Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 23. august 2020

Sist oppdatert 04. oktober 2021

Kategori

Rå-data

Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane – fem FSF-fartøy i Nord-Norge 1940-1945



I krigsåra 1940-1945 var fem av Fylkesbaatane sine fartøy i Nord Norge: DS «Gula», MS «Nesøy», MF «Lærdal», DS «Fanaraaken» og DS «Gudvangen». Båtane var i Nord Norge i ulike oppdrag og under ulike operatørar. «Gula» var utleigd, dei andre rekvirerte.

DS «Gula» til kai ved Holand i Holandsfjorden, Meløy kommune. Originalfotografiet finst i fotosamling etter Egil Furuhatt. Under krigen 1940-1945 var familien Egil Furuhatt evakuert frå Bodø til Holandsfjorden, Meløy kommune. Furuhatt fotograferte, og det er mykje truleg Egil Furuhatt som har teke biletet.

DS «Gula» til kai ved Holand i Holandsfjorden, Meløy kommune. Originalfotografiet finst i fotosamling etter Egil Furuhatt. Under krigen 1940-1945 var familien Egil Furuhatt evakuert frå Bodø til Holandsfjorden, Meløy kommune. Furuhatt fotograferte, og det er mykje truleg Egil Furuhatt som har teke biletet.

Eigar: Tore M Furuhatt

Datering: 1941

Fotograf: Egil Furuhatt

Lite og spreidd

Kunnskap om dei fire FSF-båtane i Nord Norge i krigsåra finst fragmentarisk og spreidd i fleire trykte kjelder. Det har vore lite å finna om innhaldet i farten nordpå (ruter, hendingar, etc) og berre to foto; det eine av DS «Gula», det andre av MF «Lærdal». «Gula» (over) ligg til kai ved Holand i Holandsfjorden, Meløy kommune.

DS «GULA»

Jubileumsboka 1858-1958: s. 149: «Gula» vart frå 21. juli [1940] bortleigd til andre selskap på månadsleige», s. 152: «Gula» var mesteparten av året [1941] leigd til Saltens Dampskibsselskab.»

Frå 21. juli 1940 til midten av oktober same året var «Gula» bortleigd til Sandnæs Aktie-Dampskibsselskab og gjekk i nattruta Sandnes/Stavanger – Bergen.

Fredag 14.11.1940 melde Nordlandsposten (Bodø), at «Gula» var komen til byen, og skulle gå i lokalruter for «Saltens» (Saltens Dampskibsselskab, SDS). I første omgang skulle «Gula» gå på «værene og Helgeland». SDS hadde lokalruter i område nord og sør for Bodø. «Gula» gjekk for SDS nær eitt år. Den 10. oktober 1941 melde Bergens Tidende at «Gula» var komen tilbake, og 21.10 var «Gula» annonsert i ruter Sogn og Fjordane – Bergen. Fylkesbaatane si årsmelding 1941 har eksakt bortleigetid: 08.11.1940 – 29.09.1941.

MS «NESØY»

Jubileumsboka 1858-1958: s. 152: [våren 1941] «Vernemakta hadde (…) «Nesøy» (…).

«Nesøy» blei krigsskadd av flyåtak i Gudvangen 25. april 1940, og låg lenge i Askvoll i påvente av nødvendig reparasjon for vidare rutefart. Det er ikkje klårlagt når «Nesøy» vart rekvirert til annan fart, eller når båten sette kursen nordover. Etter alt å døma var «Nesøy» sørpå til vinteren/våren 1943. Ei annonse i avisa Tromsø viser at «Nesøy» våren 1943 var var komen til Troms. Ei anna annonse 25. august 1944 knyter og «Nesøy» til Troms. Alf Henriksen har mista ein fyllepenn i 14 karats gull ved Rotsundelv kapell. Mot god dusør kan fyllepennen leverast den uheldige eigaren på adresse «m/s «Nesøy», Havnekontoret». Etter fred og frigjering 8. mai 1945 var det ikkje berre for «Nesøy» å setja kursen sørover mot Sogn og Fjordane og Bergen. Eit nytt oppdrag venta, denne gongen etter rekvirering av norske styresmakter.

Fredag 18. mai 1945 er ein merkedag. Denne dagen gjekk første båt i rute Tromsø – Kirkenes – Tromø etter den tyske raseringa av Finnmark og Nord-Troms hausten 1944, og båten var FSF-båten «Nesøy». Det var inga enkel rute. Minefaren var stor og på alle stoppestader var kaiar sterkt øydelagde. Avisnotiser og kunngjeringar viser at «Nesøy» gjekk denne ruta ein gong i veka til slutten av august, før kursen kunne setjast sørover. Pr. 25. september 1945 var «Nesøy» tilbake i heimlege farvatn, i lasterute til Sogn, og då truleg etter ein tur på verkstad. «Nesøy» og to andre båtar var «særs stygt medfarne» då dei vart leverte tilbake til reiarlaget, står det å lesa i Fylkesbaatane si årsmelding for året 1945. 

