Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 24. juni 2004

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Kommune

Språk

Skulen på Svanøy



Skulen på Svanøy ligg for seg sjølv midt på øya. Her er to bygningar, gamleskulen frå 1874 og ein ny, tidsmessig bygning frå 1982, påbygd i 1991. Skulen er samlingsstad og møtestad for alle på Svanøy, born i alderen 1-13 år og vaksne.

Svanøy skule- og grendehus 2004, bygd i 1982 og påbygd i 1991 (fløyen til høgre)

Svanøy skule- og grendehus 2004, bygd i 1982 og påbygd i 1991 (fløyen til høgre)

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2004.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Midt på øya

Skule og skulestad heilt for seg sjølv og "milevis" frå næraste busetnad, er eit godt døme på noko som ofte førekom før det vart vanleg med offentleg skuleskyss kring 1960. Ein mælte gjerne opp avstanden mellom dei gardane i krinsen som låg lengst frå kvarandre og bygde skulehuset midt mellom.

Alt på ein stad

Barnehage i skule, ordninga med at barnehageborn og skuleborn held til på same stad, someieining under same administrasjon, har dei hatt på Svanøy sidan 1970-talet. Svanøy og Askrova var dei to fyrste i landet som prøvde denne ordninga. Forsøket fall heldig ut og etter kvart har ordninga vorte meir og meir vanleg i små skulekrinsar.

Om skulen i kommunemelding 1895

Så går me godt og vel hundre år attende i tida. Skulelova av 6. juni 1889 fastsette at kommunane skulle senda inn melding om skulestellet kvart femte år. Det skulle mellom anna gjerast greie for elevtalet, skulebygningar, og undervisningshjelpemiddel. I meldinga frå Kinn kommune for åra 1891-1895 står det mellom anna dette om skulen på Svanøy:

"Svanø Skolehus" bygd i 1874, hadde eitt klasserom med plass til 35 elevar. Elevtalet varierte gjennom femårsperidoen frå 16 til 20 fordelt på to trinn, "øverste - " og "nederste Afdeling"
Alle skulane i kommunen var utstyrte med vanleg brukte kart, plansjar, kulerame og veggtavle.

Nytt skulehus som bygdetiltak

Det gamle skulehuset var i bruk til 1982 då det nye stod ferdig på same staden. Nybygget var eit bygdetiltak, organisert i eit partslag der det vart ytt stor dugnadsinnsats. Gamleskulen vart no barnehage i fleire år, på dispensasjon, til påbygget var ferdig i 1991. Kommunen leiger klasserom av partslaget i bygda sitt eige skule- og grendehus.

Det er ikkje vanleg at ein skulekrins byggjer skulehus sjølv. Normalt er det ei kommunal oppgåve. Merkeleg nok ser det ut til at det fyrste skulehuset på Svanøy også vart sett opp privat. På 1800-talet var det endå meir uvanleg.
I fylgje den nemnde femårsmeldinga 1891-1895 var det i 1895 34 skulekrinsar i kommunen (Kinn kommune). Tolv krinsar hadde skulehus, og eitt av dei står oppført som "privat Eiendom" - skulehuset på Svanøy !

 

kjelder:

Indberetning om Folkeskolerne i Kinn for Femaaret 1891-95. Florø 1897.
Munnlege opplysningar frå:
Bjørg Aslaksen, Flora.