Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Jordalsvegen - stølsveg



Jordalsvegen er gangvegen frå Fresvik til Jordalen, der fresvikjene har fjellstøl. Å komma dit er ein svært lang tur, det går 6-7 timar og avstanden er 3 mil.

Kart som viser ruta for vegen frå Fresvik til Jordalen.

Kart som viser ruta for vegen frå Fresvik til Jordalen.

Langt, tungt

Få har så lang og tung stølsveg som fresvikjene. Fjellstølen deira Jordalen ligg då og i Voss kommune i Hordaland. Høgaste punktet på stølsvegen er 1333 moh. For å komma til Jordalen går vegen over deler av Fresvikbreen, og der er bratt og farleg både for folk og beist.
Det er mange segner knytte til stader langs stølsvegen. Nokre vikjagardar har og støl i Vikjadalen, som vikjene kallar dalen. Det har vore mykje krangel om stølsrettane mellom fresvikjer og vikjer, og det er segner om nedbrenning av sel og bortjaging av bønder og budeier.

Sjølve vegen

Frå Fresvik går vegen til vår- og hauststølen Engi 270 moh, i dag er det 5 km bilveg dit. Vidare over Engjabrui, mot Vetlengi og Vetlengstrupen, Kaldavatnet og Øystølen til Tundalen, som er bratt og trong. Der gjekk det ofte både jord- og snøras, og før buføring måtte ein reinska og vøla vegen. Ein passerer Gråsteinane, Kleppstokk, Klepphola, kviler ved Klepp før oppstiginga. Over Galden, opp til Båsen og Vassosen med Vassosvatnet, 1237 moh.
Vidare opp til høgaste punktet som er Rjupeskar, 1344 moh, over to armar av Fresvikbreen, Gryteskarvfonni og Langafonni. Så til eit trongt fjellpass, Øvste og Nedste Veiggje, forbi Øvste Breivåi til Fresvikvarden. Ned Brimkleivi til Nedste Breivåi og vidare til Hjashaug. Så kjem ein til Øvstedalsleitet med Øvstedalen framfor. Litt lenger nede ligg Nedstedalen på ca. 800 moh.

Med bil

Ein kan og komma seg til Jordalen med bil, men då må ein køyra til Vik, Vinje, Oppheim og mot Gudvangen. Eit stykke forbi Stalheimskleivi tek ein av mot Jordalen, bilturen frå Fresvik tek ca. 2 timar.

Ikkje skog

I Jordalen er det ikkje ved, så ein måtte nytta torv til brensel. Vanleg var å reisa til støls 14 dagar før buføring for å spa opp torv. Torva vart lagd på lyngrabbar og sva til tørk. Vart det dårleg ver, måtte ein bera inn torva før buføringa.
Vanleg var å vera i Jordalen åtte veker, dvs. juli og august. Var det fint ver, kunne dei vera ei veke "attepao", som dei sa.

Merke i fjellet

Før ein reiste til fjells, såg ein etter faste merke i fjellet som viste om det var "bue" i Jordalen. Når ein fjellknaus vart synleg på Nonhaugen, knausen vart kalla Nonhaugbjørnen, kunne ein buføra. I lia opp til Nonhaugen møtest to skreder som går nedover til Åva. Området mellom skredene heiter Tunga. Når Tunga grønskast, er det og bue i Jordalen.

Avdrott, material

Avdrotten vart kløvja heimatt på hesteryggen. Vanlegvis hadde ein med ved til støls for ein måtte ha kveikje når ein skulle få eld i torva. Når ein skulle frakta material til Jordalen, la ein vegen om Langafjellet. Då måtte ein om Skard og opp Jordalsskar. Den vegen var lenger, men der var flatare fjell å koma over. Vegen over Rjupeskar kunne stundom vera så vanskeleg at ein buførte over Langafjellet, men det var sjeldan.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Bøthun, Per H.: Leikanger Bygdebok, band I. Leikanger 1965.
Bøthun, Per H.: Frå Fresvik til Jordalen. I Gamalt frå Leikanger herad, s. 26-38. Sogndal 19??
Bøtun, Jon: Fjellturar i Fresvikfjelli. I Årbok 1952. Bergen Turlag. Bergen 1952.

PERMANENT IDENTIFIKATOR