Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 15. november 2017

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Skyssbåtane «Kelvin» og «Terje» – i Svelgen



I over 150 år sytte Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane (1858-2012) for regelmessig transport til og frå Bergen og lokalt i fylket. Utanom Fylkesbaatane sitt lokal-rutenett opererte mange privateigde skyssbåtar; både i oppsette ruter og i tilfeldig skyssfart. I Svelgen hadde dei frå 1930 motorbåten «Kelvin», og nokre år seinare motorbåten «Terje». Kåre Kjelkenes forel om desse to skyssbåtane i eit stykke i Firdaposten 2006.

Skyssbåten «Terje» fotografert i eit skyssoppdrag på Dyrstad kring 1938. Mannen i kvitskjorte og vest, bak styrehuset, er Ola Dyrstad.

Skyssbåten «Terje» fotografert i eit skyssoppdrag på Dyrstad kring 1938. Mannen i kvitskjorte og vest, bak styrehuset, er Ola Dyrstad.

Eigar: Ukjent

Datering: 1938

Fotograf: Ukjent

«Kelvin»
Båbyggjar Sigurd Gulestøl bygde «Kelvin» i 1930 for Alfred Kjelkenes. Det var ein 26 fot båt med kutterhekk, utstyrt med ein 7 hk Kelvin-motor frå ein båt Alfred og far hans, Knut K. Kjelkenes, hadde før denne. Båten fekk overbygg, og  namn etter motoren.

«Han såg mest ut som ein ubåt», skriv Kåre Kjelkenes. «Slik oppførte han seg visst i sjøen også. Dei sa at i skikkeleg styggever gjekk han meir rett gjennom båra enn over.»

Ei tid var det Audun Kjelkenes, bror til Alfred Kjelkenes, som gjekk med «Kelvin». Audun hadde vore i Amerika. Han kom heimatt sist på 1920-talet; fekk seg arbeid på Smelteverket og dreiv i tillegg med båtskyss.

«Terje» - større båt
«Kelvin» vart for liten, og Knut tinga ny båt hjå Austrheim båtbyggeri på Sandane. Båten fekk namnet «Terje», og vart levert i 1935. Den første motoren i båten, levert frå ein motorverkstad i Bergen, heldt ikkje det som var lova, og vart bytta ut med ein tosylindra Heimdal-motor. «Denne hadde og nokre luner», fortel Kåre Kjelkenes, «men ikkje verre enn at dei var å leve med, når ein først vart kjend med dei.»

«Terje» var i full drift frå 1935 til hausten 1941, med eigaren Knut Kjelkenes som skipper; ei tid også i faste ruter; ein gong i veka til Florø, og kvar helg med vekependlarar frå Smelteverket.

Rekvirert av tyskarane
Tyskarane kom for alvor til Svelgen i 1941 og kravde nokså snart fullt rådvelde over «Terje».

Kjelkenes skriv:

«Knut fekk tilbod om å halde fram som skipper, men takka nei. Ny skipper vart «utskriven» frå ein annan stad. Knut hadde hatt med seg Bjarne Mundal som hjelpesmann. Bjarne som berre var 15-16 år den gongen, fekk ordre av dei nye makthavarane om å halde fram om bord både som hjelpesmann og maskinist.

«Jomfruturen» med det nye mannskapet gjekk til Berle [over Frøysjøen på Bremangerlandet]. Der vart det litt ventetid, så maskina stogga. Det verste lunet med Heimdal-motoren var at han av og til kom vrange vegen når han starta. Knut hadde eit knep med å rette på dette, men høvet hadde ikkje bydd seg til at Bjarne hadde fått lære det. Bjarne starta, og maskina kom «ronge vegen». Fortare og fortare gjekk det. Smellen kom, spikte [sprengde] maskina og sette båten ut av drift lang tid framover. Bjarne kom heldigvis frå det med skrekken».



Seinare
Journalist Harald Stavang følgde opp med meir om skyssbåten «Terje» i spalta Album, i Firdaposten.

Ei tid etter motorhavariet i Berle, hamna «Terje» i Stryn, der Knut henta han etter krigen. Båten var i så dårleg forfatning, at Knut ikkje såg seg syn på å ordna med full reparasjon. Sjølv hadde Knut no fått seg arbeid som dampskipsekspeditør for Fylkesbaatane i Svelgen, og skysstrafikken vart etter kvart overteken av Smelteverket sine båtar. Knut sette båten såpass i stand at han blant anna vart nytta som lossement [til overnatting] på storsildfiske i Batalden av eit landnotlag frå Sørgulen. På slutten av 1950-talet vart båten sett på slipp i Mulehamnen, hos Bjarne Mulehamn, men då Knut Kjelkenes døydde i 1959, vart «Terje» seld til Atløy.

Arnar Kjelkenes (1941-2015) prøvde å følgja båten vidare, til vegs ende. Brørne Olset på Atløy hadde båten i fem år før selde til fabrikkdirektør Kristian Lund i Vadheim. Lund brukte båten som fritidsbåt til 1975 då han selde til banksjef Tor Brekke, busett i Oslo. Soga til båten vidare er ikkje fullt ut klårlagd. Kan henda blei gamle «Terje» teken hand om av eit «trebåtmiljø» i Bunnefjorden.  

 

 

kjelder:

Firdaposten, spalta Album, to innslag, det eine 18.11.2006

PERMANENT IDENTIFIKATOR