Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Kyrkjebåten Rols



I eit av Sølvberg-nausta på nordsida av fjorden i Stryn har ein staseleg båt plassen sin, kyrkjebåten "Rols", som i eldre tid vart nytta når folk reiste til kyrkje på sørsida av fjorden.

Kyrkjebåten "Rols" på fjorden med 12 personar ved årane.

Kyrkjebåten "Rols" på fjorden med 12 personar ved årane.

Eigar: Stryn kommune.

Datering: 1990-talet.

Fotograf: Hallvard Allmenning.

Særskilde kyrkjebåtar

Gardane på nordsida av fjorden i Stryn hadde i eldre tid særskilde kyrkjebåtar. Kyrkjene var på andre sida av fjorden, i Innvik og Utvik, og kvar preikesundag stemnde båtar over fjorden med kyrkjekledde folk.

Garden Sølvberg sin kyrkjebåt

Garden Sølvberg kjøpte ein slik båt på Apalset i Gloppen i 1889. Han fekk namnet "Rols" etter fyrste mannen som etter segna budde på Sølvberg. Båten er ein sekskeiping, ca. 9 meter lang og 2,2 meter brei. Han er uvanleg lettrodd etter storleiken, og har stundom hatt 50 menneske ombord.
Det var vanlegvis kyrkjeferd til Utvik kvar preikesøndag, og folk frå så å seie alle heimar oppe i gardane møtte opp og var med. Båten vart nytta som kyrkjebåt for Sølvberg i ca. 50 år.

Kulturhistorisk klenodium

Kring 1970 var det snakk om å gje båten til Nordfjord Folkemuseum, men det vart ikkje noko av, mest på grunn av plassmangel på museet.
Båten har seinare vore utlånt til Nordfjord Folkehøgskule på Vereide som har pussa han opp og brukt han på roturar til Bergen, og han var også med og vann fyrstepremie i ein roregatta på hamna i Bergen.

Plass i Per-naustet

No har båten plass i Per-naustet ved Sølvberg-nausta, men han har vore på sjøen ved fleire høgtidelege høve dei seinare åra, m.a. ved kyrkjejubileet i Utvik og under kulturminnestafetten i 1997.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

PERMANENT IDENTIFIKATOR