Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 11. august 2017

Sist oppdatert 28. mai 2019

Rå-data

Turistskipet «Meteor» i Sogn og Fjordane 1921



«Meteors’s første turisttur» melde avisa Nordfjord 17. juni 1921. Det var Bergenske Dampskibsselskab (BDS) sitt turistskip SY «Meteor» sitt første cruise England – Norge med anløp i Sogn og Nordfjord. Fylkestinget sat samla i Loen då «Meteor» var på vitjing. Det blei ordna med besøk om bord, og fotografering.

Fylkestinget 1921 om bord på SY «Meteor» (Det Bergenske Dampskibsselskab, BDS) juni 1921. På biletet er det med 45 personar, av dei fire skipsoffiserar.

Fylkestinget 1921 om bord på SY «Meteor» (Det Bergenske Dampskibsselskab, BDS) juni 1921. På biletet er det med 45 personar, av dei fire skipsoffiserar.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 1921

Fotograf: Ukjent

SY «Meteor»

I 1921 var «Meteor» eit nytt skip i BDS-flåten, og reiarlaget sitt første reindyrka turistskip. Det var ikkje nybygd i 1921. «Meteor» vart sjøsett i Hamburg i 1904 for eit tysk reiarlag og sett i turistfart på dei norske fjordane. Etter 1.verdskrigen vart «Meteor» overteke av Storbritannia som krigsbytte. Bergenske kjøpte skipet våren 1921 og tok båten til Bergen for istandsetjing. Namnet vart ikkje endra. «Meteor» passa med Bergenske sine univers-namn; Venus, Merkur, osb. Ein av dei første dagane i juni gjekk «Meteor» frå Bergen til Newcastle for å ta om bord dei første passasjerane.

Skipet hadde i byrjinga bokstavane SY for steam yacht, og segla det første året under britisk flagg med britisk mannskap. I 1922 blei skipet registrert i Norge med Bergen som heimehamn. Bokstavane vart no endra frå SY til DY, damp yacht.

«fra Newcastle under fuld musik»

Avisa Nordfjord rapporterte om «Meteor» sin første tur i turistfart for BDS med Bergens Aftenblad som kjelde.

«Meteor» avgik lørdag eftm. [11. juni] kl. 6 under fuld musik og flagsmykket fra top til dæk. Det smukke hvitmalte skib vakte overalt paa sin tur nedover Tynen [elva Tyne, Newcastle] fortjent opmerksomhet.

Turen over Nordsjøen forløp i daarligt veir. Mandag [13. juni] i Hardanger hadde man en fin sommerdag som passagererne nød i fuldt maal og under stor begeistring over den skjønne natur. Dagen avsluttedes med (…). Skibet gik fra Norheimsund kl, 10 [22.00], og kom ved 6-tiden tirsdag [14. juni] morgen til Bergen.

Der var 170 passagerer om bord. En hel del av disse gik fra borde i Bergen og fortsatte med tog, nogen til Voss for over Stalheim at ta «Meteor» igjen i Gudvangen og nogen til Myrdal hvorfra turen gaar gjennem Flaamsdalen og ut fjorden til Gudvangen, hvor de atter gaar om bord i det flytende hotel.»

Gudvangen – Loen

Etter Bergen tysdag 14. juni gjekk «Meteor» til Gudvangen, der skipet tok om bord 1) passasjerane som hadde reist med tog til Voss og vidare med bil til Gudvangen, og 2) passasjerane som hadde reist med tog til Myrdal, vidare med hesteskyss ned til Flåm, og med båt Flåm – Gudvangen. «Meteor» gjekk så truleg om kvelden og natta til Nordfjord, og ankra opp i Loen, onsdag 15. juni. Den store attraksjonen i Loen var tur inn Lodalen, med bil til Vassenden og båt inn Lovatnet.

Fylkestinget 1921 – i Loen

I desse dagane var det årlege fylkestinget samla på Alexandra Hotel i Loen. Fylkestinget var på denne tid sett saman av ordførarane. Tingseta varde minst ei veke. Fylkesmannen var administrativ leiar. I tillegg kom nokre andre; m.a. referent.

Fylkestinget 1921 opna laurdag 11. juni, same dagen som «Meteor» gjekk frå Newcastle. Ordførarar og andre må ha vore vitne til hendinga då «Meteor» seig inn på bukta og gjekk til ankers, sette lettbåtar på sjøen, og frakta turistar til lands. Forvitneleg. Eit nytt turistskip, men likevel ein gammal kjenning. Under tysk flagg hadde «Meteor» vore ein flittig gjest i Sogn og Fjordane i åra før 1. verdskrigen.

Biletet: «om bord S.Y. «Meteor». Juni 1921»

Det blei ordna med fylkestingsbesøk om bord, og fotografering. Biletet viser 45 personar oppstilte på båtdekket, framfor ein av livbåtane; 44 menn og 1 kvinne; 4 skips-offiserar, fylkesmannen (fylkestinget sin administrator), 1 kvinne (referent) og 39 andre, dei fleste ordførarar.

«Meteor» seinare

Etter besøket i Loen heldt «Meteor» fram på cruiset Newcastle – Vestlandsfjordane. Cruiset varde 12 dagar og «Meteor» gjekk seks slike cruise sommaren 1921. Bergenske hadde «Meteor» i turistfart fram til krigsutbrotet 1940. Skipet låg då i Bergen og vart rekvirert av den tyske okkupasjonsmakta som ominnreidde båten til hospitalskip. Seinare vart skipet overført til Austersjøen og senka av russiske fly i tysk hamn 9. mars 1945.

kjelder:

Kleppa, Hermund: I Kjelda 2/2005


Kleppa, Hermund: I Kjelda 1/2006.


Russenes, Bjørn Falck: I Kjelda 1/2006


Keilhau, Wilhelm: Norges eldste linjerederi. Jubileumsskrift til Det Bergenske Dampskibnsselskabs 100-års dag. 1951


DY «Meteor»

PERMANENT IDENTIFIKATOR