Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Holvikejekta



I 1997 vart Holvikejekta kåra til kulturminne for Gloppen kommune. Det var eit godt og rett val, for båthistorisk sett er Holvikjekta ein nasjonalskatt på linje med vikingskipa på Bygdøy.

Holvikjekta står i dag på land på Øyrane, Sandane.  Ho står i jektenaustet, med framstamnen mot fjorden.  Her ser vi den børige akterenden med dei to vindaugo i vengen.

Holvikjekta står i dag på land på Øyrane, Sandane. Ho står i jektenaustet, med framstamnen mot fjorden. Her ser vi den børige akterenden med dei to vindaugo i vengen.

Eigar: Nordfjord folkemuseum

Datering: Ukjend.

Fotograf: Nordfjord folkemuseum.

"dar kjeme Holvikja"

Holvikejekta vart bygd i Kråafjæra på Sandane i 1881. Byggmeister var Jakob Apalset, død 1913. Slike båtar vart ikkje bygde etter teikning, men etter eigar sitt ønskje og byggmeister si innsikt. Jekta si største lengde er 20 m, og breidda ved seglebeten er 8,6 m. Jekta er ei typisk vedajekt, - svært brei i høve til lengda, og ho lasta mykje. 120 mål vårkløyvd ved, eller 150 mål tørr, haustkløyvd ved kunne ho føre på ein bytur.

Masta eksisterer ikkje lenger. Ho skal ha vore 27,5 meter lang, og av adelfuru. Masta var skøytt, uvisst av kva grunn. Jekta førde eit raudt råsegl, og dette var så særmerkt at folk på lang avstand kunne seie at "dar kjeme Holvikja".

Ein epoke var over

Holvikejekta gjorde siste byturen sin i juli 1906. Ho vart då sett på land i Jektevaulen på Øyrane, og der har ho stått sidan. Nordfjord sogelag (Nordfjord folkemuseum) kjøpte jekta i 1909. Eigarane ville då selje henne ut av bygda, og i ettertid må vi berre gje all mogeleg ros til dei som alt då såg at det var viktig å ta vare på båten for å kunne dokumentere tidsepoken som var slutt. I dag er Holvikejekta den viktigaste enkeltgjenstanden i Nordfjord folkemuseum sine samlingar.

På byferd

Jektene gjorde som oftast tre-fire byturar kvart år. Den mest vanlege lasta var ved, men dei førde også stolpar, bord, bandebuntar, masteemne, bork, tynner og skinn. Attende frå byen kunne jekta vere lasta med fint mjøl, sukker, salt, slipesteinar, tøy, klesplagg, tjøre, takpanner osb. Var det lagleg bør og alt gjekk greitt, kunne dei gjere unna ei byferd på to veker. Men vart ein ute for mykje motbør eller vindstille, kunne ei byferd ta opp mot eit par månader.

Vengen bak på jekta var einaste rommet ombord. Her var det kisteomn med to kokehol, to faste benker, bord og senger. Skipperen hadde eiga seng. Med eit mannskap på fem-seks kunne det nok bli trongt i vengen. Det hende også at dei hadde passasjerar med seg. Desse fekk enten ei av sengene i vengen å sove i, eller mannskapet sytte for ein nedgang i vedlasta slik at passasjerane fekk seg eit rom under pletten.

Ikkje alltid var det slik at dei som hadde varer som skulle til byen, sjølve var med på byturen. Skipperen sytte då for at varene vart leverte til den som skulle ha dei, han tok mot oppgjer og gav dette til leverandøren når han kom heim. Skipperen måtte også ta på seg å gjere innkjøp i byen av slikt som folk trong og ville ha heim att med jekta.

Mange tunge tak

Når jekta skulle på sjøen tidleg på våren, bad eigarane om hjelp til sjøsetting. Jektevaulen vart reinska opp, jekta vart skrudd ned frå steinlada ho hadde stått på gjennom vinteren, og ved full flo ved ny- eller fullmåne vart ho lyft og skubba på sjøen av dei frammøtte. Truleg kunne 40 - 50 mann vere med på denne dugnaden. Det var viktig å ha ein kar med kraftig mål som kunne "synge" (rope) slik at alle tok i samstundes.

Det vanskelegaste arbeidet var å reise masta. Dette vart gjort ved hammaren innanfor dampskipskaia på Sandane. Jekta vart lagd med stamnen mot land og festa godt. Og med tjukke tog, gode feste på land og øvd mannskap vart masta reist.

Om hausten, når siste byferda var over, måtte karane samlast att for landsetjing. Og nå var jekta enno tyngre etter å ha lege på sjøen og trekt vatn.

Stiftinga Nordfjordjekt

Stiftinga Nordfjordjekt vart skipa i november 1990 og hadde som føremål å byggje ein kopi av ei nordfjordjekt, skaffe anlegg og utstyr som trongst til ei forsvarleg drift, drive jekta, og i det heile fremje kulturen kring nordfjordbåtane. Meir konkret gjekk planane ut på å byggje ein nøyaktig kopi av Holvikejekta i det same området som originalen står.

Det har vorte sagt om Holvikejekta at ho var god til å krysse når ho segla, og at ho gjekk greitt over stag (kunne snu mot vinden). Men det er også dei som seier at ho måtte kuvende (snu unna vinden), for det var nesten umogeleg «å få henne over stag». Ein kopi ville kunne prove kva for ei utsegn som er rett og elles gje oss mykje informasjon om praktiske forhold knytte til segling og drift av ein slik båt. Diverre måtte Stiftinga Nordfjordjekt gje opp prosjektet. Oppgåva med å byggje kopien vart for stor og for vanskeleg. Drifta av ein såpass stor farkost ville ikkje vorte mindre vanskeleg, og styret gjorde i 2007 vedtak om at laget skulle oppløysast. Og slik gjekk det.

Men originalen står framleis i jektenaustet på Øyrane på Sandane, som eit musealt klenodium og ei solid påminning om eit viktig transportmiddel som gjorde teneste fram til førre hundreårsskiftet.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Henden, Einar: Holvigjakten 1881-1971. 37 sider. Sandane 1971.
Sande, Ola: Jekter og jektebruk i Nordfjord. I Årbok for Nordfjord 1953.
Årbok for Nordfjord. 1999.
Sandal, Per: Bygdebok for Nordfjord og Breim. Bind II, s. 313-317.
Schei, Nicolai, red: Sogn og Fjordane, bygd og by i Noreg. s. 266 til 278. Gyldendal 1990.
Førsund, Finn B: Den mageligste Maade at rejse paa, 300 års samferdslesoge frå Sogn og Fjordane. s. 24- 41. SFDH 1983.
Informasjon frå:
Albert Øydvin, Gloppen.

PERMANENT IDENTIFIKATOR