Kulturhistorisk leksikon

Kvinnestemmer.net

Prosjektet “Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane” var eit samarbeid mellom Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Musea i Sogn og Fjordane og kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune fram til 2013. Forfattarar var blant anna Anna Jorunn Avdem frå De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum, Kjerstin Risnes og Marit Anita Skrede frå Fylkesarkivet og Sigrun Espe frå kulturavdelinga. Desse jobba med å velje ut og presentere 26 kvinner – ei frå kvar kommune i fylket. Gruppa fekk god hjelp frå andre tilsette hjå Fylkesarkivet og frå Sunnfjord Museum, Nordfjord Museum, Sogn og Fjordane Kunstmuseum og Kystmuseet. Prosjektet enda i ei vandre- og jubileumsutstilling. Utstillinga var ei markering av hundreårsjubileet for kvinners stemmerett, men var også ein del av at Sogn og Fjordane fylke sitt 250 årsjubileum i 2013. Kvinnene i Sogn og Fjordane har tradisjonelt ikkje gitt så høg lyd frå seg. Men kvinnene har utan tvil sett sine spor, og bana vegen for dei verdiane og den plassen kvinner i dag har, i sine lokalsamfunn og i det store samfunnsbiletet. Utstillinga vart trykt opp i tre eksemplar som vandra rundt i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Det var folkemusea i dei tre regionane som administrerer dei tre eksemplara, Utstillinga var også ein del av Den kulturelle skulesekken. Prosjektet fekk støtte frå Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet og Fritt Ord. Institusjonane har brukt eigne ressursar og fylkeskommunen har i tillegg gitt støtte til servering. Difi i Leikanger har også gitt eit bidrag.