MF «LÆRDAL»

Jubileumsboka 1858-1958: s. 149: «den tyske vernemakta rekvirerte (…) sume skip (…) «Lærdal» frå 5. juni [1940] (…) fyrst driven av vernemakta sjølv, sidan av vegstellet i Troms fylke.» s. 161: «Då krigen slutta (…) var «Lærdal», som hadde gått i fart på Lyngenfjorden, skadd.»

Ferjesamband over Lyngenfjorden, mellom Lyngseidet og Olderdalen, var særs viktig militært for den tyske okkupasjonsmakta, og det vart no bygt kai med heisbar ferjelem på kvar side. Ferja «Lærdal», ny 1939 og for si tid ei stor og morderne ferje, må ha passa godt i Lyngensambandet.

FSF-ferja «Lærdal» i Nord Norge har fått plass i krigslitteraturen, jamvel med eit foto, nemleg i Kjell-Ragnar Berge si bok Lyngenlinjen Hitlers siste skanse i Norge 1945 Lapplandsarmeens krigsdagbok 1944-45 (1990). I kapitlet Lyngenovergangen, som omtalar tilbaketrekkinga over Lyngenfjorden vinteren 1944/1945, står å lesa at når transportoppdraget var avslutta, ville det vera nok med «to MFP landgangsfartøy og ferjen «Laerdal» ved Lyngenfjorden.» Tyske krigsarkiv er hovudkjelda til Berge si bok.

Etter 8. mai 1945 vart «Lærdal» verande ei tid i Lyngen. I slutten av mai opplyste direktør Røsberg til avisa Sogn og Fjordane at det var sendt mannskap nordover, og 13. juli melde same avisa at «Lærdal» var komen til Bergen søndag 8. juli, «stygt ramponert» og no på verkstad. Det står og noko om tida i Lyngen:

«Lærdal» vart sett inn ferdsla mellom Lyngseidet og statsvegen [riksvegen] Finnmark – Finland. Det norske mannskapet var om bord og hadde dermed høve til å halda båten i forsvarleg ved like. Men så skulle tyskarane leggja Finnmark øyde, og til det ville dei ikkje ha «uvedkomande» vitne. Det norske mannskapet var difor jaga på land.»

Aviser i Nord Norge stadfester og utfyller avisa Sogn og Fjordane. «Lærdal» var på plass i Lyngen i månadsskiftet september/oktober 1940: «En ferje fra Lærdal i Sogn er plassert på strekningen over Lyngen» (Fremover, 02.10.1940). Og av avisa Tromsø, 06.06.1945, går det fram at «Lærdal» var i Lyngen den første tida etter freden, og at «norsk mannskap» var kome frå Bergen. Men ikkje berre det. «Lærdal» skulle «en av de første dagen» setjast inn i ferjerute mellom Lyngseidet og Olderdalen. Ferjekaiane på begge sider var i brukande stand. – Dersom det vart slik, gjekk altså «Lærdal» i rute på Lyngenfjorden eit par veker før turen gjekk sørover. Truleg til vegstellet greidde å skaffa ei anna ferje. Det er «ny» kunnskap.

DS «FANARAAKEN»

Jubileumsboka 1858-1958: s. 156: «[skipet] teke av Trafikkdepartementet til evakueringsfart i Nord-Noreg», s. 157: «kom tilbake julaftan med store skadar. Mannskapet hadde nekta å gå med skipet, og så tok styresmakta folk frå hirdmarinen. Desse var heilt ukunnige, slik at båten kom att med øydelagd maskin.»

Etter alt å døma gjekk «Fanaraaken» nordover kort tid før 15. november 1944. Bergens Tidende hadde 4. november annonse der det vert lyst etter fullt mannskap. Det lukkast openberrt ikkje, ettersom mannskap frå hirdmarinen vart beordra om bord.

DS «GUDVANGEN»

Den femte FSF-båten på fart i Nord-Norge var DS «Gudvangen». I faktaark GUDVANGEN av Jens Christian Egenæs står følgjande: «1940 (…) rekvirert av tyske myndigheter 23. mai (…) 1942: stilt til disposisjon for Kriegsmarinestelle Tromsø som «Schnellverkehrs dampfer» fra 14. februar. Ble benyttet som transportfartøy, hovedsakelig i Troms og Finnmark.» Av bygdeboka Altas historie, band 3, (1998) går det fram at «Gudvangen» pr. februar 1943 blei nytta som «lokalbåt» mellom Alta og Hammerfest, men då berre for tysk trafikk. Egenæs nemner elles at pr. januar 1945 låg «Gudvangen» i Stavanger for reparasjon.

kjelder:

Stensaker, Asbjørn: Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane gjennom 100 år. 1858. desember 1958. 1958


Berge, Kjell-Ragnar: Lyngenlinjen. Hitler siste skanse i Norge 1945. Lapplandsarmeens krigsdagbok 1944-45. 2019.


Nasjonalbiblioteket, Digitalarkivet, fleire aviser: Sogn og Fjordane, Bergens Tidende, Tromsø, Nordlys, Nordlandsposten, Fremover.


Egenæs, Jens Christian: Egenæs: Faktaark GUDVANGEN (I)


Eikeset, Kjell Roger: Dramatiske 10-år 1920 – 1964. Altas historie, bd. 3, s. 254. 1998.

PERMANENT IDENTIFIKATOR