Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 03. mai 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Språk

Rå-data

Stalheimskleiva



Stalheimskleiva er namnet på vegen i det bratte fjellpartiet inst i Nærøydalen opp til gardane Brekke og Stalheim. Vegen går bratt oppetter ein fjellrygg og har ei stigning på kring 250 meter. I 1980 vart det opna ny veg med to tunnellar.

Vegen ned Stalheimskleiva sett mot nordaust.

Vegen ned Stalheimskleiva sett mot nordaust.

Eigar: Aurland Kommune

Datering: 1898

Fotograf: Fotograf Skøien

Gamal ferdsleveg

Frå gamalt av vart ferdslevegen opp Stalheimskleiva, mellom Nærøydalen og Vossestrand, nytta av folka i Nærøydalen når dei skulle til Voss og vidare vestover og når dei skulle opp til stølane sine vest for Stalheim, Storestølen, Kinnarbakken og Haugane. Folka på Voss nytta vegen når dei skulle til Sogn eller austover. Kring 1650 vart poststellet i Norge organisert, og strekninga Lærdal-Gudvangen-Stalheim-Voss vart ein del av hovudvegen mellom Austlandet og Vestlandet.

Vedlikehaldsplikt for bøndene

I eit dokument frå 1830-åra heiter det at: dette vegstykket over Stalheimsberget har i uminnelige tider vorte opparbeidt og vedlikehalde av innbyggjarane i Nærøydalen og i dei tilgrensande bygdene i Sogn futedøme. I 1779 vart området frå Stalheim til Oppheim lagt inn under Voss futedøme, og etter den tid fekk Søndre Bergenhus Amt, seinare Hordaland fylke, eit ansvar for vedlikehald av vegstrekninga. Bøndene i Nærøydalen og tilgrensande bygdelag i Sogn hadde framleis vedlikehaldsansvar for strekninga frå Styvi ved Nærøyfjorden til grensa til Søndre Bergenhus Amt, kring 8 km oppe i Nærøydalen.

Behov for betre veg

I 1830-åra var det økonomisk framgang i Norge, og handel og samferdsle auka på. Vegen opp Stalheimskleiva var bratt, svingete og smal fleire stader, slik at det ikkje var råd å ta seg fram med hest og vogn.

Det vart lagt planar for utbetring av vegen, og i 1837 la kaptein Olsen, Voss fram eit forslag til utbetring og oversyn over kostnadene. Kostnadsoverslaget lydde på 2499 spesidalar. Dette forslaget omfatta strekninga frå grensa mot Søndre Bergenhus Amt, 2 km nord for Stalheimskleiva, i alt 1920 meter, strekninga opp kleiva, i alt 1044 meter og strekninga frå Stalheimsberget, øvste punktet på vegen, og ned mot Fyre gard, i alt 720 meter.

Kaptein Henrik Christian Finne

Kostnadsoverslaget for vegbygginga vart utvida seinare, for i 1842 løyvde Stortinget 8000 dalar til arbeidet. Henrik Christian Finne, fødd i Lier i Akershus i 1797, vart tilsett som leiar for arbeidet. Han var utdanna offiser og fekk kring 1840 kapteins grad. Ei tid var han veginspektør i Buskerud, og seinare vart han leiar for fleire av staten sine veganlegg. I 1830-åra hadde han ansvaret for vegbygginga i Galdane og Vindhella i Lærdal, og kring 1840 leia han vegbygginga over Hemsedalsfjellet. Han døydde i Kristiania i 1870.

Ein breiare og betre veg

Vegen vart stukken ut av kaptein Olsen og kaptein Finne i 1843, og i mars 1844 begynte arbeidet. Nokre stader skulle gamlevegen utvidast, svingar vart lagde i ein større boge, og andre stader skulle det byggast ny veg. Andre krav for arbeidet var at vegen skulle vera mellom 4,2 og 4,8 meter brei der det var råd, men aldri smalare enn 3,6 meter. Det skulle lagast grøfter på stader med vassig, minst 0,45 meter djupe og breie. På enkelte utsette stader skulle det lagast hol i vegmuren slik at vatnet kunne renna gjennom. På fleire stader skulle det lagast solid rekkverk, og i det brattaste bakkane skulle det gravast ned ospestokkar for å halda på lausmassane. På det brattaste fekk vegen ei stigning på 20 %.

Framleis ein mykje nytta veg

Det meste av arbeidet vart utført i tida fram til september 1844. På grunn av mykje nedbør vart noko arbeid utsett til sommaren 1845. Det vart brukt 500 spesidalar i 1843, 7200 i 1844 og ein mindre sum i 1845.

I åra 1934-1937 vart vegen noko utbetra. Det vart støypt solide rekkverk, og svingane vart utvida, men stigninga vart som før opp til 20 % på det brattaste. Vegstykket var heilårsveg fram til 1979, men etter den tid er vegen berre nytta om sommaren, frå byringa av mai til slutten av september.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

PERMANENT IDENTIFIKATOR