Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 06. juli 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

"Knut" og to andre sekskeipingar



Ein gong var sunnfjordbåten den vanlege båttypen i Sunnfjord, men alt for 150 år sidan var dei i ferd med å tape terreng for ei modernisert utgåve av nordfjordbåten. Kystlaget "Over stokk og stein" i Bremanger eig i dag av ein av dei få originale sunnfjordbåtane som ennå flyt.

Kystlaget "Over stokk og stein" er på byferd med "Knut".

Kystlaget "Over stokk og stein" er på byferd med "Knut".

Eigar: Narve Botn.

Datering: Juni 1992.

Fotograf: Leif Espeland, Tysnes.

Interessant historie

Båten "Knut" er ein sekskeiping, bygd kring 1860 på garden Ytrehus i Bremanger av Knut Arntsen Kjelkenes og Bernt Jørgensen Rylandsholm. Båten er likevel ikkje berre interessant i seg sjølv, men ber også med ein bit historie. Ei historie som både omhandlar båtbygging, fiske og lågteknologiske nyskapingar.

Bilete av dåpen til "Knut."

"Sekskeipen"

Dei var sikkert vel nøgde med arbeidet karane Knut Kjelkenes og Bernt Rylandsholm då dei sjøsette den nybygde sekskeipingen. Det hadde dei då også god grunn til å vere. For båten kom ikkje berre til å vere aktiv på fisket etter Knut og Bernt si levetid, men representerer vel 140 år seinare eit unikt døme på ein utdøydd båtbyggjartradisjon. På bakgrunn av dette er det bygd to kopiar: Båten "Knut" som kystlaget "Over stokk og stein" eig, og "Sunnfjord" som vert brukt på Vikingeskibsmuseet i Roskilde. Originalen har ikkje noko eigentleg namn, og vert i daglegtale berre omtala som "Sekskeipen". Sekskeiping er den vanlege nemninga på båtar av denne storleiken, og syner til kor mange par årefeste (keipar) den har. Båten er elles 9,10 meter lang mellom stamnane, 2,30 meter brei og 0,66 meter djup.

Bilete av "Sekskeipen."

Bilete av "Knut."

Sunnfjordbåten

Tek ein "Sekskeipen" frå Ytrehus nærare i augesyn, vil ein oppdage karakteristiske trekk for både små og store sunnfjordbåtar. Mellom anna er botnen heller flat, og tilhoggen av kraftige bord, meir enn ein tomme tjukke. Dette gir ein stødig båt med god bereevne. Båten er elles utstyrt med eit likesida råsegl, og om det ikkje er for stor sjø, seglar båten både stødig og ganske raskt. Desse kvalitetane gjer at sunnfjordbåten vart rekna for ein god skjergardsbåt, og var såleis lenge veleigna som fiskebåt.
Dette endra seg derimot kring midten av 1800-talet då fisket ekspanderte frå fjordar og øyar, og ut på opne havet. Fleire og fleire prøvde lukka på linefiske etter lange og brosme, eit fiske som gjekk føre seg mellom ei og tre sjømil (ei norsk sjømil = 7408 m) frå land. Linefisket stilte såleis andre krav til båtane enn det tradisjonelle kystnære garnfisket, og i løpet av eit par tiår hamna sunnfjordbåten i bakevja, mens nordfjordbåten vann marknadsdominans.

Nordfjordbåten endrar form

Det er i hovudsak to årsaker til at nordfjordbåten vart dominerande, nemleg tekniske forbetringar og større grad av marknadstilpassing hjå båtbyggjarane i Nordfjord. Sjølv om også nordfjordbåten i utgangspunktet var ein fjordabåt, vart den rekna for å vere meir lettrodd og betre å segle med i høg sjø enn sunnfjordbåten. Båtbyggjarane i Nordfjord gjorde også viktige forbetringar av båten slik at den vart tilpassa linefisket. Båten fekk såleis lengre bakskut og høgare oppbording, noko som gav god plass til linebruket samstundes som balansen heldt seg godt også med tung last bak i båten.

