Stalheimskleiva er namnet på vegen i det bratte fjellpartiet inst i Nærøydalen opp til gardane Brekke og Stalheim. Vegen går bratt oppetter ein fjellrygg og har ei stigning på kring 250 meter. I 1980 vart det opna ny veg med to tunnellar.
Gardane Stalheim, Brekke, Sivle og Sivlesøy i Voss kommune utgjer grenda Stalheim. Bygda kan sjåast som inngangsporten til Nærøydalen og området som vert femna av Verdsarv Nærøyfjorden. Namnet Stalheim kjem truleg av den bratte Stalheimskleiva, og tyder "garden ved Stadall" av verbet "standa,…
Heilt inst i Nærøyfjorden ligg bygda Gudvangen, som strekker seg frå Stalheim vest i Nærøydalen til Dyrdal ute i fjorden. Med i bygda høyrer gardane Ramsøy, Gudvangen, Skjerpi, Hemri, Hylland og Solbjørgo. Frå 1800-talet har bygda vore kjend for tettstaden ved kaia, med sine…
Dei store fossane inst i Nærøydalen, Sivlefossen og Stalheimsfossen er kjende attraksjonar og døme på større elvar som tidlegare rann mot Voss. Dette skuldast at Nærøydalselvi gjennom lange tider har greve ut dalen og såleis endra fallretninga for fleire av sideelvane som no renn mot Sogn.
Det er reist fleire minnesteinar over diktaren Per Sivle, - på grava hans i Drammen, på Stalheim, på Voss og i Elverum. I Aurland står to minnesteinar, den eine på Aurlandsvangen, den andre i Flåm. Sivlesteinen i Flåm vart avduka 17. mai 1948.
Det er reist minst seks minnesmerke over Per Sivle. Eitt står på fødestaden i Flåm, Aurland; dei fem andre på Stalheim, på Voss (2), på Strømsgodset kyrkjegard i Drammen, og på Nordhue ved Elverum. Det er skrive eigen artikkel om Sivle-steinen i Flåm. Denne artikkelen handlar om dei fem utanom…
Nærøydalselvi har ikkje alltid vore så stor som no. Gjennom dei siste istidene har ho stole fleire sideelvar som tidlegare rann mot Voss. På kartet kan vi finna det eldste vass-skilje mellom Sogn og Voss i fjellområda ovanfor Bakka i Nærøyfjorden. No er det flytta heilt til Haugsvik i austenden…
Landskapsmålaren J.C. Dahl er ein stad er omtala som "vor nationale malerkunsts fader". Dahl "høyrer til" Sogn og Fjordane på fleire måtar. Foreldra hans var frå Gulen, han gjorde fleire reiser i fylket og hadde opphald på garden Ytre Kroken i Luster. Godt kjende målarstykke med motiv frå Sogn og…
"Han murede for meget og minerede for lidet", - er sagt om kaptein Finne, "nye" Vindhella-vegen sin store konstruktør. Veganlegget, bygt 1842-43, var eit storverk, men likevel ei gedigen feilsatsing. Vindhella var ute av bruk mindre enn 30 år etter.
Jordalsvegen er gangvegen frå Fresvik til Jordalen, der fresvikjene har fjellstøl. Å komma dit er ein svært lang tur, det går 6-7 timar og avstanden er 3 mil.
«Meteors’s første turisttur» melde avisa Nordfjord 17. juni 1921. Det var Bergenske Dampskibsselskab (BDS) sitt turistskip SY «Meteor» sitt første cruise England – Norge med anløp i Sogn og Nordfjord. Fylkestinget sat samla i Loen då «Meteor» var på vitjing. Det blei ordna med besøk om bord, og…
Sommaren 1925 byrja Den Norske Amerikalinje (NAL) med cruisefart. Etter ankomst Bergen i slutten av juli sette DS «Stavangerfjord» kursen nordover til Nordkapp. På tilbaketuren var «Atlanterhavets dronning» innom fleire fjordar på Vestlandet. Cruiset var særs vellukka, «som et triumftog» blei det…
Bakka kyrkje er ei langkyrkje i tre som ligg i grenda Bakka ved Nærøyfjorden. Kyrkja, som har 200 sitjeplassar og er teikna av arkitekt Christian Henrik Grosch, vart vigsla 11. mai 1859. Då vart Nærøy eit eige sokn i Aurland prestegjeld, skilt ut frå Underdal sokn. Nærøy sokn er det minste…
Lokalhistorisk senter held til i det gamle Heradshuset på Aurlandsvangen. Senteret tilbyd ei rekkje utstillingar og tenester til publikum. Av tenester kan nemnast hjelp med slektsforsking og søk i fotoarkiv. Senteret vart opna i 1994.
Ved Beitelen deler Aurlandsfjorden seg i to fjordarmar. Den austlege fjordarmen er breiast og vert rekna som eit framhald av Aurlandsfjorden, medan den vestlege er smal og vert rekna som ein sidearm. Det er denne sidearmen som er Nærøyfjorden, ein stor turistattraksjon med stupbratte fjell og…
Historia til tettstaden Gudvangen tek til kring 1800. Då flytte gjestgjevaren i Arnehus i Dyrdal, Jens Knutsen Kappadal, inn til Gudvangen. Ferdsla på Nærøyfjorden tok seg opp midt på 1600-talet i samband med at den nasjonale, kongelege postvegen gjennom Lærdal, Gudvangen og Voss vart opna. Det…
Dei første dagane etter krigsutbrotet 9. april 1940 var Gudvangen eit viktig trafikknutepunkt i Sogn og Fjordane. Frå denne bygda var det vegsamband til Voss, difor gjekk straumen av mobiliserte mannskap med båt inn til Gudvangen og derfrå landevegen vidare til Voss. Fylkesbaatane sørga for…
Stortingsvedtaket frå 1975 stadfesta at stamvegen mellom Bergen og Oslo skulle gå over Filefjell og Lærdal. Første byggjesteg var Hordaland grense-Aurland. Mellom 1980 til 1993 vart det til saman bygd rundt 40 km ny veg, inkludert 18456 m tunnel. Med i stamvegprosjektet var og vegutløysing til…
I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om 1905 i Aurland kommune.
Ein julidag i året 1896 for ein hesteskyss med 3 menneske utfor vegen og ned i Oppheimsvatnet. To amerikanske turistar drukna. Fjorten dagar seinare kom den svensk/norske kongen Oscar II forbi på veg til Sogn. Han stogga på ulukkestaden og høyrde om den tragiske ulukka. Kongen vart så gripen at…