Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Skule og lokalt kulturhus i Skor



Skor "gamle" skule (skulehus) stod klar til å takast i bruk skuleåret 1910/11. Byggmeister var entreprenør Andreas Gjertsen frå Salbu. Skulen vart nedlagd midt på 1960-talet. Nå er det Skor Grunneigarlag som disponerer huset.

Skuleborna i Skor skule tidleg på 1950-talet. Orlaug Sognnes var lærar. I 1. rekkje frå venstre: Berit Øverås, Hildur Skår, Jorunn Skår, Orlaug Sognnes, Oddborg Løland, Herdis Holten, Henny Løland, Oddny Skår. I 2. rekkje frå venstre: Leif Skår, Audun Holten, Martin Øverås, Per J. Skår, Alf Skaar. I 3. rekkje frå venstre: Sigurd A. Skaar, Arthur Solaas, Sigurd Røstenskar, Sigurd Galleforss, Bernt Solaas, Leiv Gallefoss, Norvald A. Skaar.

Skuleborna i Skor skule tidleg på 1950-talet. Orlaug Sognnes var lærar. I 1. rekkje frå venstre: Berit Øverås, Hildur Skår, Jorunn Skår, Orlaug Sognnes, Oddborg Løland, Herdis Holten, Henny Løland, Oddny Skår. I 2. rekkje frå venstre: Leif Skår, Audun Holten, Martin Øverås, Per J. Skår, Alf Skaar. I 3. rekkje frå venstre: Sigurd A. Skaar, Arthur Solaas, Sigurd Røstenskar, Sigurd Galleforss, Bernt Solaas, Leiv Gallefoss, Norvald A. Skaar.

Eigar: Jensbua.

Datering: 1950-1954.

Fotograf: Ukjend.

Eige skulehus i Skor

I 1882 vedtok skulekommisjonen i Hyllestad å leiga eit nyoppført hus hjå Jørgen Pedersen Skor til skulehus. Leiga vart sett til 16 kroner året. Før 1882 hadde skulen halde til i rodestova i Indre Skor. Men frå 1910 fekk Skor-krinsen eige skulehus. Det var den kjende entreprenøren Andreas Gjertsen som bygde huset. Huset var frå fyrst av bygt oppå ein låg mur utan kjellar. Det vart seinare grave ut for kjellar og større grunnmur. Dette arbeidet vart avslutta i 1938. Elektrisk straum vart innlagd i 1945.
Skor "gamle" skule har ei grunnflate på 10 m x 6,5 m og er bygd i 2 høgder. Skulestova og kammerset er tømra, medan gangen er i stenderverk. Den støypte kjellaren rømer matsal. I austre gavlen er det eit tilbygg over nedgangen til kjellaren. Nord for skulebygget ligg eit kombinert lager og utedo.

Skule i 54 år

Det vart halde skule i skulehuset i 54 år. Etter skuleåret 1964/65 vart elevane overførte til Åfjorddalen skule. I skulehuset er det framleis ein del utstyr frå skuletida. I skulestova står orgel, talarstol, eit eldre skåp og ein høg kasse med plansjar. Nokre bilete heng på veggene. Vi kjenner mellom anna att freds-biletet "Flaggheis på Akershus" frå 1945.
I kammerset står eit trekvitt skåp. Nedst i skåpet står ein del bøker frå Skor skuleboksamling. Skåpet kom samtidig med at Skor skule fekk si eiga skuleboksamling. Elevane fekk vera med på å velja ut bøker til den årlege boktinginga.
Øvst i skåpet er rester etter ein del eldre fysikkutstyr, - kolbar, vekt med nokre lodd, zinkstykke på glas frå C. Monsen, "Kobberoxyd" frå Elefantapoteket i Bergen, m.m.
Under krigen rekvirerte tyskarane skulen for to kortare periodar. Då vart det halde skule hjå næraste naboen. Skuleåret 1954/55 var det eigen framhaldsskule i Skor skule.

Allsidig bruk

På den tid skulen var ny, vart det halde kveldsskule i Skor, med Reinhard Sørenson og Sivert Holten som lærarar. I overgangen 1940-1950-åra arrangerte Skor bonde- og småbrukarlag eit jordbrukskurs over 5-6 veker i skulen. Kurset var delt opp i emne, og både kvinner og menn deltok, alt etter kva emne som skulle vera føre.

Skulen var i mange år ein viktig møtestad for folket i krinsen. Etter at Skor-grenda vart overførd frå Øn til Hyllestad sokn i 1924, vart det fram til 1993 halde to gudstenester årleg i skulen, dei siste åra berre ei. Skulen vart også nytta til minnemøte etter gravferder.
På bededagen var det lenge årleg misjonsbasar, og fram til krinsen vart nedlagd, vart det halde juletrefest på nyårsdag. I 1970-80-åra hadde folkeakademiet nokre tilskipingar i gamleskulen. Skulen har også vore base for skyttarstemne og vandringar etter Den trondhjemske postvei. Skulen vart også i mange år nytta som vallokale for grenda.
I 1930-åra var det eige ungdomslag i Skor. Lagsavisa heitte "Dølen". Laget hadde kjøpt inn bøker, som gjekk på omgang i ein lesering. Dei fyrste åra etter krigen var ungdomar i Skor medlemer av Bjordal Ungdomslag. Annakvart lagsmøte var i kjellaren i Skor skule.

Bygdekulturhus

Skor Grunneigarlag disponerer nå bygget etter avtale med Hyllestad kommune. Den interkommunale stiftinga Jensbua har hjelpt til med søknad om offentlege tilskot til å setja bygget i stand til eit tidsmessig grendehus med høve til kafedrift.
I 1999 og 2000 vart det lagt ned vassleidning, septiktank og sandfiltergrøft, og bygt nytt tilbygg over kjellarnedgangen. I 2001 skal tilbygget innreiast, med toalett og vaskerom. Kammerset skal verta kjøken. Oppattkitting og måling av vindaugo står også på 2001-programmet. I neste omgang skal både kjellaren og skulestova rustast opp. I alt er opprustinga rekna til ca. 800.000 kroner - medrekna ein stor dugnadsinnsats frå bygda.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Ingolf Skaar: Eit "Folkets Hus" i Ytre Skor. (andre referansar ukjende)
Stoff frå Stiftinga Jensbua.
Notat 19.1.01 v/Per Bygnes.
Skriv frå Hyllestad kyrkjekontor, datert 6.2.2001.
Opplysningar frå:
Sigmund Holten, Hyllestad.
Oddlaug Nøtsund, Hyllestad.

PERMANENT IDENTIFIKATOR