Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 14. oktober 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Storebåten i Traudalen



Stølsbeitet til gardane Rygg og Grov er delt i to av Traudalsvatnet. På dei to gardane var det til saman 13 bruk. Alle bruka hadde sel og fjøsar framfor vatnet. Samstundes hadde dei også kvar sine sel og fjøsar innafor vatnet, i Dalen, eller på Flætene, som beitet der inne vert kalla. Det var regelbundne tilhald på dei to stølane, med faste periodar for når ein nytta dei ulike beita.

Bilete av Traudals-storebåten teke i 1935. Båten på biletet vart bygd i 1908.  Sekskeipingen er ein stor Nordfjordbåt, og vi ser at båten flyt lett på vatnet, sjølv om det er mange menneske om bord.

Bilete av Traudals-storebåten teke i 1935. Båten på biletet vart bygd i 1908. Sekskeipingen er ein stor Nordfjordbåt, og vi ser at båten flyt lett på vatnet, sjølv om det er mange menneske om bord.

Eigar: Fylkesarkivet, SFFf-89004.0211.

Datering: 1935.

Fotograf: Sigurd Brandt Olsen.

Heim kvar dag

Kvar arbeidsdag gjekk stølsjentene heim, etter å ha mjølka om morgonen, og attende til stølen om ettermiddagen. I dei tre periodane om sommaren når buskapen beitte på Flætene, nytta stølsjentene ein felles båt, Storebåten, for å kome seg fram og attende over vatnet. Sjølve flyttedagen gjekk nokre av jentene langs stranda med krøtera, medan resten rodde båten.

Kløv-skjelta

I midtvatnet, om lag i leia der dei rodde, ligg det ein stor stein under vassoverflata som dei kalla Kløv-skjelta. Om vatnet var lite, var det fare for at dei kunne gå på han. Difor plasserte dei ein stolpe på steinen når dei rodde den første turen over vatnet om våren, slik at dei kunne vere sikre på å unngå samanstøyt seinare.

Sekskeipingen

Båten, ein sekskeiping, var ei sameigne mellom alle bruka. Tolv av jentene rodde kvar si åre, medan den 13. styrte roret. Inne i dalen var det to bryggjer som storebåten kunne leggje til ved. Naustet til båten stod ved utfallsosen, eller Osen, som området vart kalla i Traudalen.

Minst fire storebåtar

Ein veit ikkje sikkert kor lenge det har vore båt på Traudalsvatnet, men der har vore minst fire sameignebåtar. Den nest siste båten vart bygd i 1908, og vart nytta fram til 1947.
Den siste Storebåten i Traudalen vart bygd i 1947 av Ingvald Sande. Båten ligg no i naustet på Osen ved fremste enden av Traudalsvatnet. Nordfjord Folkemuseum tok over båten og naustet i 1962.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim, band II og III. Sandane 1978.

PERMANENT IDENTIFIKATOR