Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 04. januar 2008

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

"Eystein" - legendarisk fiskebåt frå Måløy



Våren 1955 melde Fjordenes Tidende at Måløy-snurparen "Eystein" hadde avslutta vintersildefisket som nummer 1 av båtane i distriktet med i alt 34.250 hektoliter. Rekordsnurparen var óg kjend som "Gamle-Svarten", - ein gamal slitar gjennom fleire ti-år.

Sildesnurparen "Eystein" (Gamle-Svarten) vinteren 1954 fullasta med sild på Måløy hamn "med nasen såvidt over vatnet", -  ventar på å få levere.

Sildesnurparen "Eystein" (Gamle-Svarten) vinteren 1954 fullasta med sild på Måløy hamn "med nasen såvidt over vatnet", - ventar på å få levere.

Eigar: Rangvald Flataker/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 1954.

Fotograf: Rangvald Flataker

Bygd i 1901

"Gamle-Svarten" eller "Eystein" som var det offisielle namnet, vart bygd på skipsverftet Mjellem & Karlsen i Bergen i 1901. Båten vart bestilt av reiarlaget A/S Skjerva i Ålesund. Eigaren - "Skjerva-Knudsen" som han vart kalla - var kjend i vide krinsar i fiskerimiljøet. Fleire av båtane til Knudsen hadde kongenamn som "Sigurd", "Olaf" og altså "Eystein".

"Eystein" vart ombygd, forlenga og modifisert fleire gonger gjennom si fartstid. Då båten kom ut frå verftet i Bergen i 1901, var den 80 fot lang, 18,1 fot brei og 9 fot djup. Den var utstyrt med ein 2-stegs Compound-dampmaskin med 160 hestekrefter. Bruttotonnasjen var 81 tonn. Båten fekk registreringsmerket M-165-A. (Møre og Romsdal - 165 - Aalesund)

Samstundes leverte Mjellem & Karlsen eit søsterskip "Sigurd", til A/S Skjerva. Kolforbruket på begge båtane skulle vere 1 tønne i timen og båtane var rimeleg moderne for si tid, med gode tilhøve for mannskapet.

Allereie i 1907 vart båten forlenga til 92 fot, og ytterlegare forlenga i 1937 til 102 fots lengd, og bruttotonnasjen vart no komen opp i 108 tonn.

"Eystein" kjem til Måløy

I 1932 vart det oppretta eit kommandittselskap av Lauritz A. Sjong og sonen Sigurd, pluss nokre andre frå fiskerimiljøet i Måløy. Føremålet var overtaking og drift av "Eystein". Dampfiskebåten hadde hatt ulike eigarar i Ålesund, og vart rett før salet til Sjong overteke av Den Vesten- og Nordenfjeldske Skibshypotekforening i samband med ein konkurs i firmaet "M. Knutsen AS". Sjong fekk skøytet i januar 1933. Båten fekk no registreringsmerket SF-1-SV (Sogn og Fjordane - 1 - Sør Vågsøy)

Storkast alt på første turen

Arvid Sjong fortel ein artikkel i Fjordenes Tidende (1962) om den første sildelasta "Eystein" hadde med til Måløy:

"Åtte dager før jul 1932 la vi ut fra Måløy med "Eystein". I et trangt sund mellom to holmer ved Bulandet droppet vi ankeret og akterfortøyet i land. Og der ble vi liggende og vente. Ikke bare til jul, men i hele julehelga. (...)

Helt fram til nyttårsaften lå vi på samme flekken. Men den dagen løyet vinden og vi lettet på ankeret for å se oss om litt. Og så utrolig det enn høres ut, så var det rett ut for det stedet hvor vi hadde ligget [at] silda tok land. Om ettermiddagen gjorde vi et kast som var akkurat så stort at det ble full last i "Eystein". Nøyaktig en time inn i det nye året for 30 år siden [dvs. 1933] kommende nyttårsnatt, kom "Eystein" til Måløy med sin første sildelast (...)."

