Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 19. februar 2021

Sist oppdatert 21. februar 2021

Kategori

Rå-data

Sildeventyret på Vestlandet rundt 1950 – skøyta «Vestkyst» R-26-HM



«Det store sildeeventyret på Vestlandet – med Måløy og Florø som senter – starta 1947. Totalt samla vintersildfisket kring 27.000 fiskarar i dei beste sesongane. Både i Måløy og Florø rekna ein med at det samla seg 1000 fiskebåtar, og opptil 10.000 fiskarar. I tillegg gav sildesesongen arbeid til tusentals personar på buder og i lossegjengar.» (Allkunne). Skøyta «Vestkyst» var ein av dei «1000» fiskebåtane.

Skøyta «Vestkyst», med registermerke R – 26 – HM søkklasta med storsild under vintersildfisket i Sogn og Fjordane rundt 1950. Ein dory (notbåt) med namnet VESTKYST måla på sida heng etter på slep.

Skøyta «Vestkyst», med registermerke R – 26 – HM søkklasta med storsild under vintersildfisket i Sogn og Fjordane rundt 1950. Ein dory (notbåt) med namnet VESTKYST måla på sida heng etter på slep.

Datering: 1949-1958

Fotograf: M.N. Horne

«Aldri har landet hatt en slik fiskeflåte.»

Ja, «det var verkeleg eit eventyr, dette tiåret frå 1947 til og med 1956», skriv Karl Egil Johansen i Fiskarsoga for Sogn og Fjordane 1860-1980 (1982). Og historikaren siterer den kjende snurpenotbasen Hans O. Vindenes frå Fjell i Hordaland:

«De kom sørfra, rogalendinger, sørlendinger og østlendinger trakk nordover leden disse dagene. Strilene og sunnfjordinger likeens. Bestemmelsestedet var i første rekke Florø og senere Måløy. Nordlendingene kom også delvis skrensende forbi Stad og havnet i Måløy. Flåten økte. Flere og flere kom til. I Måløy, hvor vi befant oss, samlet seg tilslutt en så stor flåte, at jeg og de med meg som ikke akkurat er av de nyeste utgavene, vi tok til å bli skeptiske når vi så det svære oppbud som møtte frem. Aldri har landet hatt en slik fiskeflåte.»

«Vestkyst» - med registermerket H-26-HM

Skøyta «Vestkyst» (foto over) var ei av «de som kom «sørfra», her søkklasta med storsild og med ein notbåt (dory) på slep der det med store bokstavar står VESTKYST. På den kvitmåla rekka står i kvitt på svart botn registermerket R - 26 - HM. Det fortel kvar skøyta høyrde heime: R (Rogaland) – 26 – HM (Hjelmeland merkedistrikt/kommune), - nærare fastsett frå Hundsnes der det var driftige fiskarar, sjøhus, nothenge og mange andre fiskefartøy. Til liks med andre båtar hadde «Vestkyst» eit livsløp, ei «livssoge», på same måte som folk. Skøyta «kom til verda» og «gjekk ut or verda». Fleire kjelder gøymer på kunnskap om «Vestkyst», mellom anna Fiskeridirektoratet sitt historiske register over merkepliktige fiskefarkostar, foto, aviser og rettsdokument.

Merkeregisteret

«Vestkyst» sitt merke R – 26 – HM er vegvisar til Fiskeridirektoratet sitt historiske merkeregister, her merkelovens tilsynsmann i Hjelmeland merkedistrikt (kommune). Kvar kommune var, og er, eit merkedistrikt. Dei avslutta protokollane er oppbevarte på Statsarkivet i Bergen. Trykte register for kvart år er tilgjengelege på Internett. Registreringane på kvar farkost inneheld opplysningar om ein fiskefarkost sitt «livsløp», t.d. type, storleik, byggevyrke, lastekapasitet, motor; opplysningar om eventuelle endringar, t.d. byte av motor, m.m. Det går fram kven som åtte båten og kva slags fiske båten skulle brukast til. Og me kan lesa oss til korleis ein fiskebåt endar sine dagar; t.d. ved bruksendring, kondemnering eller i verste fall forlis. Innførslene er ikkje komplette fordi registerføraren ikkje alltid fekk inn meldingar i samsvar med lov og regelverk.

Om «Vestkyst» i Merkeregisteret
1918 bygd i Lyngør (Aust-Agder)
1924-17.12. registrert i Hjelmeland med kjennemerke R-26-HM
Eigar: Endre Viga
Byggjemateriale: tre, eik
Storleik: lengde: 53,9 fot, breidde: 17,8 fot, djupne i rommet: 8,4 fot, 32,52 tonn
Motot: Rubbestad (Rubb), 3 år, 40 hk (hestekrefter)
Bruksområde: Brislingfiske og vårsildfiske.
Tilhøyrande båtar: 1 lettbåt
1929-23.12. flytta til Kvitsøy kommune, Rogaland
I Kvitsøy merkedistrikt: namn «Vestkysten», registermerke: R -87-KV
1936-06.05. registrert i Hjelmeland 2. gong, same nummer som 1. gong, og det tidlegare namnet «Vestkyst».
Motor: Wichmann, 5 år, 50 hk
Bruksområde: kystfiske
Tilhøyrande båtar: 3 notbåtar, 2 lettbåtar
1954-03.07. Ny eigar: Nils Viga
1963-18.12. Stroken i registeret, etter melding frå Mallin Viga om forlis.
Om forliset i ei anna kjelde:
1963-10.11. Sokk etter kollisjon, Fåfjorden, Sogn og Fjordane

Eigarane

I merkeregisteret står Endre Viga (1909-1973) notert som eigar i 1924. Han var son til den vidgjetne notbasen, Mikal E. Viga (1874-1942). Den eldre broren, Nils Viga, fødd 1901, overtok etter Endre i 1953. Då Nils Viga døydde 12. februar 1963, vart enkja, Mallin Viga, eigar.

