Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 07. januar 2020

Sist oppdatert 08. januar 2020

Kategori

Rå-data

Fiskebåten «Petrel» - sterkt «ramponeret» inn på Bremangerpollen år 1888



NTB-telegram, datert 28. november 1888: «Smakke «Petrel» af Lerwick til Lyngvær [på veg til Lyngør] er indkommet til Bremanger, Søndfjord, i sterkt ramponeret Tilstand og for Proviantmangel. Besætningen skal rejse tilbage til England og Fartøiet sælges paa Auktion.» Telegrammet handlar om ei dramatisk hending til havs som fekk ein lukkeleg slutt, i Bremangerpollen.

Smakka «Petrel», frå Lerwick, år 1888, til ankers på hamna i Lerwick, Shetland. Trebåt bygd i Southampton 1826, brukt til fiske og føring. Registreringsmerke LK 141. Sterkt skadd av monsterbylgje 14. november 1888. Skrog og mannskap kom inn til Bremangerpollen, Sogn og Fjordane, 19. november. Mannskapet reiste heimatt til Shetland frå Bergen. Skroget vart selt på auksjon 31. januar 1889.

Smakka «Petrel», frå Lerwick, år 1888, til ankers på hamna i Lerwick, Shetland. Trebåt bygd i Southampton 1826, brukt til fiske og føring. Registreringsmerke LK 141. Sterkt skadd av monsterbylgje 14. november 1888. Skrog og mannskap kom inn til Bremangerpollen, Sogn og Fjordane, 19. november. Mannskapet reiste heimatt til Shetland frå Bergen. Skroget vart selt på auksjon 31. januar 1889.

Eigar: Shetland Museum and Archives

Datering: 01.11.1888

Fotograf: Leisk, J.

Smakka «Petrel»

Shetland Museum & Archives har eit foto av smakka «Petrel» til ankers på hamna i Lerwick. Biletet er tilgjengeleg i museet sin fotobase. Fotoet er datert 1. november 1888. Fartøyet var ein typisk fiskebåt, ei smakke (smack) bygd i tre, med kjennemerket LK 141, rigga med to master og baugspryd. Etter avslutta fiskesesong skulle «Petrel» no gå i ballast til Norge for å frakta heim ei last is. Mannskapet bestod av fire mann. Peter Hawick var skipper. «Petrel» segla ut frå hamna i Lerwick fredag, 2. november, 1888.

Meir om havariet i fleire norske aviser

NTB-telegrammet om havariet stod å lesa i fleire aviser i månadsskiftet november/desember 1888. Kring 20. desember hadde Bergensposten meir om havariet. Artikkelen hadde Shetland Times som kjelde. Rundt årsskiftet hadde fleire aviser oppslag om hendinga med Bergensposten som kjelde.

Det går fram at «Petrel» hadde hatt dårleg vêr og var komen ut av kurs. Havariet skjedde onsdag, 14. november. Ei monsterbylgje braut over båten, kasta den rundt, - men og på rett kjøl igjen, raserte rigg og dekk. Alle fire om bord overlevde.

«Søen brød ind over os og kantrede Skibet. med Bunden i veiret, satte os paa rett Kjøl igjen og feiede alt med sig, og lod kund tilbage Skudens Skrog. Begge mastrene var brekkede fra Dækket af, Bougsprydet ved Stevnen, Stivere og Skandseklædningen var borte, Lugerne revne ud af Dækket og overbord, Dæksbjælker brækkede og Dækket delvis slaat ind, og al vor Proviant og Vand var gaaet med, Pumpen var knækket i to midt i mellem Dækket og Kjølen saa vi maatte øse Vandet ud med Pøse. (…) alt hvad vi havde at opholde Livet med, var nogle raa Poteter, og et Stykke raat Flesk som vi fandt.»

Dei fire sjømennene greidde å rydda dekket, tetta så godt det let seg gjera, for så å la seg driva unna vinden og sjøen. Etter fem døgn kom dei måndag 19. november «ind her», det vil seia inn på Bremangerpollen på Bremangerlandet. Dei var då så medtekne at dei ikkje kunne «ha staaet i det stort længer». Det var kome til «det yderste» med dei, står det å lesa i Bergensposten.

Godt mottekne

Artikkelen har ingen ting om korleis det gjekk vidare. Det har derimot ein artikkel i tidsskriftet Shetland Life, desember 1988, hundre år etter. Artikkelen har mellom anna avisa Shetland Times, desember 1888, som kjelde. Her går det fram at den sterkt ramponerte skuta hadde noko styringsevne etter havariet, ved at roret var intakt og dei hadde greidd å rigga til nokre seglstykke ut frå mastestumpen som stod att. Dei hadde og eit anker dei kunne bruka.

Small boats came out to offer assistance and the four men, tired, cold and hungry were given food and accomodation in the homes of the local people. The captain remarked that they could not have been better treated if they had come to their own homes. They were taken to Bergen where they boarded a ship to South Shields [nær Newcastle], eventually reaching Lerwick on the 8th December».

Frå Bremanger til Bergen

Mannskapet kom altså velberga til Bremangerpollen, måndag 19. november, og blei godt mottekne. Kor lenge dei oppheldt seg i Bremangerpollen, veit me ikkje sikkert, heller ikkje når dei kom til Bergen. Ei notis i Bergens Tidende viser at dei var komne til Bergen pr. 30. november, og at dei kom til Bergen med dampskipet «Sogn». Notisen er eit innsendt takkeskriv for god service om bord i «Sogn». Restauratør Nielsen hadde stelt godt med «de stakkels skibbrudne» og ikkje teke «en Øre» i betaling. Det står:

(Indsendt). Gjæstfri Behandling. Mandskabet fra den forliste Smakke «Petrel», der kom hertil med Dampskibet «Sogn», blev af Restauratør Nielsen behandlet paa en udmærket gjæstfri Maade, der glædede de stakkels skibbrudne, uden at Hr. Nielsen derfor tok en Øre. Vi bringer han herved en hjertelig Tak.»