Krigsrekvisisjon 1940 - 1941

14. april 1940 vart båten rekvirert av Den kgl. norske marine og brukt som vaktbåt på Sognefjorden under kommando av Lauritz Sjong, men vart frigitt 2. mai 1940. I september same år overtok den tyske Kriegsmarine båten og brukte den som patruljebåt i Moldeområdet til 5. juli 1941, då den vart levert tilbake til L. A Sjong.

Utbrend i Måløy-raidet

Den 22. desember 1941 var "Eystein" klargjord for storsildefiske, og hadde tatt ombord kol, nøter og anna utstyr. Båten vart fortøyd ved Brødr. Myhre sitt sjøhus i Måløy. Om morgonen 27. desember vart festningsanlegget like ved sjøhusanlegget angripe av allierte fly og sjøstridskrefter. Anlegget tok fyr og elden spreidde seg til nokre nøter som låg på dekket til "Eystein". Båten tok til å brenne og etter fleire mislukka sløkkingsforsøk stod det berre eit utbrends skrog att.

Nye ombyggingar

"Eystein" vart frakta til Bolsønes Verft for reparasjon og ombygging i 1943. Dei ytre måla var som før, men tonnasjen vart noko høgre på grunn av ny innreiing og nytt overbygg.

I 1947 vart den gamle dampmaskinen bytt ut med ein 270 hk MVM dieselmotor. Det var ein ombygd hjelpemotor som hadde stått i det tyske krigsskipet "Kønigsberg" som vart senka ved Bergen hamn under okkupasjonen. Men ombygginga var lite vellukka, så etter sildefisket i 1948 vart det sett inn ein 240 hk Alpha-motor i staden.

"Gamle-Svarten"

"Eystein" vart raskt eit populært innslag i Måløy, og det var her den fekk tilnamnet "Gamle-Svarten". For mange vart den ein institusjon i dei 24 åra den var heimehøyrande i Måløy. Den fekk truleg tilnamnet "Gamle Svarten" fordi den vart betrakta som ein gamal slitar og som i periodar landa last etter last til sildemottaka i Måløy og andre stader.

Gamle Svarten vart sett på som ein god båt og som hadde lukka med seg. Arvid Sjong skriv i same artikkel (1962):

"Mer enn én gang kom den svalkende til lands "med nasen såvidt over vatnet" som bestmannen sa den gang. En "liten storfisker" var "Eystein", og det sier vel litt når vi kan fortelle at den samlede fangst vintersild de siste tre årene båten hørte hjemme i Måløy kom opp i over 100 000 hektoliter. En pen rekord for en båt som lastet bare "1700 hektoliter". Men så fantes det også sild i de åra."

Siste reis - 1963

I 1956 vart "Eystein" seld til Gerhardt Midttveit, Telavåg i Hordaland, og fekk registreringsmerket H-73-S. Fem år seinare - i 1962 - vart "Eystein" leigd ut til Redningsselskapet og brukt som vêrvarslingsskip og redningsskøyte i Nordsjøen. I januar 1962 sende "Eystein" ut meteorologiske meldingar frå ein posisjon i Nordsjøen. Under ein kraftig storm 26. januar 1963 kom ein kraftig brottsjø kl. 10.00 som slo hol på skroget. Etter eit par timar vart det sendt ut naudsignal.

Ein større redningsaksjon vart sett i verk. Fly frå England og Danmark og båtar i nærleiken vart omdirigert. Heile mannskapet på 5 vart berga etter at tankskipet "World Seafarer" sende ut ein snøggåande motorbåt, mens eit anna skip - "Georgina V. Everard" pumpa olje på havet for å dempa bølgjene. Ikkje lenge etter gjekk "Eystein" ned.

kjelder:

Ottesen, Johan: Frå segl til damp. Ulsteinvik 2002.
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: Privatarkiv: SFF-2003019 L.A. Sjong & Co.

PERMANENT IDENTIFIKATOR