Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Nærøyfjorden



Ved Beitelen deler Aurlandsfjorden seg i to fjordarmar. Den austlege fjordarmen er breiast og vert rekna som eit framhald av Aurlandsfjorden, medan den vestlege er smal og vert rekna som ein sidearm. Det er denne sidearmen som er Nærøyfjorden, ein stor turistattraksjon med stupbratte fjell og små grender på begge sider innetter. Fjorden er med på UNESCO si verdsarvliste.

Ved Bakka er Nærøyfjorden nokså smal og grunn. Fylkesbaatane driv framleis rutebåttrafikk på fjorden, men berre i turistsesongen. Her er ferja Sognefjord på veg ut fjorden.

Ved Bakka er Nærøyfjorden nokså smal og grunn. Fylkesbaatane driv framleis rutebåttrafikk på fjorden, men berre i turistsesongen. Her er ferja Sognefjord på veg ut fjorden.

Eigar: S. Ulvund.

Datering: 17.07.1999.

Fotograf: S. Ulvund.

Frå Beitelen til Dyrdal

Ved Nærnes, på vestsida, og Beitelen, på austsida, skil Nærøyfjorden lag med Aurlandsfjorden. Denne fyrste delen av fjorden er den breiaste med stupbratte fjell der fossar lagar vakre kvite slør nedetter. Ein av desse er Lægdafossen i Sagelvi, som ein møter når ein rundar Krossnes. På andre sida fell Kappadalsgrovi ned i Kappadalsviki.
Her er ingen gardar før ein kjem til Arnehus og Dyrdal på vestsida av fjorden. Arnehus vart i 1737 ein privilegert gjestgjevarstad og kremmarleie, "høist nødvendig for Reisende". Arnehus var òg fast tingstad for Nærøy skipreide, som omfatta sokna Underdal (med Nærøyfjorden og Nærøydalen) og Oppheim (Vossestrand).
Oppe i dalen, eit stykke vest for Dyrdal, ligg høgdegarden Drægo. Frå gammalt av har det vore samband over fjellet mellom Dyrdal og Fresvik. Dette fjellet har vore eit av dei beste jaktområda for rein og hjort i Aurland. Det er registrert om lag 50 fugleartar og 20 artar av pattedyr ved fjorden. Gjennom fleire tiår har det vore mykje kobbe her. I 1990-åra var det ein stamme på over 100 dyr.

Styvi og Bleiklindi

Tvers over fjorden frå Dyrdal heiter det Solaløysa, ein stad der sola sjeldan skin.
Litt lenger inne i fjorden, på andre sida i høve til Dyrdal, ligg garden Styvi. Her går det veg innover til Bleiklindi. Vegen var i si tid ein del av Christiania postvei, postvegen mellom Bergen og Christiania (Oslo). Posten vart frakta til fots frå Bergen om Voss, Stalheim og Gudvangen. Om sommaren vart posten frakta med båt frå Gudvangen til Lærdal, men når isen la seg på fjorden om vinteren, vart vegen om Bleiklindi og Styvi brukt. Utanfor Styvi er fjorden både breiare og djupare, og isen legg seg ikkje så lett. Frå Styvi vart posten rodd heile den lange vegen til Lærdal.
Bleiklindi er eit freda kulturtre og eit botanisk særsyn. Treet har sein lauvsprett og får gulgrønt lauv om våren. Når dei andre trea får gult lauv om hausten, får lauvet til Bleiklindi ein mørkare grønfarge.
Ved Styvi smalnar fjorden mykje av og er på det smalaste berre 250 m brei. Likevel går det ofte store turistskip heilt inn til Gudvangen. Innover frå Styvi og forbi Bakka er fjorden smal og grunn. Fjorden vert ofte islagt her i kalde og rolege vintrar.

Landskapsvernområde

Nede ved fjorden, ved vegen mellom Styvi og Bleiklindi, ligg Holmo. Her hadde garden Styvi vårstøl med to sel fram til etter andre verdskrigen. På Holmo ligg det ei stor freda gravrøys frå yngre jernalder. Gravrøysa er 15 m i tverrmål og to meter høg, og er den største i sitt slag i Aurland kommune.
Styvi-Holmo landskapsvernområde vart oppretta i 1991 for å verne ein del av eit vakkert og interessant natur- og kulturlandskap frå fjord til fjell, med geologiske førekomstar og kulturminne. Den 8. november 2002 vart Nærøyfjorden landskapsvernområde skipa, ei utviding av det tidlegare landskapvernområdet ved fjorden. Området omfattar eitt av dei mest spektakulære fjordområda i verda. Det representerer eit samanhengande og kontrastfylt landskap som strekkjer seg frå fjorden og opp til fjelltoppar på kring 1700 m o.h. M.a. ligg Fresvikbreen i verneområdet.

