Kulturhistorisk leksikon

Båt (10)

  • Vimpel i Bulandet frå fiskebåten «Leikaren»

    Sommaren 1975-1976 var Magnus Waage, fødd i Hyllestad, ein tur til Hebridene. I Stornoway kom han tilfeldig i kontakt med skipperen på båten «Asco». Både skipper og båt var av norsk opphav. Skipperen fortalde at båten tidlegare var ein fiskebåt frå Vestlandet og hadde namnet «Leikaren». Waage fekk med seg ein gjenstand frå båten, ein vimpel. År 2016 er vimpelen oppbevart på museum i Bulandet.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Askvoll
  • Skyssbåtane «Kelvin» og «Terje» – i Svelgen

    I over 150 år sytte Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane (1858-2012) for regelmessig transport til og frå Bergen og lokalt i fylket. Utanom Fylkesbaatane sitt lokal-rutenett opererte mange privateigde skyssbåtar; både i oppsette ruter og i tilfeldig skyssfart. I Svelgen hadde dei frå 1930 motorbåten «Kelvin», og nokre år seinare motorbåten «Terje». Kåre Kjelkenes forel om desse to skyssbåtane i eit stykke i Firdaposten 2006.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Bremanger
  • "Knut" og to andre sekskeipingar

    Ein gong var sunnfjordbåten den vanlege båttypen i Sunnfjord, men alt for 150 år sidan var dei i ferd med å tape terreng for ei modernisert utgåve av nordfjordbåten. Kystlaget "Over stokk og stein" i Bremanger eig i dag av ein av dei få originale sunnfjordbåtane som ennå flyt.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Bremanger
  • Holvikejekta

    I 1997 vart Holvikejekta kåra til kulturminne for Gloppen kommune. Det var eit godt og rett val, for båthistorisk sett er Holvikjekta ein nasjonalskatt på linje med vikingskipa på Bygdøy.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Gloppen
  • Storebåten i Traudalen

    Stølsbeitet til gardane Rygg og Grov er delt i to av Traudalsvatnet. På dei to gardane var det til saman 13 bruk. Alle bruka hadde sel og fjøsar framfor vatnet. Samstundes hadde dei også kvar sine sel og fjøsar innafor vatnet, i Dalen, eller på Flætene, som beitet der inne vert kalla. Det var regelbundne tilhald på dei to stølane, med faste periodar for når ein nytta dei ulike beita.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Gloppen
  • 1905 - Sognebåt brukt ved "ei folkerøysting."

    På Børtnes i Kinsedalen har dei ein svært gamal åttæring. Han er truleg minst eitt hundre år gamal. Det har vorte fortalt at dei brukte båten ved "ei folkerøysting". I nærare åtti år vart denne godt bevarte sognebåten brukt som skyssbåt og føringsbåt for bruket på Børtnes og andre.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Luster
  • Kyrkjebåten Rols

    I eit av Sølvberg-nausta på nordsida av fjorden i Stryn har ein staseleg båt plassen sin, kyrkjebåten "Rols", som i eldre tid vart nytta når folk reiste til kyrkje på sørsida av fjorden.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Stryn
  • Speglbåt frå Svanøy på Norsk Sjøfartsmuseum

    "Nu hvil deg min båt, du har det fortjent." - Det var i 1961 at ein staseleg speglbåt på Svanøy gjorde si siste ferd, til Norsk Sjøfartsmuseum på Bygdøy. Båten var kring 200 år gammal og det var Thorleif Svanøe som gav speglbåten til museet.

  • "Eystein" - legendarisk fiskebåt frå Måløy

    Våren 1955 melde Fjordenes Tidende at Måløy-snurparen "Eystein" hadde avslutta vintersildefisket som nummer 1 av båtane i distriktet med i alt 34.250 hektoliter. Rekordsnurparen var óg kjend som "Gamle-Svarten", - ein gamal slitar gjennom fleire ti-år.

  • Bakkejekta

    Til minne om ei tid då all transport av varer mellom Dalsfjorden og Bergen gjekk sjøvegen med skuter førte med vinden, står Bakkejekta på Kystmuseet i Florø.

    Emneord i artikkelen:

    • Arbeidarkultur
    • Bruer, vegar og trafikk

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Askvoll