Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 18. august 2017

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kommune

Rå-data

Om «Stavangerfjord» på cruise i Sogn og Fjordane



Sommaren 1925 byrja Den Norske Amerikalinje (NAL) med cruisefart. Etter ankomst Bergen i slutten av juli sette DS «Stavangerfjord» kursen nordover til Nordkapp. På tilbaketuren var «Atlanterhavets dronning» innom fleire fjordar på Vestlandet. Cruiset var særs vellukka, «som et triumftog» blei det telegrafert frå skipet då «Amerikabåten fremfor alle andre» var tilbake i Bergen, 3. august. I Sogn og Fjordane var «Stavangerfjord» innom Nordfjord og Sognefjorden.

«Stavangerfjord» til anker i Loen, ein gong i åra 1925-1934. Fylkesbaatane sin lokalbåt, DS «Lærdal» ligg til kai. «Lærdal» gjekk i sommarrute/turistrute Sandane – Stryn i åra 1890 (ca) - 1934. Loen var reisemål for mange turistskip. Dei kom vanlegvis inn om morgonen. Cruise-passasjerar vart frakta til og frå i småtbåtar. På dampskipskaia venta hesteskyss, etterkvart også bilskyss. Reisemåla vidare var Kjenndalsbreen i Lodalen og Briksdalsbreen i Oldedalen, eller Merok på Sunnmøre, overland pr. bilskyss.

«Stavangerfjord» til anker i Loen, ein gong i åra 1925-1934. Fylkesbaatane sin lokalbåt, DS «Lærdal» ligg til kai. «Lærdal» gjekk i sommarrute/turistrute Sandane – Stryn i åra 1890 (ca) - 1934. Loen var reisemål for mange turistskip. Dei kom vanlegvis inn om morgonen. Cruise-passasjerar vart frakta til og frå i småtbåtar. På dampskipskaia venta hesteskyss, etterkvart også bilskyss. Reisemåla vidare var Kjenndalsbreen i Lodalen og Briksdalsbreen i Oldedalen, eller Merok på Sunnmøre, overland pr. bilskyss.

Eigar: Bård Kolltveit

Datering: 1925-1934, mest truleg 1925.

Fotograf: B. Wilse

«Stavangerfjord’s turistfærd» 1925

Nordre Bergenhus Amtstidende, Florø, publiserte heile «Stavangerfjord» si telegrafiske melding. «En ny æra i norsk turisttrafik», var overskrift. Heile turen hadde arta seg «som et triumftog», (…) så vel nordover som sydover. (…) overalt» hadde skipet blitt «hilst av flagsmykkede fartøier og huse».

Laurdag 1. august styrde skipet inn Nordfjord og ankra opp i Loen. «Alle reiste opover dalen for at se Kjendalsbræen». I Loen «hilstes skibet som alle andre steder velkommen med almindelig flagning», og då «Stavangerfjord» i kveldinga dampa ut fjorden på veg til Sognefjorden og Gudvangen, «dundret dynamitsalut fra alle knauser».

Tidleg søndag morgon 2. august kom «Stavangerfjord» til Gudvangen, og i 9-tida «landsattes samtlige Nordkapsfarere og kjørte i det herligste veir til Stalheim.» Under lunsjen på Stalheim Hotel heldt administrerande direktør i «Amerikalinjen», G. Henriksen, tale. Han «bebudet» at rederiet kom til å halda fram med liknande reiser. Cruiset hadde vore ein større «sukces» enn dei hadde våga å håpa på.

Lite i lokalavisene

Utanom Amerikalinja si pressemelding i Nordre Bergenhus Amtstidende, er det lite å finna i andre aviser i fylket om «Stavangerfjord» sitt første besøk som cruiseskip i Sogn og Fjordane. Fjordenes Tidende, Måløy, hadde ein kort førehandsomtale, men ingenting elles; heller ikkje Fjordingen , Stryn, hadde «Stavangerfjord»-oppslag. Og Fjordabladet, Nordfjordeid, hadde berre eit par små notiser; om «Nordkappferda aat «Stavangerfjord» og om besøket i Loen.

«Stavangerfjord» ligg i dag i Loen. Baaten kom til Loen i dag kl. 7 og skulde liggja der til kl. 5 i ettermiddag. Umbord var 300 amerikanarar som har fylgt baaten langs kysten upp til Nordkap. I Loen skulde 270 av ferdafolket i 2 flokkkar upp til Kjendalsbreden. Dei skulde faa seg mat paa restaurasjonen ved øvre enden av Loenvatnet.»

Firda Folkeblad, Florø, melde 4. august i notis på fire liner at «Stavangerfjord» hadde passert Florø. «Stavangerfjord for laurdagskvelden sudyver. Skipet kom daa fraa Nordfjord og gjekk inn Sognefjorden um natti. Derfraa for dei til Bergen.»

Avisene i Sogn hadde og svært lite om det første besøket til «Atlanterhavets dronning» på Sognefjorden. Sogns Tidende, Sogndal, hadde ingen ting; Sogningen, Balestrand, berre ei kort notis. «Stavangerfjord» hadde kome framom Balestrand på veg frå Gudvangen til Bergen, men berre lege ei lita stund. Folk var vonbrotne, «en stor skuffelse»:

«Stavangerfjord» som har været på Nordkapstur kom søndag aften [2. august] i 9-tiden indom Balestrand paa vei fra Gudvangen. Der blev avgit salut saavel om bord som paa land, og i løpet av de faa minutter som det vakre skib blev liggende, hadde der samlet seg en mengde baater. Det var en stor skuffelse at skibet ikke blev liggende længer, men det hadde jo sin faste avgangstid fra Bergen at passe paa.»

Seinare besøk

Etter det oppmuntrande første-cruiset sommaren 1925 heldt Amerikalinjen fram med liknande cruise heile mellomkrigstida, med unntak av åra 1928-1931. Passasjerane var både amerikanarar og nordmenn. Sommaren 1932 fekk «Stavangerfjord» kongelege passasjerar om bord i Loen:

«Kronprinsparet kjem i dag over Strynefjellet paa tur til Olden, der dei tek inn på Yris Hotel. I morgon fær dei sørover med «Stavangerfjord» fraa Loen. Krinprinsparet hev fylgje av adjutant, premierløytnant Nils Ramm» (Fjordingen 20.7.1932)

Rettssak 1933 – krav om erstatning for skade på laksefiske

Ikkje alle var like begeistra for cruisefarten. Sommaren 1933 stemnde overrettssakførar og lakseretts-eigar Ole Loen Den Norske Amerikalinje for retten. Han meinte «Stavangerfjord» (og andre turistskip) hadde valda skade på laksefisket i Loelva. Saka gjekk til Høgsterett. Ole Loen tapte saka, men Høgsterett såg ikkje bort frå at det kunne vera ein samanheng mellom store turistskip på Loenbukta og redusert laksefiske. Likevel kunne ikkje eitt rederi åleine påleggjast erstatningsansvar.

Overrettssakførar Loen tok sterkt til motmæle, særleg etter at Landslaget for reiselivet i Norge i brev til Stryn kommune sommaren 1934 ba kommunestyret om å reisa sak mot Ole Loen fordi han «freistar å få turistane frå bygdi».

«Skal turistskibene uhindret faa ødelegge værdifulle rettigheter for våre odelsgaarde uten aa erstatte? Er høiesterettsdommen et angrep paa gamle nedarvede rettigheter? Skal Stryn herredstyre forledes av storkapitalen til aa begaa selvmord» - var overskriftene på eit lenger innlegg, datert 17. juni 1934, i Fjordingen 27. juni 1934.

kjelder:

Kolltveit, Bård: Eventyret om norsk cruisefart. Fra vestlandsfjorder til verdens hav. Orfeus. 2016. 


Kolltveit, Bård: Amerikabåtene. Norsk sjøfartsmuseum. 1984.


Lokalaviser i Sogn og Fjordane, nemnde i artikkelen:
Fjordenes Tidende
Fjordabladet
Fjordingen
Nordre Bergenhus Amtstidende
Firda Folkeblad
Sogningen.


Egenæs, Jens Christian: DS «Lærdal» (1), pdf-fil


Den norske Amerikalinje


Fylkesbaatane – Barndomsminne om DS «Lærdal»

PERMANENT IDENTIFIKATOR