Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 18. januar 2018

Sist oppdatert 22. august 2018

Kategori

Kommune

Vimpel i Bulandet frå fiskebåten «Leikaren»



Sommaren 1975-1976 var Magnus Waage, fødd i Hyllestad, ein tur til Hebridene. I Stornoway kom han tilfeldig i kontakt med skipperen på båten «Asco». Både skipper og båt var av norsk opphav. Skipperen fortalde at båten tidlegare var ein fiskebåt frå Vestlandet og hadde namnet «Leikaren». Waage fekk med seg ein gjenstand frå båten, ein vimpel. År 2016 er vimpelen oppbevart på museum i Bulandet.

Vimpel frå «Leikaren».

Magnus Waage (th) og Jardar Melvær, 10.07.2015, då Magnus Waage overleverte vimpelen til museet Tempaparken, Bulandet, v/Jardar Melvær.

Eigar: Magmus Waage

Datering: 2015

Fotograf: Ukjent

Fakta om «Leikaren» i merkeregisteret
«Leikaren» var opphavleg ein fiskebåt. Merkeprotokoll for Askvoll merkedistrikt innheld opplysningar om fartøyet. Båten vart innført i registeret 18. desember 1934 med distriktsmerke og nummer SF – 47 – A (SF Sogn og Fjordane fylke – rekkje-nummer – Askvoll kommune). «Leikaren» var ein to-mastra hekkbygd kutter i tre, bygd 1934 i Hardanger. Båten hadde desse måla: lengde 65 fot (norsk mål), breidd 17 fot, og djupn i rommet 8 fot, og «brutto drektighet» (brutto register tonn): 39,77. «Leikaren» var utstyrt med ein 60 HK råolje-driven Wichmann motor. To endringar er nemnde i merkeprotokollen; motorskifte i 1938 og «forlenging» i 1948.

Då båten var ny i 1934,  hadde båten tre eigarar: Knut Rogne («korresponderende reder», adr. Buland), Magnus Rogne og K. Gjørøy.  Nye eigarar står notert 31.12.1963: Fru Rogne 2/6, Birger Rogne 1/6, Olav Rogne, 1/6». I følgje merknad 14.06.1968 er «Leikaren» då seld til «Georg Share, Bergen».

Frå Bulandet til Hebridene
Ved førstegangsregistreringa i 1934 står notert at båten skal nyttast til håbrannfiske i Nordsjøen og drivgarnsfiske. Malvin Toft fortel om «Leikaren» i boka «Båtar med sjel» ( Selja forlag, 2002.) Undertittelen er «Håbranndreparen i Bulandet». I mange år dreiv «Leikaren» lønsam drift; sildefiske så lenga det var sild å få, og fiske etter håbrann i Nordsjøen. Men, skriv Malvin Toft:

Då storsilda vart borte, blei det smalhans for både «Leikaren» og hundrevis liknande fartøy. Det vart turar etter pigghå vest i havet, og «Leikaren» fekk også størjenot i hekken og var med på det eventyret så lenge det stod på. Han prøvde seg også med reketrål i Nordsjøen, men alt var diverre ikkje som i «gode gamle dagar». Rundt 1970 vart «Leikaren» seld til Hebridane og omdøypt til Asco.

Frå Stornoway til Bulandet
Sommaren 2015 var Magnus Waage ein tur til Bulandet. Han hadde med seg vimpelen han hadde fått av skipper Fredrik Iversen i Stornoway. No ønskte han å avlevera vimpelen til det lokale museet i Bulandet med namnet Temaparken. Museet var stengt, og Magnus Waage reiste då framom hjå Jardar Melvær på øya Melvær og ba han om å levera vimpelen vidare til Temaparken. Etterpå skreiv Magnus Waage ei lita utgreiing om avleveringa si:

Vimpelen frå «Leikaren»
Under eit opphald i Stornoway, Hebridene, i 1975-76, kom eg i kontakt med nordmannen Frederik (Fred) Iversen frå Nord-Norge. Han hadde segla ute under heile krigen og etterpå gifta seg med ei dame frå Stornoway og slege seg ned der.
Han var skipper på ein båt, «Asco», som gjekk mellom øyane og samla tang og tare. Han kunne fortelje at båten tidlegare var ein fiskebåt frå Vestlandet og hadde namnet «Leikaren». Det var for meg eit kjent navn, og eg kunne fortelje at min far, Ola Waage og bror min, Hans frå Skifjorden, hadde vore mannskap i «Leikaren» på drivgarnsfiske tidleg på 50-talet.
Då eg seinare skulle reise heim, kom han med vimpelen som hadde fylgt båten, og låg samanbretta i eit skåp i lugaren. Den skulle eg ta med som minne og gåve til min far. Noko som blei sett stor pris på. Far min prøvde ei tid etterpå å bringe vimpelen vidare til Magnus Rokne [Rogne, partseigar], men han var då flytta frå Bulandet.
Vimpelen har i ettertid lege i buet etter far min [Ola Waage], og etter mange år er det etterkomarane sitt ynskje at den kjem attende der me meiner den høyrer heime, f. eks. i museet [Temaparken]. På tur til Bulandet i sumar [2015], var vi innom museet [i Bulandet], men på grunn av ferietid, traff i vi ingen som stod for dette. Me oppsøkte difor Jardar Melvær [busett på øya Melvær] på tilbaketuren og spurde om han kunne besørge oppdraget, noko han svært gjerne påtok seg.
Det var derfor med glede vi kunne overrekke han vimpelen 10.07.2015, nesten 50 år etter at «Leikaren» siste forlet Bulandet.
Med vennleg helsing
Magnus Waage, Bønes, Bergen

Namnet på båten
Kvifor namnet Leikaren? Malvin Toft har svaret på det spørsmålet:

Namnet på båten kan vel verke litt romantisk og forvirrande, eit fartøy som «leikar» med havbåra eller noko liknande. Karane om bord opplevde nok storhavet på sitt aller vakraste iblant, men dei var nok også i nærkamp med dei mektige naturkreftene meir enn ein gong (…). «Leikaren» er ikkje eit oppdikta namn. Båten fekk namn etter ein annan Leikaren, ein båe [grunne] like sør for Bulandet som store delar av året ligg gravlagd under frådande grønsjø og rasande havbåre.

kjelder:

Notat frå: Magnus Waage


Opplysningar frå: Astrid Waage


Statsarkivet i Bergen: Merketilsynsmannen for Askvoll, merkeprokoll


Toft, Malvin: Båtar med sjel. 78 fiske- og fraktbåtar frå Sogn og Fjordane. Selja forlag. 2002.


Merkeregisteret – kjelde til opplysningar om fiskefartøy