Tufto og Bakka

Rett over på andre sida av fjorden for Holmo ligg garden Tufto. Eit lite stykke lenger innanfor Tufto kjem ein til garden Bakka. På Bakka står soknekyrkja til Nærøy sokn i Aurland prestegjeld. Nærøy vart eige sokn i 1859 då kyrkja på Bakka vart vigsla. Fram til dette hadde folket i Nærøydalen og langs Nærøyfjorden høyrt til Underdal sokn.
Frå Tufto og Bakka går fylkesveg 241 til Gudvangen. Denne vegen vart i si tid bygd som ein del av Christiania postvei. I 1848 kom spørsmålet om å byggja vegen Gudvangen-Bakka fyrste gong opp i amtstinget. Men det vart ikkje løyvt pengar før i 1852, då vart det løyvt eit distriktstilskot. Dette er ein svært rasutsett vegstrekning og vegen har ofte vore stengt. I 1997 vart vegen med i Statens Vegvesen sin plan for rassikring. Den 28. september 2001 vart den 1754 m lange Bakkatunnelen opna. Det er ein einfeltstunnel med ni møteplassar med 250 m mellom kvar.

Båtstoppestaden Gudvangen

Inst i fjorden ligg garden Ramsøy og strandstaden Gudvangen. Ramsøy ligg på austsida av elva ved munningen til Gudvangatunnelen. Her er det bygt bensinstasjon og butikk etter at vegen vart lagt om.
På vestsida av Nærøydalselvi ligg båtstoppestaden Gudvangen. Frå 1600-talet gjekk traseen til Christiania postvei frå Bergen over Voss, Gudvangen, Lærdal og over Filefjell, ned Valdres og til Christiania. Gudvangen har sidan vore ein viktig stad for samferdsla mellom aust og vest i Sør-Norge. Det tok likevel nesten fire år frå Fylkesbaatane starta dampskipsrutetrafikk på Sognefjorden til Gudvangen kom med i rutene. Turisttrafikken byrja på slutten av 1800-talet å bli av ein slik storleik at Fylkesbaatane i 1886 hadde vanskar med å ta unna dei reisande mellom Lærdal og Gudvangen. Passasjerbåtane som vart nytta var for små og vart så fullpakka med passasjerar at folk byrja klaga på dette. Jernbana mellom Bergen og Voss vart opna i 1883, noko som var ei medverkande årsak til trafikkauken over Gudvangen. I 1868 vart det registrert 795 passasjerar som reiste med rutebåt frå Gudvangen, i 1904 var talet komme opp i 4100 passasjerar, og i 1912 skal det ha vore kring 20 000.

Ferjeruter

Vegstrekninga mellom Gudvangen og Hordaland grense vart i 1927 gjort til riksveg.
I 1934 starta Fylkesbaatane med ferjeruter frå Gudvangen, ei litt spesiell rute med bording med ei anna ferje ved Solsnes. Men i 1939 kom for alvor ferjetrafikken mellom Gudvangen og Lærdal i gang, eit ferjesamband som var svært viktig heilt fram til Lærdalstunnelen mellom Lærdal og Aurland vart opna i november 2000. Sambandet vart då lagt ned som heilårsrute og det går no ferje berre i tida mellom 15. mai og 30. september. Nærøyfjorden er ei naturperle og ein stor turistattraksjon, difor er det viktig for turistnæringa at det vert oppretthalde rutebåttrafikk på fjorden.
Dei veglause bygdene ved fjorden fekk betydeleg dårlegare kommunikasjonar etter at heilårsruta vart nedlagd, om sommaren har dei om lag same rutetilbodet som tidlegare, men frå oktober til mai er det dårleg.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Ohnstad: Anders: Aurland Bygdebok - Fram til om lag 1920. Bergen 1962.
Førsund, Finn B.: Dampen og kaia - Stoppestader for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-1998. Selja Forlag. Førde 1998.
Seip, Hans: Sogn og Fjordane fylke - Eit tilskot til kommunlasoga. Hermansverk 1958.
Sogn Avis: 09.11.2002.
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane: Verdiar i Nisedalselvi, Aurland kommune i Sogn og Fjordane. VVV-rapport 2001-20.
Statens Vegvesen: Opning av Bakkatunnelen. Pressemelding.
Statens Vegvesen: Gudvangen-Styvi, Aurland kommune. Verneplan.

PERMANENT IDENTIFIKATOR