Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Bakka kyrkje



Bakka kyrkje er ei langkyrkje i tre som ligg i grenda Bakka ved Nærøyfjorden. Kyrkja, som har 200 sitjeplassar og er teikna av arkitekt Christian Henrik Grosch, vart vigsla 11. mai 1859. Då vart Nærøy eit eige sokn i Aurland prestegjeld, skilt ut frå Underdal sokn. Nærøy sokn er det minste soknet i Sogn og Fjordane fylke og i Bjørgvin bispedøme med 104 medlemer i 1999. Eit vanleg år er det eitt eller to dåpsborn og det same talet konfirmantar.

Den vesle kyrkja på Bakka er teikna av den berømte arkitekten Christian Henrik Grosch (kjend som "Christianias byutvikler"). Kyrkja har stått uendra sidan 1859, men nyvinningar som nytt reiskapsrom og toalett stod ferdig i 1998.

Den vesle kyrkja på Bakka er teikna av den berømte arkitekten Christian Henrik Grosch (kjend som "Christianias byutvikler"). Kyrkja har stått uendra sidan 1859, men nyvinningar som nytt reiskapsrom og toalett stod ferdig i 1998.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2018

Fotograf: Per Olav Bøyum

Kyrkjeplassering

Bakka kyrkje kom til som eit resultat av ein årelang strid om kyrkjeplassering i Undredal sokn. Spørsmålet om flytting av stavkyrkja i Undredal til Nærøy var faktisk den fyrste saka formannskapet tok fatt på då Aurland kommune vart oppretta i 1837. Spørsmålet hadde vore omsnakka heilt sidan 1820-talet, av di folk i Nærøyfjorden hadde så lang kyrkjeveg, og størstedelen av folketalet i soknet etter kvart budde ved Nærøyfjorden eller i Nærøydalen. Særleg vinterstid var kyrkjevegen farleg, og det går mange segner om messefall, trass i at nettopp Nærøydalen og Nærøyfjorden frå slutten av 1700-talet vart del av postvegen Bergen-Christiania.
Lova frå 1851 om at kvar kyrkje skulle romme 3/10 av folketalet sette fart i diskusjonen, men sidan stavkyrkja uansett var for lita, vedtok formannskapet i staden bygging av heilt ny kyrkje på Bakka. Samstundes vart soknet delt, og Bakka vart kyrkjestad for bygdene heilt frå Stalheim på grensa til Voss til Breisnes langt ute i Aurlandsfjorden. Kyrkja for Nærøy-soknet vart plassert på Bakka fordi staden låg midt i soknet.

Eksteriør og interiør

Kyrkja på Bakka er ei enkel, lita, kvitmåla trekyrkje, med eit stort, tredelt vindauge på kvar langside i skipet. Skipet er 13,5 x 7 m, pluss eit 4,4 m langt kor i same breidd som skipet. Altertavla står i eit smalare korparti på 1,7 x 4,3 m. Mot vest er våpenhuset 3,6 x 3,8 m, med eit noko mindre, firkanta tårn på. Mot aust er det bygt på eit lite sakristi, og kyrkja på Bakka er dermed den einaste i Aurland som har sakristi i kyrkja. Innvendig er veggene trekvite, slik dei alltid har vore. Taket er flatt, og mot vest er det eit lite galleri. Korbogen, preikestolen og ei bord øvst i taket har marmorert måling, ein farge som vart henta fram av konservator Ola Seter og hjelparen hans, Ola Grevstad, kring 1970. (Dei to gjorde tilsvarande arbeid både i Undredal og Flåm og andre kyrkjer i fylket på 1960-70-talet). Då hadde desse felta vore overmåla med kvitt sidan 1950-talet, ein farge som enno finst att i kyrkjebenkene og på altertavla.

I kyrkjerommet legg ein elles merke til fleire tekstfelt. Over korbogen er det måla bibelord rett på veggen og på tverrbjelken over bogen står eit anna. På kvar side av endeveggen i koret er namna på dei som finansierte kyrkja måla. Det interessante med denne namnerekkja er at desse bøndene og delen dei betalte stemmer nøyaktig med eigarfordelinga av Undredal kyrkje, som dei eigde tidlegare. Bygginga av Bakka kyrkje var del av ein plan der kyrkjeeigarane i Undredal selde kyrkja der til bygda mot at dei betalte nyekyrkja på Bakka.
I tillegg til preikestolen frå 1859, altertavla frå 1907 og orgelet frå 1999 omfattar inventaret også fire alterlysestakar, nattverdsutstyr (kalk, disk og vinkanne), døypefont i tre frå 1936 med dåpsfat og -mugge i kopar, ein gullkanta trekross og kyrkjeklokke, begge frå 1859.

Orgelet

Dei fleste orgelsaker handlar om å skaffe pengar til å kjøpe nytt. Men i Bakka kyrkje var det ikkje pengane det stod på, men plasseringa i kyrkjerommet. Striden gjekk så langt at Riksantikvaren truga med å frede den 140 år gamle kyrkja for å få gjennom viljen sin om at orgelet måtte plasserast i koret og ikkje på galleriet.
Alt i 1997 vart det vedteke å kjøpe nytt orgel for 534 000 kr. Planen var å setje orgelet i koret for å sleppe å gjere inngrep på galleriet. Men året etter, då orgelbyggjaren var på synfaring, sa han klart i frå at orgelet burde stå på galleriet. Lyden vil bli vesentleg betre då, sa han. Med støtte frå ein orgelkonsulent og Bjørgvin bispedøme, vart det i februar 1999 sendt søknad til Riksantikvaren om å få setje orgelet på galleriet. Svaret var nei, både etter fyrste søknad og anke. Bakka kyrkje er av så stor kulturhistorisk verdi at Riksantikvaren ikkje vil tillate endringar av galleriet. I tillegg var argumentet frå Oslo at arkitekten for kyrkja, Christian Heinrich Grosch, var ein av dei fremste kyrkjearkitektane i Norge på 1800-talet og at Bakka kyrkje var den fyrste kyrkja han teikna i Bjørgvin bispedøme. Når kyrkja dessutan står meir eller mindre intakt slik ho stod i 1859, meinte Riksantikvaren at Bakka kyrkje ikkje måtte endrast. Kyrkja vart sett på som eit kulturminne av nasjonal interesse, og det kunne koma på tale å freda kyrkja for å hindre at orgelet vart sett på galleriet.

Kyrkjedepartementet tok endeleg avgjerd i saka i samsvar med Riksantikvaren sitt syn. Orgelet vart teke i bruk - i koret - ved ei festgudsteneste 21. november 1999. Kyrkja var fullsett med 130 menneske - i ei bygd med 20 innbyggjarar - og Aurland kyrkjelydsblad melde at dette var dagen då orgelbruset for alvor gjorde seg gjeldande i Nærøy sokn.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 2. Sogn. Selja Forlag. Førde 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR