Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Vindhella - eit stykke vegkunst i Lærdal



"Han murede for meget og minerede for lidet", - er sagt om kaptein Finne, "nye" Vindhella-vegen sin store konstruktør. Veganlegget, bygt 1842-43, var eit storverk, men likevel ei gedigen feilsatsing. Vindhella var ute av bruk mindre enn 30 år etter.

Vindhella er eit populært turområde.

Vindhella er eit populært turområde.

Eigar: K. Hovland.

Datering: 2001

Fotograf: K. Hovland.

Vindhella eller Vinhella?

Vindhella-vegen startar frå garden Kyrkjevoll ved Borgund stavkyrkje, går over Vindhelleskaret nord for åsen Klanten og stuper seg så ned i det tronge dalføret i elegante svingar mot Husum. Vegen er for det meste lagt på høge murar og var forsynt med eit rekkverk med spesiallaga støypejernstolpar frå Eidsvoll Verk.

Den lokale, nedervde uttalen av namnet er /vi:nhædla/ med lang i. Dette vitnar om at skrivemåten er ei forvrenging av namnet på eit eller anna tidspunkt. "Vinhella" skulle etter dette eigentleg ha vore rette forma. Truleg er det ein "skrivekarl" med dansk bakgrunn som for nokre hundre år sidan har misforstått og trudd at staden hadde med vind å gjera. Namnet har heller med vin å gjera, det norrøne ordet for grasslette. Hella tyder ikkje berre steinhelle, men og hylle eller flatt berg, noko som stemmer godt med terrenget her. Så hylla eller berget ved grassletta gjev mykje meir meining enn "vind"-tolkinga. Men på grunn av etablert skriveform, vert Vindhella såleis noko feilaktig nytta.

Ei storbragd i 1790-åra

Generalvegmeister i Bergenhus stift, Christopher Johannes Hammer (1759-1823), kongevegen sin vegbyggjar, valde i 1790-åra å byggja den fyrste køyrevegen gjennom det stupbratte Vindhellecvskaret. Det var ei storbragd i den tida. Vegarbeidarane, for det meste soldatar, rydda grov ur og sprengde seg fram; dei mura og bygde veg for hest og vogn i stigning på opptil 1:4, eller 25 prosent! Ein kan undra seg kvifor Hammer valde denne leia framfor den gamle ridevegleia sør for fjellet Klanten, kalla Sverrestigen. Men vegen gjennom Vindhella kom til å verta kortare og mykje meir imponerande, og Hammer hadde ein dragnad mot bratte traséar og la vegen som oftast over fjellet i staden for rundt.

Sokneprest Bøiesen si topografiske skildring

Soknepresten i Lærdal, Ulrik Fredrik Bøiesen (1773-1841) skriv i sin topografiske skildring av Lærdal prestegjeld frå 1817: "Nu staaer man ligesom med eet øverst paa Vindhellen. Et frappant Skue for den, som fra Østlandet første Gang reiser herigjennem! .. Det er en Coup de Téâtre de la Nature, hvor Coulisserne i en Haandevending changeres og hvis Fond især er imposant og malerisk, endskjønt Udsigten er couperet og ligesom fanget mellem skyhøie fjeld. Vindhellen selv er en mærkelig Vei. Skjønt tildeels sprængt gjennem Klippen er den temmelig bred og fortræffelig banet, men paa nogle Steder meget brat og slynger sig i store Bugter ned i den lavere Dal .." (Frå "Budstikken", juli 1820).

Vegstykket over Vindhella frå 1790-åra var i bruk i om lag 50 år. Det hadde vore mange klager frå dei reisande og i 1843 stod eit nytt meisterverk ferdig. Henrik Finne sin berømte veg gjennom Vindhella.

Nye Vindhella - "i sannhet et storverk"

Henrik Christian Finne, kaptein og vegingeniør, også kalla "Vei-Finne", stod for mange storverk i vegbygging midt på 1800-talet. Stalheimskleivi er eit arbeid han let etter seg, og i Lærdal oppheldt han seg i perioden frå sist på 1830-talet til rundt 1846. Her stod han for anlegg som Seltåsen, Steine bru og ikkje minst, den nye Vindhellavegen. Mange veganlegg vart i den tida utførde ved "licitation", det vil seia at anlegga vart utlyste til private entreprenørar på ein offentleg auksjon. Men enkelte anlegg var så store og vanskelege at private ikkje makta å ta dei på seg og fullføra dei. Slik var det med storanlegga i Lærdal. Dei var statlege med "leiede Arbeidere". Finne budde for det meste på Husum hotell og leia sjølv arbeidet. Dei fleste arbeidarane var truleg i hovudsak frå andre kantar av landet og hadde ei dagløn frå 30-40 skilling (om lag ei krone), dobbelt så mykje som ein vanleg arbeidskar hadde om sommaren.

Ny trasé?

Det var mykje diskusjon om vegen no skulle flyttast frå den gamle bratte 1790-traséen gjennom Vindhella-skaret til ein ny langs elva frå Husum til Borgund stavkyrkje gjennom Nesbergi og om garden Nese. Formannskapet, veginspektøren i Lærdal, kaptein Thee, og Finne tok ei grundig synfaring på begge traséalternativa. Kanskje var det Finne sine snorer som var strekte til synfaringa som gjorde utslaget. Dei viste elegante svingar oppover skaret med ei stigning på 1:5, eller 20 prosent, noko dei tykte var akseptabelt. Vegen gjennom Nesbergi ottast dei kunne vera utsett for steinsprang og snøskreder. Vindhella-traséen vart endå ein gong valt, om ikkje alle var like begeistra.

".. i sannhet et storverk"

Med på det meste vel 200 mann og eit ukjent tal hestar bygde Finne dette berømte vegstykket i 1842-43, på om lag eitt års tid. Sprenginga gjekk føre seg med minérkrut, tjøre og svovel. Dynamitten var enno ikkje oppfunnen. Det stod då att berre litt arbeid på eit par vegstykke og å setja opp rekkverk. På enkelte strekningar la han den nye vegen opp på den gamle frå 1790-åra. Finne øydela helsa si under arbeidet med vegbygginga og måtte sidan søkja avskjed frå vegvesenet.

Ein reisande fortel i "Skillingsmagasinet" i 1852: "Det var en virkelig veimester som hadde klart å bane vei i slikt terreng, det var i sannhet et storverk man så utover. Inntil 12 meter høye murer bar veien i flere mektige slynger fra den ene fjellsiden til den andre i den trange stupbratte dalen".

Ei feilsatsing?

Vindhellavegen frå 1843 var eit "barn av si tid". Sjølv om breidda og standarden elles var framifrå, hadde han ein stor feil; han var alt for bratt! Krava auka fort med den veksande turisttrafikken og auka godsmengde som skulle transporterast gjennom dalen. 25 år etter avgjorde Indredepartementet etter framlegg frå vegdirektør Bergh, at vegen ikkje lenger heldt mål og måtte leggjast om. I 1872 stod den nye traséen gjennom Nesbergi ferdig, flatare, men langt frå så vakker og imponerande som Vindhellavegen.

Vindhellas Venner

Sjølv om Vindhellavegen lenge hadde status som reserveveg, tok forfallet snart over. I nyare tid vart det til og med sette telefonstolpar ned midt i vegbana, den vart nytta til uvettig biltrafikk og tunge anleggsmaskiner vart køyrde over Vindhella.

Etter nokre større utrasingar organiserte Stein Erik Skoug frå Gjøvik, forfattar av boka "Kongeveien over Fillefjell", og Ingmar Nordstrand frå Hyllestad, i 1971 ein ungdomsleir for å utbetra dei verste skadene. Skoug tok òg initativet til foreininga "Vindhellas Venner" som hadde til føremål å ta vare på dei gamle vegane i Lærdal og spreia opplysningar om dei. Etter kvart auka forståinga for arbeidet og foreininga fekk støtte frå mange hald. "Vindhellas Venner" har ikkje vore aktiv dei seinaste åra og Statens vegvesen har no i hovudsak teke over arbeidet med vedlikehaldet og vidare restaurering.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Skoug, Stein E.: Kongeveien over Fillefjell. Grøndahl 1975.
Statens vegvesen - Lærdal kommune: Frå kongeveg til stamveg. Hermansverk/Lærdal 1993.

PERMANENT IDENTIFIKATOR