Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Vikingvang Hotel i Gudvangen



Historia til tettstaden Gudvangen tek til kring 1800. Då flytte gjestgjevaren i Arnehus i Dyrdal, Jens Knutsen Kappadal, inn til Gudvangen. Ferdsla på Nærøyfjorden tok seg opp midt på 1600-talet i samband med at den nasjonale, kongelege postvegen gjennom Lærdal, Gudvangen og Voss vart opna. Det var langt å ro frå Lærdal til Gudvangen, og gjestgiveriet i Arnehus vart difor oppretta.

Vikingvang Hotel til høgre og Annekset til venstre. I framgrunnen er det laga oppstillingsplass for hestar og vogner i samband med transport av turistar frå cruiseskip.

Vikingvang Hotel til høgre og Annekset til venstre. I framgrunnen er det laga oppstillingsplass for hestar og vogner i samband med transport av turistar frå cruiseskip.

Eigar: Aurland kommune

Datering: Kring 1905.

Fotograf: F. Beyer`s Touristbureau.

Ny gjestgjevarstad

Jens Knutsen flytte to gamle stover, kalla tingstovene, frå Arnehus til Gudvangen. I desse stovene hadde det ofte vore tingsamlingar, der fut, sorenskrivar og bønder møttest for å avgjera viktige saker. Jens Knutsen brukte truleg desse stovene til matservering og overnatting for tilreisande.
I 1827 kom Jakob Rosenwinge Ringkjøb, fødd i Nordland, til staden. Men Jakob døydde allereie i 1832, og enkja gifte seg opp att i 1841 med Jens Fynboe Wilman, frå Orkdal i Trøndelag. No vart det sett opp fleire nye og store hus, og denne familien dreiv staden til ut i 1860-åra.

Nye eigarar

I 1869 kom Johan Daniel Schultz, frå Askøy og kona Kristine Margrete Larsen, frå Aurland til staden. Ekteparet nytta ein stor bygning på vestsida av vegen mot kaien til hotelldrifta, og og namnet var Schultz Hotel. Denne og andre bygningar vart tekne ned og flytte bort nokre år seinare.

I 1879 var det på nytt eigarskifte. Ole Knutsen Helland, frå Lærdal og kona, Brita Kristoffersdotter Torsnes frå Balestrand kjøpte gjestgjevarstaden. Dei bygde nytt hotell på vestsida av vegen mot kaien kring 1880, og det fekk namnet Hellands Hotel. Men Ole Knutsen døydde allereie i 1882, og Brita dreiv hotellet som enkje i fleire år. På den andre sida av vegen låg dei to gamle tingstovene, og dei var no vorte bygde saman til eitt hus. I dette huset dreiv Brita butikk. Men drifta gjekk tungt, og det vart konkurs og auksjon.

Vikingvang Hotel

I 1891 kom Alfred Barclay Meidel til hotellet. Han hadde tidlegare segla som styrmann i utanriksfart, men no kom han frå Oddadalen Turisthotel. Kring 1895 bygde han på hotellet med ein stor spisesal mot sør, og inngangspartiet vart flytta frå austsida til nordsida av bygningen. No vart namnet endra til Vikingvang Hotel. Dei to tingstovene på den andre sida av vegen, som no var ein bygning og vart kalla Annekset, høyrde og til hotelleigedomen. No vart taket heva slik at det vart full høgd i andre etasjen, og arken midt på huset vart teken bort.

I 1899 var det på nytt eigarskifte, og Christian Dinger overtok drifta. Han kom frå Freiburg i Tyskland og var direktør på Stalheim Hotel frå 1897 til kring 1911. Det er lite truleg at han sjølv arbeidde på hotellet i Gudvangen, for Stalheim Hotel var stort, og det var stor trafikk der i desse åra.

Hotellet vart bustadhus

Eigarane av Stalheim Hotel var eigarar av Vikingvang Hotel like fram til 1951. Dette året vart hoetllbygningen og eit område omkring skilt ut som eigen eigedom. Hans Martinussen Dræge kjøpte eigedomen og dreiv hotellet fram til kring 1960. Kring 1979 kjøpte Ragnvald Ingebrigtsen Buene frå Gudvangen eigedomen, og han budde her fram til han døydde i 2001.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Ohnstad, Åsmund: Manus til gardssoge for Undredal og Nærøy. 2006.Ohnstad, Anders:Bygdebok for Aurland. Bind 1, 1960.

PERMANENT IDENTIFIKATOR