Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 15. november 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Språk

Rå-data

Fossane i Nærøydalen



Dei store fossane inst i Nærøydalen, Sivlefossen og Stalheimsfossen er kjende attraksjonar og døme på større elvar som tidlegare rann mot Voss. Dette skuldast at Nærøydalselvi gjennom lange tider har greve ut dalen og såleis endra fallretninga for fleire av sideelvane som no renn mot Sogn.

Stalheimsfossen har eit fall på 126 meter og Datering: 1983

Stalheimsfossen har eit fall på 126 meter og Datering: 1983

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Fotograf: Ukjend

Stalheimsfossen

Stalheimsfossen er ein av dei to store fossane med fall ved Stalheimskleiva. I det djupe gjelet dannar fossen eit 126 meter høgt fall. Synet av fossen kan i dag nytast frå Stalheimskleiva. Før vegen vart bygd i perioden 1844-1849 var "kongevegen" inn langs Stalheimselva ferdslevegen til Stalheim. I samband med Voss kommune sin handlingsplan for friluftsliv er "Kongevegen" ved Stalheimsfossen sett i stand og tilrettelagt for rullestolbrukarar. Turen er eit attraktivt tilbod både til unge og eldre som vil oppleve elv og mektig fossenatur. Turen inn til fossen tek omlag eit kvarter.

Sivlefossen

Sivlefossen er godt synleg frå den tredje svingen på Stalheimskleiva rekna nedanfrå. Denne fossen har eit fall på heile 240 meter. Gjelet med Sivlefossen er med på å understreke dalførets tronge profil og markerte avslutning.

Spelemannen Sjur Helgeland og slåtten Sivlefossen

Sivlefossen har fått ein eigen slått kalla opp etter seg. I Spelemannsbladet (5/1982) fortel Olav Fletre om Sjur Helgeland og denne slåtten. Slåtten bar namnet Fossegrimen fram til Per Sivle døydde, men for å gjere ære på den avlidne valde Sjur Helgeland, som var Per Sivle sin tremenning å kalle opp slåtten etter han.

Sjur Helgeland fortalde sjølv korleis slåtten vart til: "Det var samla mange spelemenn på Lærdalsøyri og det vart mykje speling i fleire dagar. Mykje vaking var det og, so eg heldt på å misse svevnen. Då forstod eg at dette bar gale i veg, og so tok eg det eg hadde, reiste på bryggja og tok fyrste båt til Gudvangen. Derifrå gjekk eg. Dette var ein fin vårdag med sol og alt det yrande liv som fylgjer med slike dagar. Då eg var komen mitt opp i Stalheimskleivi kjende eg at no fekk eg sova. Eg gjekk då ut frå vegen inn i den fine bjørkeskogen og der innved Sivlefossen la eg meg ned og sov både lenge og vel. Når eg då vakna att og fekk fram fela, so hadde eg slåtten".

 

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Forvaltningsplan for Nærøyfjordområdet (framlegg).

PERMANENT IDENTIFIKATOR