Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Lokalhistorisk senter i Aurland



Lokalhistorisk senter held til i det gamle Heradshuset på Aurlandsvangen. Senteret tilbyd ei rekkje utstillingar og tenester til publikum. Av tenester kan nemnast hjelp med slektsforsking og søk i fotoarkiv. Senteret vart opna i 1994.

Gjenstandar frå Sivle-samlinga.

Gjenstandar frå Sivle-samlinga.

Eigar: Aurland kulturkontor, fotosamlinga.

Datering: 2000.

Fotograf: Arvid Indrelid.

Sivle-samlinga

Samlinga har om lag 100 gjenstandar etter diktaren Per Sivle, og omfattar både bøker, foto, og små og store gjenstandar. Mellom anna kan ein sjå dåpshua til Sivle og ABC-boka hans, eit koppasett og den spesielle Huldresølja.

Diktinga hans finn ein i tidlege bokutgåver. Per Sivle var fødd i Flåm i Aurland kommune i 1857, men voks opp på garden Brekke ved Stalheim. Dottera Sussie Sivle overrekte samlinga til kommunen i 1953, og er no på plass i Lokalhistorisk senter på Aurlandsvangen.

Utstilling av store foto

Aurland sogelag stiller ut storfoto med gamle motiv frå kommunen. Det er mange fine landskapsmotiv, men òg bilete frå arbeidslivet på gard og støl. Her er òg foto av kyrkjene i kommunen, forsamlingshus og bustadhus. Bileta er frå kring 1870, og femner også om anleggstida på Bergensbana fyrst på 1900-talet og på Flåmsbana i 1920- og 30-åra.

Lokalhistorisk litteratur

Aurland har eit rikt utval av lokalhistorisk litteratur. Mannen bak det aller meste av denne produksjonen er historikaren Anders Ohnstad frå Aurland.

Ved tusenårsskiftet føreligg 12 bøker/hefte som inneheld ættesoge, kultursoge, gardssoge, og elles glimt frå Aurland gjenom tidene. To nye gardssoger er under arbeid. Aurland sogelag stiller ut litteraturen i Lokalhistorisk senter, der ein og kan kjøpa bøkene og hefta.

Utvandrarutstilling

Aurland kulturkontor presenterer ei utvandrarutstilling frå 1994, som er ei 150-års markering av utvandringa frå Aurland til Amerika. Utstillinga viser med kart, grafisk framsyning, bilete og tekster glimt frå denne utvandringa, som tok til i 1844.

I utstillinga finn publikum større og mindre slektssoger, laga av norskætta amerikanarar. Her er òg mange bilete. Aurland kommune inngjekk i 1997 ein vennskapsavtale med Cannon Falls Township, Goodhue County, Minnesota.

Andre utstillingar

I Lokalhistorisk senter har kulturkontoret og sogelaget elles utstillingar på tema som jordbruk og stølsliv, jakt og fiske, folk og kyrkje, næring og kultur, m. m., og elles ulike tema som får plass i tur og orden.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Opplysningar frå:
Anders J. Ohnstad.
Aurland sogelag.
Lokalhistorisk senter.
Aurland kulturkontor, fotosamlinga.

PERMANENT IDENTIFIKATOR