Fem foto

Fotografi (og film) «fortel» om det store sildeeventyret. Fotografar reiste ut på feltet og fotograferte fiskebåtane i arbeid. Fylkesarkivet har fotoarkiv etter fotografane Malvin Horne og Kåre H. Botnmark. Frå desse fotoarkiva er det råd å henta fram fleire spreidde «Vestkyst»-foto, og så samla dei på ein stad, som i denne artikkelen. Fire er tekne på same tid. Dei viser eit forløp, ein sekvens: hjelparen «Vestkyst» og snurparen «Langenes» i arbeid med å ta opp eit sildesteng.

Avisene i Florø og Måløy hadde stoff om sildefisket i kvart einaste nummer. Fangstmeldingar var fast; lister med namn på båtar og kor mykje dei hadde fått opp or havet, mælt i hektoliter. Fotoet her viser snurpebåten (snurparen) «Langenes» med registermerket M-2-HØ - ein båt frå Møre og Romsdal, Herøy kommune. Dei har turka opp eit steng, dvs. trengt silda opp i ein pose attmed snurpebåten. Biletet viser kant på nota nota (flå) festa langs rekka, og 3 doryar (notbåtar) attmed som held nota oppe , dessutan viser fotoet litt av to andre båtar

Ein snurpebåt var utstyrt med snurpenot, to notbåtar (doryar) og ein mindre lettbåt, også kalla loddebåt eller basbåt. Det står VESTKYST på ein av notbåtane/doryane.

«Hjelparar! Hjelparar!»

Når ein snurpar fekk meir i eit steng enn snurparen sjølv greidde å ta opp, var utvegen å tilkalla hjelp. Det vart oftast gjort over radio. «Hjelparar, Hjelparar ..!» lydde på den opne fiskeribølgja. Ein hjelpar kunne vera ein annan snurpebåt, eller ein båt utan bruk, ein som var på fiske og satsa alt på å gjera godt fiske som hjelpar, ein båt som assisterte ein snurpebåt. Det vart gjerne kalla å vera på Bommen. Her har «Vestkyst» kome til med hjelp, jfr. doryen påmåla VESTKYST på biletet lenger oppe. Dei held på med å håva inn sild.

Håving - 1

Her viser biletet håven full i sild på veg opp frå stenget. «Langenes» er fullasta. Håven skal over på styrbord side, der silda skal sleppast om bord på hjelparen, «Vestkyst». Lastebommen på «Vestkyst» er svinga ut til styrbord for ikkje å koma i vegen. «Langenes» har davitar på begge sider av styrehuset. Dei var til doryane.  Lettbåten (loddebåten) vart heist inn på dekk under distansefart. «Vestkyst» frakta sin dory til og frå på slep.

Håving - 2

Her viser håven rett framfor styrehuset på «Vestkyst». Håven er no opna i botn og siste rest av innhaldet fer ned i lasterommet på «Vestkyst». På dette biletet viser litt meir av baugen på «Vestkyst»; heile registermerket er kome til syne. R-26-HM

Eventyret ute

Som andre eventyr, tok også det store sildeventyret slutt. Etter rekordåret 1956 minka den årlege fangstmengda kraftig dei neste åra. Dessutan kom silda seinare inn til kysten og lenger nord. Mange meinte årsaka var overfisking. Fiskarane måtte søkja etter anna fiske. Brisling og mussa [småsild] fekk meir å seia enn før.

Siste reis - i Sogn og Fjordane

Seinhaustes 1963 var «Vestkyst» på mussafiske i Sogn og Fjordane. Dei hadde med seg følgjebåten «Notholm» frå Tysvær, Rogaland. Om kvelden, søndag 10. november, gjekk dei sørover frå Korssund for leita etter mussa i utløpet av Åfjorden, nord om Solund og Krakhellesundet. Det blei siste turen til «Vestkyst». Skøyta kolliderte med ein fraktebåt, og fekk store skader i baugen. Dei prøvde å slepa havaristen inn på grunt vatn med følgjebåten, men «Vestkyst» gjekk ned før dei nådde så langt. Sjøforklaringa, som vart halden i Stavanger 15.11., har utførleg utgreiing om korleis den syrgjelege hendinga bar til.

kjelder:

Johansen, Karl Egil: Fiskarsoga for Sogn og Fjordane 1860-1980. Universitetsforlaget, 1982


Statsarkivet i Bergen: Merkelovens tilsynsmann, Hjelmeland merkedistrikt:


Fiskeridirektoratet: Det historiske merkeregisteret:


Kulturhistorisk leksikon: Storkastet på Hovdevågen 1950


Kulturhistorisk leksikon: «Clupea» - den flytande sildoljefabrikken i 1950-åra


Kulturhistorisk leksikon: «Eystein» - legendarisk fiskebåt frå Måløy


Kulturhistorisk leksikon: Merkeregisteret – kjelde til kunnskap om fiskefartøy

PERMANENT IDENTIFIKATOR