Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 27. april 2020

Sist oppdatert 27. april 2020

Kategori

Kommune

Rå-data

Erna Osland – prisløna forfattar og lærar



Erna Osland (f.1951) kjem frå Høyanger og har skrive om lag 40 bøker sidan debutboka «Natteramnen» kom i 1987. Den tidlegare læraren skriv mest bøker for born og unge, og ho er ikkje redd for å utfordra lesarane sine.

Forfattaren Erna Osland

Forfattaren Erna Osland

Fotograf: Lene Løtvedt

Lærar

Erna vaks opp som dotter av ein skiftarbeidar i industristaden Høyanger. Arbeidarjenta tok utdanning, vart lektor og skreiv hovudfagsoppgåve om barnelitteratur. Ho har undervist både på barne- og ungdomsskule, samt i den vidaregåande skulen. Då Erna debuterte med si fyrste bok i 1987, hadde ho jobba som lærar i ti år. Den tette kontakta med ungdom har vore med å forma Erna som forfattar. Erna skreiv fleire bøker medan ho jobba som lærar, men i 1993 starta ho å skriva på fulltid.

Språk, fag og moro

Som nynorskforfattar har Erna engasjert seg for å skapa ei større breidde i boktilbodet for born og unge. Ho har blant anna fokusert på lettlesne bøker på nynorsk. Andre døme på hennar arbeid er skodespelet Rekneprinsen som turnerte med den Kulturelle skulesekken i 2007, og to seriar for radioteateret innspelt i Førde. I tillegg til barne- og ungdomsbøker har Erna også skrive fleire fagbøker for born. Eit døme på dette er ei bok som formidlar Ivar Aasen sitt prosjekt i teikneserieform.

Ein fornyar

Erna Osland er ein forfattar som ikkje er redd dei store tema. Hennar karakterar set ord på det farlege og vanskelege. Erna har blant anna skrive om sorg, incest, mobbing, steling, vanskeleg kjærleik og om det å sakna ein far. Det er inga lett oppgåve å leggja ord i munnen på born og unge på den måten Erna gjer i bøkene sine, men det er tydleg at ho kjenner sitt publikum godt. Ho må ha bore med seg ei barnlege undring inn i vaksenlivet. Ho formidlar godt ei uvisse som born og unge kjenner på, der sanning og moral ikkje alltid er absolutte storleikar. Som formidlar er ho ikkje påtrengjande og formanande, men inviterer lesarane med seg i undringa og utforskinga av verda.

Prisar og utmerkingar

Sidan debuten har det har ho fått mange prisar og utmerkingar. Erna har blant anna fått Brageprisen, Nynorsk barnelitteraturpris og Kultur- og kyrkedepartementet sin pris for barne- og ungdomslitteratur. Også internasjonalt har Erna utmerka seg.

I 2004 vart Erna, som den fyrste barnebokforfattaren, festspeldiktar under Festspillene i Bergen (2004), og etter dette har ho også vore festspeldiktar under Dei nynorske festspela (2007) og på Falturiltu (2009).

kjelder:

Samlaget, forfattarprofil: Erna Osland


Stokke, Erle (Først publisert: 07.08.2009, sist oppdatert: 04.02.2013) Alkunne: Erna Osland


Store Norske Leksikon: Erna Osland


Wikipedia: Erna Osland


Nettsida til Erna Osland

PERMANENT IDENTIFIKATOR