Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Bakkejekta



Til minne om ei tid då all transport av varer mellom Dalsfjorden og Bergen gjekk sjøvegen med skuter førte med vinden, står Bakkejekta på Kystmuseet i Florø.

Bakkejekta skal vera nær 250 år gamal. Med denne jekta kunne dei sigla frå Holmedal "te by'n på sju tima".

Bakkejekta skal vera nær 250 år gamal. Med denne jekta kunne dei sigla frå Holmedal "te by'n på sju tima".

Eigar: Fjaler sogelag

Datering: tidleg på 1900-talet

Fotograf: Ukjend

Eit handelsfarty for bønder

Bergen var byen for folket i Sogn og Fjordane, også dei som budde kring Dalsfjorden, og det var dit ein reiste for å få omsett det gardane produserte for sal i naudsynte kjøpevarer. På 1700-talet var det helst bøndene sjølve som dreiv denne transporten, og den gjekk med båtar, slike som Bakkejekta.

Ein av Norges eldste bevarte

Bakkejekta skal vere bygt av Sjur Vindheim i Rivedal. Han var frå Sunde inst i Dalsfjorden, ein gard som er vide kjend for båtbygging. Sjur døydde i 1769, så jekta kan vere nærare 250 år gammal, og dermed ein av dei eldste bevarte båtane i landet. Jekta er 10 meter lang og 3 meter brei, og ho lasta omkring 40 tønner.

Rask seglar - treg å ro

Jekta var kjend som eit raskt farty i medvind. I god nordleg bris tok ikkje turen til Bergen meir enn 8-9 timar. Jens Sørenson Bakke, fødd i 1866, fortalde båtforskaren Bernhard Færøyvik om ein tur han var med på som gutunge. Dei starta klokka ni om morgonen. Lasta var 11 kyr, og nokre av dei vart leverte på turen. Likevel kom dei til Bergen så tidleg som klokka fire om ettermiddagen, noko som tilseier ein gjennomsnittsfart på nærare 10 knop. Om vinden svikta, og ein måtte ro, gjekk det svært mykje seinare.

På Kystmuseet

Soga om jekta er lite kjend elles. Tidleg på 1900-talet vart ho overteken av Sunnfjord Museum og ei tid lagra i eit naust i Førde, før ho vart sendt ut att til kysten på 1950-talet. Her vart ho teken hand om av Kystmuseet i Florø og utstilt der. Det har seinare kome framlegg om å lage ein kopi av henne.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fagerheim, Magne og Ragnvald: Fjaler. Gards- og ættesoge. Dale 1976.
Fristad, Svein: Bygg kopi av Bakke-jekta. I: Firda 20.1.1989.
Færøyvik, Øystein: Inshore Craft of Norway. Oslo 1979.
Munnleg informasjon frå Kystmuseet i Florø.
Færøyvik, Bernhard: Vestlandsbåtar - frå oselvar til sunnmørsåttring. Oslo 1996.
Gøthesen, Gøthe: Norskekystens fraktemenn. Oslo 1980.
Losnegård, Gaute, o.fl.: Dalsfjordboka. Leikanger 1999.

PERMANENT IDENTIFIKATOR