Dampskipet «Sogn» tilhøyrde Nordre Bergenhus Amts Dampskibe (frå 1919 namneendring til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane) og gjekk i rutefart Sogn og Fjordane – Bergen. Nordfjord-ruta hadde Kalvåg som stoppestad, og mannskapet frå «Petrel» har truleg reist frå Kalvåg, som var næraste stoppestad til Hauge og Bremangerpollen. Etter dampskipsruta 1889 (rutehefte haust/vinter 1888 manglar) var båten på sør innom Kalvåg kvar onsdag og søndag, med ankomst Bergen dagen etter. Mannskapet kan ha reist frå Kalvåg søndag 25.11. eller onsdag 28.11 og kome til Bergen måndag 26.11, eller torsdag 29.11.

Frå Bergen til Lerwick

Fiskebåtskipper Peter Hawick og mannskapet hans reiste frå Bergen med dampskipet «Norge» og kom til North Shields /Newcastle måndag 3. desember. Vidare reiste dei til Leith i Skottland der dei på siste strekningen til Shetland tok dampskipet SS «Rognald». Dei kom attende til heimbyen Lerwick, laurdag 8. desember, 37 dagar etter at dei gjekk ut frå  same hamna  med fiskebåten «Petrel» og sette kurs for Norge.

På overfarten mellom Bergen og Newcastle skjedde noko uventa. Dagen etter avgang berga dampskipet «Norge» fem sjømenn frå ein skonnert som heldt på å søkkja. Fleire norske aviser melde om hendinga. «… Skonnert «Olaf Nilson» blev paatruffet 2 ds [2. desember] i Nordsøen i synkefærdig tilstand. Kabyset med Kokken blev skyllet overbord den 29de November. Skonnerten sank strax eftaerat de 5 mand var reddede ..»

Auksjon – ved tredje forsøk.

Smakka «Petrel» si ferd Lerwick – Bremanger vart siste reis for den 62 år gamle båten, i alle høve som fartøy på Shetland. «Petrel» med kjennemrket LK 141 vart stroken frå fiskebåtregisteret i Lerwick 29.12.1890. Etter krav frå den britiske konsulen i Bergen, ved «herr. A. Hauge» som lokal representant, vart det frå lensmannen i Bremanger tillyst auksjon 20. desember. Avisannonser viser at auksjonen skulle haldast over «stærkt havareret smak «Petrel» med noko «tilbehør».

Det blei ikkje noko av auksjonen, på grunn av uvêr. Neste tillyste auksjon, 5. januar 1889, måtte og avlysast. Lensmann Falch kunne ikkje halda det gåande på denne måten. Annonsering i aviser og auksjonsplakatar kosta pengar. I annonsen for tredje forsøk, 29. januar, tok lensmannen med følgjande atterhald: «Saafremt veiret skulde være til hinder for forretningens afholdelse den berammede dag, afholdes forretningen den første dag veiret tillader fremkomst til stedet.»

Auksjonsforretningen

Post 1: «Skroget «Petril» med de seil der beror hos A. Hauge, samt 3 landterner samme tilhørende, samt de taug, kjetting anker der forefindes om bord.» Kr. 825.00. Sjur Helgesen Haugesund.
Post 2: «1 Ovn med Rør og 1 Potte». Kr. 1.00. A. Hauge
Post 3: «1 Potte med Laag». Kr. 0,75. d.s.
Post 4: «1 kurv m.m.». Kr. 1,05. E. Falch
Post 5: «1 del taugstumper og gamelt blokværk». Kr. 11,00. A Hauge.

Båt og mannskap - datoliste

i tida 2. november 1888 – 31. januar 1889

02.11.1888 Frå Lerwick i ballast på veg til Lyngør
14.11. havarerte
16.11. dreiv mot Norge etter først å ha hatt retning mot Shetland
19.11. inn på Bremangerpollen, «kom ind hertil»
20.11. eigaren, Peter Garriock, Lerwick, mottok telegram frå skipper Peter Hawick, om at mannskapet var trygge
28.11. reiste frå Kalvåg, Bremanger, med dampskipet «Sogn» (eller 25.11)
29.11. kom til Bergen (eller 26.11)
30.11. notis i Bergens Tidende. Takk til restauratør Nielsen på DS «Sogn»
01.12. reiste frå Bergen med dampskipet «Norge»
02.12. dampskipet «Norge» berga fem menn i havsnaud
03.12. kom til North Shields, nær Newcastle
08.12. kom til Lerwick med ss «Rognvald»
31.01.1889 auksjon over skrog og diverse utstyr, vraket låg då ved Holmen I Bremangerpollen .

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Romsdals Amtstidende. 27.12.1888


Bergens Tidende.30.11.1888


Kartverket. Historiske kart.


Statsarkivet i Bergen: Sorenskrivaren i Sunnfjord. Utskrift av auksjonsforretning, 31.01.1889


Shetland Museum and Archives: Foto og kjeldetilfang


Shetland Times 15.12.1888


Shetland Library: Shetland Life. December 1988

PERMANENT IDENTIFIKATOR