Driftige nordfjordingar

Desse tekniske forbetringane syner at nordfjord-båtbyggjarane var villige til å tilpasse produktet til marknaden, sjølv om det ikkje var fritt for at nokre var misnøgde med å endra på ein gammal byggjetradisjon. I tillegg til endringane vart også sjølve produksjonen tilpassa nye tider og ein større marknad. Båtbyggarane venta heller ikkje lenger på tinging, men hadde ein jamn produksjon av båtar som så kunne leverast straks til interesserte kjøparar. I enkelte grender, særleg i Gloppen, var dette ei viktig attåtnæring på mange gardar, og med ein produksjon på 5 - 6 båtar per gard vart det også ei viss inntekt ut av det. Når båtane var ferdige, vart dei rodde, sigla eller slepte til kundane. Ein har døme på at ein mann åleine førte fem båtar heilt til Gulen i Sogn.

Båtbyggjarkunsten på hell i Sunnfjord

Denne driftige marknadstenkinga står i sterk kontrast til dei meir trauste og tradisjonsbundne båtbyggjarane i Sunnfjord. Her var det vanleg å ta opp tinging hjå kvar einskild, og det kunne gjerne gå eitt år før båten var ferdig. Dette skuldast både at det tok tid å ta ut trevirke for kvar båt, men også sjølve konstruksjonen som kravde mykje tidkrevjande tilhogging, og ikkje som nordfjordingen tilpassa sagd trevirke. Knut Kjelkenes og Arnt Rylandsholm var såleis dei siste i sine slekter som var båtbyggjarar.
Nordfjordbåten vann likevel berre eit kortvarig domene. Fram mot slutten av 1800-talet tok nye store sørabåtar med sprisegl og gaffelsegl over som dei mest etterspurde båtane til havfiske.

Sekskeipen i aktiv drift i vel 50 år

Sjølv om sunnfjordbåten etterkvart gjekk ut av produksjon er det ikkje dermed sagt at alle gjekk ut av bruk. Båttypen var nemleg kjent for å vere slitesterk, og gjerne i full bruk sjølv etter 100 til 150 års virke. "Sekskeipen" var såleis i aktiv bruk minst 50 år etter at han vart bygd. Om vinteren vart han brukt på sildefiske og torskefiske kring Bremanger, mens han om sommaren vart brukt på linefiske. Under linefisket var dei vanlegvis seks mann i båten, som ofte låg ute meir enn eit døgn på kvar tur. Noko latmannsliv var ikkje dette fisket. Mellom linesettingane fiska dei uer, og når dei kom inn til land, stod det att ein dags arbeid med reinsking og salting.

I tida kring første verdskrigen var det slutt på karrieren til "Sekskeipen". Dei neste 70 åra låg han for det meste i naustet på Ytrehus, og vart berre teken ut av naustet ved nokre få festlege høve. I 1991 fatta derimot kystlaget "Over stokk og stein" interesse for båten og tok han ut frå gløymsla i naustet. Det skulle syne seg at flyteevna framleis var tilfredsstillande og båten har vore aktivt brukt av kystlaget på stemne og andre tilskipingar.

Bilete av kystlaget "Over stokk og stein" med "Knut" og "Sekskeipen."

"Knut"

Etter kvart fann ein likevel ut at "Sekskeipen" var for verdifull til å risikere på lengre seilasar. Kystlaget tok difor initiativet til å byggje kopiar av båten, slik at ein både fekk ein bruksbåt og lærdom om konstruksjon og byggjeteknikk.
Dette var så visst ikkje nokon enkel jobb, men med hjelp av båtbyggjarar med erfaring frå oselvar og nordlandsbåt fekk ein etter kvart to høvelege kopiar. Kystlaget sin kopi fekk namnet "Knut", etter båtbyggjar Knut Kjelkenes. Den andre fekk namnet "Sunnfjord", og er i dag i bruk på Vikingskibsmuseet i Roskilde. På den måten vil kunnskapen om denne båttypen leve vidare.

Bilete av Thor Heyerdahl og kona, Jacqueline Beer, på "Sekskeipen."

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Færøyvik, Bernhard (red): Fiskarsoga for Sogn og Fjordane. Band 1. Bergen 1939.
Færøyvik, Berhard, og Færøyvik, Øystein: Vestlandsbåtar. Frå oselvar til sunnmørsottring. Ei bok bygd hovudsakleg på granskingsarbeid som Bernhard Færøyvik let etter seg. Oslo 1996.
Intervju med Lars Olav Rylandsholm i kystlaget Over stokk og stein.

PERMANENT IDENTIFIKATOR