisk for alle husmorskulane som kom etter.

Utdanningstilbodet for kvinner vert utvida

Skulen i Holmedal møtte nokre utfordringar i byrjinga, spesielt økonomiske. Den flytta i si levetid frå Holmedal til Svanøy, Kroken og til slutt på Hafslo. Likevel vart tanken om ei utdanning for jenter etter grunnskulen populært i fylket. I 1912 kom husmorskulen i Stryn til, og slik hadde Nordfjord også eit tilbod for jenter.

I 1911 skipa bonde og agronom Mons A. Ringereide det som vart føreløparen til den andre husmorskulen i fylket: Lavik hushaldlag. Føremålet med laget var å gje unge kvinner opplæring i husstell, matstell, sying og veving. Hushaldlaget hadde 327 medlemmer i ein kommune med om lag 1000 innbyggjarar. Ringereide vart ordførar i Lavik i 1920 og kjempa for at det skulle bli oppretta ein kommunalt driven husmorskule der hushaldlaget heldt til. 3. mars 1922 stemte kommunestyret over saka og det vart vedteken at kommunen skulle skipa ein husmorskule på garden Alværa. Denne skulen vart ikkje fylkeskommunal før i 1927.

Allereie i 1916 kom spørsmålet om ikkje kvinner i dei ytre strøka av Sunnfjord hadde behov for utdanning også, spesielt etter at skulen i Holmedal vart flytta. Heilt fram til 1925 vart det diskutert kvar ein slik skule kunne liggje, men ingenting skjedde før i 1947, då fylkeskommunen kunne opne ei tredje jenteutdanning i Førde.

Husmorskulen i Lavik var unik i fylket, fordi den vart starta som eit kommunalt føretak som først seinare vart overteken av fylket.

Eit unikt tilbod

Noko som var sentralt heilt frå byrjinga til husstellutdanninga i «de Vestenfjeldske Districter» var at utdanninga skulle vere praktisk orientert. Som ein kan sjå av programmet til den første skulen i Holmedal, var husdyrstell og hushaldsøkonomi sentralt. Kvinner skulle ha ei utdanning som var tilpassa dei områda dei kom frå og skulle attende til for å vere husmødrer. 

Då ein konsulent for husmorskulane sendt frå Kristiania kom for å sjå på tilhøva ved skulen i Kroken i 1918, vart dette synet utfordra. Ho sa at golva berre var skuringsgolv, at husa var kalde, romma små, kjøkenet mørkt og utriveleg og at kjellaren var «miserabel». I tillegg klaga ho over at jentene måtte bere eige vatn.

Skulestyret peika på at skulen hadde heldt til i Kroken i 22 år, og meinte at ymse styrer hadde vore nøgde med drifta:

«Saa kommer det en dame frå Kristiania og skal bedømme stellet, og saa er det kassabelt omtrent altsammen. Det er en utpreget byoppfatning, et slags overklassesyn og den rene teori som har ordet.»

Vidare understreka styret at målet med skulane var å bu bondejenter på det arbeidet som venta dei som husmødrer på ein vestlandsgard, og at dei færraste av desse hadde noko anna enn skuringsgolv, tronge kår eller noko «bykjøken». Konsulenten hadde heller ikkje nemnd med eitt ord fjøsstellet, noko som vart skildra som uvanleg godt i Kroken.

Andre teikn på kvar fokuset låg på husmorskulane, kan ein sjå i dei store mengdene middagsrekneskapsbøker som ligg i arkivet frå Lavik kommunale husmorskule (som vart fylkeskommunal) hjå Fylkesarkivet. Her finst nøyaktige utrekningar av budsjett og prisen på samtlege måltid – ikkje berre heile gryta, men kvar einskild porsjon, ned til steikesmør og salt på grauten. Effektiv hushaldsøkonomi var altso sentralt for husmorskulane i fylket.

Ettersom åra gjekk vart husmorskulane anten lagt ned eller slegne saman med vidaregåande utdanningar – den reine husmorskulen på Hafslo, til dømes, var over i 1974 då den gjekk over til å vere ein husstellfagskule og ti år seinare Hafslo vidaregåande skule.

kjelder:

Fylkestingsforhandlingane for Sogn og Fjordane 1864


Seip, Hans: Sogn og Fjordane fylke – Eit tilskot til kommunalsoga. (1958). Leikanger: Sogn og Fjordane Fylkeskommune.


Risnes, Kjerstin. (2016). Lavik kommunale husmorskule – ein stridens skule. Kjelda, 25 nr 2, 22-26.


Lokalhistoriewiki. Lavik kommunale husmorskule. Henta 24.10.19

PERMANENT IDENTIFIKATOR